Publisert 13.04.2023

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid Sotrasambandet Rv 555 Statens vegvesen

Statens vegvesen fekk 12. april 2023 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeider knytt til Rv 555 Sotrasambandet. Løyvet gjeld tiltak i Storatatnet og Stiavatnet i Bergen kommune.


Publisert 11.04.2023

Fana Stein og Gjenvinning AS (FSG) søkjer om endring av løyve og etablering av jordvaskeanlegg

FSG i Rådalen i Bergen søkjer om endring av eksisterande løyve og etablering av jordvaskeanlegg for vasking av forureina massar


Publisert 05.04.2023

Fangst av laks og sjøaure i 2022

I sesongen 2022 vart det fiska totalt 35 701 kg laks og 5 138 kg sjøaure, i elv og sjø i Vestland. Av dette var 2 782 kg laksefisk tatt i sjølaksefisket.


Publisert 31.03.2023

Søknad om utsleppsløyve for Sysendalen tettbygde område

Eidfjord kommune søkjer om nytt løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Sysendalen tettbygde område.


Publisert 27.03.2023

Statsforvaltaren avgrensar organisert ferdsel på Hardangervidda

Hardangervidda er eit ynda og populært turmål for mange, og det skal ho framleis vere. Av omsyn til villreinen er det trong for å avgrense og styre ferdsla i enkelte deler av vidda.


Publisert 24.03.2023

Tiltak i vassdrag kan vere søknadspliktig

Vassdragstiltak kan vere søknadspliktige etter vassressurslova, og forskrift om fysiske tiltak i vassdrag. Statsforvaltaren og fylkeskommunen har laga eit søknadsskjema du kan nytte når du søkjer om å utføre tiltak i vassdrag.


Publisert 23.03.2023

Statsforvaltaren krev opprydding av tomt med PFOS

Statsforvaltaren har pålagt Sunnfjord kommune og grunneigar av PFOS-forureina tomt i Sande sentrum å få utarbeidd ein tiltaksplan som grunnlag for opprydding i forureina grunn.


Publisert 22.03.2023

Webinar "Dialog SKOG" - Skogen på Vestlandet i 2090

Eit endra klima vil påverke skogane også i Nord-Europa, og vi må akseptere dette og tilpasse det skogfaglege tenkjesettet vårt.


Publisert 21.03.2023

Kunngjering av løyve til Feios Kraftverk AS

Feios Kraftverk AS i Vik kommune fekk 20. mars 2023 løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunnelvatn til Åfetelvi og Sognefjorden. 


Publisert 20.03.2023, Sist endret 20.03.2023

Ser vi ikkje skogen for berre tre?

Skogen husar over halvparten av alle artar i Noreg. Han utfører vitale tenester for oss menneske og er heilt avgjerande i kampen mot klimaendringane. Skogen står også lageleg til for hogg. 


Publisert 20.03.2023, Sist endret 23.03.2023

Sogndal kommune vert pålagt å gjere tiltak ved Kvernhushaugen

Kommunen har fått pålegg om å utarbeide ein tiltaksplan mot grunnforureining på og ved Kvernhushaugen avfallsplass.


Publisert 17.03.2023

Kunngjering av løyve til asfaltverk i Knarrevik

Peab Asfalt Norge AS avd. Bergen har fått løyve til drift av asfaltverk på Sotra/Knarrevik etter forureiningslova.


Publisert 16.03.2023

Kunngjering om endra løyve til oppryddingstiltak Store Lungegårdsvann Bergen kommune

Bergen kommune fekk 16. mars 2023 endra løyve etter forureiningslova til oppryddingstiltak i Store Lungegårdsvann. 


Publisert 14.03.2023

Velde Produksjon AS avdeling Bergen søkjer om løyve etter forureiningslova

Velde Produksjon AS avdeling Bergen søkjer om løyve til å produsere asfalt og behandle returasfalt på Eide i Øygarden kommune.


Publisert 10.03.2023

#Klimaomstilling2023

Korleis kan vi som samfunn få opp tempoet i klimaarbeidet? Den nasjonale konferansen #Klimaomstilling i Sogndal set i år søkelys på dei vanskelege vala samfunnet står overfor i klimaarbeidet.


Publisert 10.03.2023

Bli besøkssenter på vestsida av Jotunheimen?

Eit besøkssenter for nasjonalpark skal spreie kunnskap og skape merksemd om natur, verneområde og friluftsliv. Fram til 12. april 2023 kan kandidatar søkje Miljødirektoratet om autorisasjon for å bli besøkssenter på Jotunheimens vestside. 


Publisert 09.03.2023

Folkemøte i Luster om ei mogeleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark

Torsdag 23. mars inviterer vi til ope folkemøte i Luster om ei mogeleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark. Velkomen!


Publisert 07.03.2023

Den viktige kantvegetasjonen langs vassdraga våre

Kantvegetasjonen langs vassdrag er av stor verdi, og har mange viktige funksjonar for både natur og folk. Det er difor ikkje lov å fjerne kantvegetasjon utan løyve frå Statsforvaltaren. 


Publisert 22.02.2023

Overvaking av miljøtilhøva i kystvatn

Toler kysten utsleppa våre? I dag har vi fire overvakingsprogram gåande i Vestland fylke. Det er i Hardangerfjorden, Fensfjorden og i sjøområda rundt Florø og Måløy.


Publisert 20.02.2023

Har du kunnskap om artsmangfald i sjø?

Vi ønskjer å vite meir om kva som finst under overflata langs fjord og kyst i fylket vårt. Fjordfolk lokalt veit ofte meir enn det som er registrert. Dersom du kjenner til artar eller naturtypar i sjøen, vil vi gjerne høyre ifrå deg!


Publisert 17.02.2023, Sist endret 17.02.2023

Handtering av brøytesnø

Snø som blir liggande på vegar kan innehalde partiklar, mikroplast, sand, grus, avfall, tungmetall og andre miljøgifter. Deponering og dumping av slik snø kan føre til forureining og kan derfor krevje løyve frå Statsforvaltaren.


Publisert 10.02.2023

Søknad om løyve til mudring og utfylling i Storavatnet og Stovevatnet i Øygarden kommune

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til mudring og utfylling i Storavatnet og Stovevatnet i samband med Rv. 555, Sotrasambandet i Øygarden kommune. 


Publisert 03.02.2023

Vi tilrår frivillig vern av skog på Osøyra i Kinn

Vi tilrår vern av Osøyra som naturreservat, eit stort område rikt på regnskogskvalitetar i Kinn kommune. Med status som naturreservat vil naturverdiane i disse områda bli godt varetekne for framtida. 


Publisert 02.02.2023

Drifta av deponia kan bli betre

Statsforvaltaren har hausten 2022 gjennomført tilsyn på 7 av avfallsdeponia i Vestland fylke. Tilsyna er ei oppfølging av kontroll på dei same deponia i 2021.


Publisert 01.02.2023

Korleis påverkar vassforskrifta kvardagen vår?

Det skal i hovudsak ikkje gjennomførast tiltak som kan forringe tilstanden i ein vassførekomst.


Publisert 01.02.2023

Høgt svinn av verdifulle våtmarker

Våtmark er viktig for flora, fauna og som karbonlager. I tillegg gjev våtmarkene oss reint vatn, dempar flaumar og gjev grunnlag for rekreasjon. For Vestland har det vore ei betydeleg negativ utvikling i både areal og økologisk tilstand for våtmark.


Publisert 31.01.2023

Det blir ikkje opna for kvotefri gaupejakt i Vestland i 2023

Bakgrunnen er lite skadeomfang dei seinare åra, og at gaupebestanden på landsbasis er under bestandsmålet for arten.


Publisert 30.01.2023

Kunngjering av løyve til varmebehandling av jord i Simonsviken

Envir AS i Simonsviken i Bergen kommune har fått løyve etter forureiningslova til varmebehandling av jord med framande artar 26. januar 2023.


Publisert 27.01.2023

Forureining frå betongproduksjon er no regulert i forureiningsforskrifta

Formålet med å regulere betongproduksjon gjennom forskrift er å stanse ulovlege utslepp, stille likelydande miljøkrav til bransjen, etablere ein meir einskapleg praksis og sikre likare konkurransevilkår mellom verksemdene.


Publisert 25.01.2023

Meldeskjema for produksjon av fabrikkbetong, betongvarer og betongelement

Ved etablering eller endring av anlegg for betongproduksjon skal ein i god tid før oppstart eller endring sende melding til Statsforvaltaren.


Publisert 25.01.2023

Atracco Tromsø AS søkjer om løyve etter forureiningslova

Atracco Tromsø AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å etablere eit behandlingsanlegg for kasserte køyretøy på Ågotnes i Øygarden kommune.

 


Publisert 20.01.2023

27 av 32 brannøvingsplassar har brot på miljøregelverket i landsdekkande tilsynsaksjon

Hovuddelen av brota var manglar i miljørisikovurderingar, substitusjonsvurderingar og rutiner. 


Publisert 20.01.2023

Kunngjering av løyve for vaskeanlegg for tankbilar

Kjellmi AS fekk 9. desember 2022 løyve etter forureiningslova til utslepp frå vaskehall for tankbilar i Strandebarm i Kvam herad.


Publisert 20.01.2023

Kunngjering av løyve for tørking av avløpsslam til Hellenes AS

Hellenes AS fekk 28. november 2022 mellombels løyve etter forureiningslova for tørking av avløpsslam ved Øyrane i Førde i Sunnfjord kommune.


Publisert 17.01.2023

Her kan du finne alt frå naturmangfaldveka i Vestland 2023

Her kan du finne alt frå naturmangfaldsveka i Vestland 2023. Om lag 300 personar var påmeldt webinarrekkja, og vi takkar alle bidragsytarar for godt samarbeid! 


Publisert 17.01.2023

Nydyrking nær elver og bekkar

Nydyrking er ulovleg nær elver og bekkar. Dyrking som i spesielle tilfelle gir behov for tiltak nær vassdrag, krev løyve etter vassressurslova og forskrift om fysiske tiltak i vassdrag.


Publisert 16.01.2023

Kunngjering av løyve til utslepp frå vassbehandlingsanlegg i Kinn kommune

Kinn kommune fekk 20. desember 2022 utsleppsløyve for utslepp frå Eikefjord vassbehandlingsanlegg.


Publisert 13.01.2023

Peab Asfalt Norge AS søkjer om løyve etter forureiningslova

Asfaltverket i Sotra/Knarrevik i Øygarden kommune skal regulerast etter særskilt løyve etter forureiningslova. Verksemda har søkt om løyve for drift av asfaltfabrikk og mottak av returasfalt.


Publisert 06.01.2023

Folkemøte i Årdal om ei mogeleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark

Den 18. januar inviterer vi til ope folkemøte i Årdal om ei mogeleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark. Velkomen!


Publisert 21.12.2022

Naturmangfaldsveka 2023

Vi inviterar kommunane i Vestland til digitalt webinar om naturmangfald og praktisk forvaltning.


Publisert 20.12.2022

Voll Lunde Maskin AS søkjer om løyve til å lagre og behandle betong og returasfalt på Mo i Lærdal

Voll Lunde Maskin AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å lagre og behandle betong og returasfalt på Mo i Lærdal.


Publisert 19.12.2022

EV Services søkjer om løyve til å etablere anlegg for kasserte kjøretøy i Bergen

EV Services AS avd Bergen søkjer om løyve etter forureiningslova til å etablere eit behandlingsanlegg for kasserte køyretøy ved Flesland i Bergen kommune. Anlegget er planlagt etablert i Lønningsvegen 12.


Publisert 19.12.2022

Bergen Bildemontering søkjer om løyve til å etablere anlegg for kasserte kjøretøy på Ågotnes

Bergen Bildemontering AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å etablere eit behandlingsanlegg for kasserte køyretøy på Ågotnes i Øygarden kommune. Anlegget er planlagt etablert i Bleivassvegen 80.


Publisert 16.12.2022

Sju nye skogområde verna i Vestland

Den 16. desember 2022 vart sju skogområde i Vestland verna av Kongen i statsråd. Totalt utgjer nytt verneareal om lag 10 300 dekar, og sikrar eit mangfald av artar og viktige naturtypar i skog som vi har eit særleg ansvar for å ta vare på.


Publisert 16.12.2022

Opptak og presentasjonar frå Klimasamling for kommunane i Vestland

I november og desember vart det arrangert klimasamling for kommunane i Vestland for å styrke arbeidet med utsleppskutt. Opptak og presentasjonar frå samlinga ligg no ute. 


Publisert 16.12.2022

Høyring av frivillig skogvern for Vestreim i Sogndal kommune

Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke sender vi ut framlegg til frivillig skogvern av Vestreim i Sogndal kommune. Du er velkommen til å sende innspel i høyringsfasen innan 19. februar 2023.


Publisert 15.12.2022

Presentasjonar frå Forureiningsveka 2022

Forureiningsveka 2022 er over, og vi håpar deltakarane fekk mykje nyttig informasjon om dei ulike temaa som vart presentert. Her finn de presentasjonar frå dei ulike fagtemaa.  


Publisert 15.12.2022

Høyring av forvaltningsplanar for Breisete og Rodeholene naturreservat

Det er behov for ein forvaltningsplan, ein for kvart av desse to naturreservata. No er det høyring av framlegga til forvaltningsplanar.


Publisert 08.12.2022

Vi startar arbeidet med marint vern av Sognefjorden

Vi melder med dette oppstart av verneprosess for kandidatområdet Sognefjorden, verdas djupaste og Noregs lengste fjord. Du er velkomen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan fristen 15. mars. 


Publisert 08.12.2022

Kunngjering om endra løyve til Tenden Miljø AS

Tenden Miljø AS har 5. desember fått endra løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegget i Stryn næringspark. 


Publisert 05.12.2022

No har lisensjakta på ulv starta

Lisensjakta varer frå 1. desember 2022 til og med 31. mai 2023. 


Publisert 02.12.2022

Folkemøte om marint vern i Dalsfjorden

Den 11. januar inviterer Statsforvaltaren og Sunnfjord kommune til ope folkemøte i Bygstad om marint vern i Dalsfjorden. Velkomen!


Publisert 02.12.2022

SUM søker om løyve til å kompostere hage- og parkavfall

Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) har løyve etter forureiningslova til drift av deponi og avfallsanlegg på hovudanlegget på Einestølen i Sunnfjord kommune. No søker verksemda om løyve til å kompostere 10 000 tonn hage- og parkavfall på denne lokaliteten.  


Publisert 30.11.2022

Innleiande dialog om mogeleg utviding av Jotunheimen

Her kan du finne referat og presentasjonar frå den innleiande informasjonsfasen i arbeidet med å greie ut ei mogeleg utviding av Jotunheimen. 


Publisert 25.11.2022

Kunngjering om endra løyve til Norsk Gjenvinning AS avd. Førde

Norsk Gjenvinning AS avd. Førde har 24. november 2022 fått endra løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg på Øyrane.


Publisert 23.11.2022

Hardanger Sand AS søkjer om løyve etter forureiningslova

Hardanger Sand AS søkjer om utsleppsløyve etter forureiningslova for å behandle avfall i Simadal næringspark, gbnr. 28/9, i Eidfjord kommune.


Publisert 16.11.2022

Ingen ulovleg bruk av PFAS-haldig skum ved undersøkte brannøvingsfelt i Vestland

Statsforvaltaren gjennomførte i haust tilsyn ved ulike brannøvingsplassar, som del av ein landsdekkande aksjon. Føremålet var å kontrollere om brannøvingsplassane overheld relevant regelverk og at det ikkje går føre seg ulovleg utslepp av perfluorerte stoff.


Publisert 09.11.2022

Kunngjering om løyve etter forureiningslova til Westland Waste AS

Westland Waste AS har 8. november fått løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg i Sløvåg. 


Publisert 09.11.2022

Kunngjering om endra løyve til Heiane omlasteanlegg i Stord

Sunnhordland interkommunale miljøverk (SIM IKS) har 9. november 2022 fått endra løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg.


Publisert 09.11.2022, Oppdatert 06.12.2022

Digital forureiningsveke for kommunane i Vestland

Programmet til Forureiningsveka 2022 er klart! Velkommen til webinarserien for kommunen som forureinar og myndigheit. 


Publisert 08.11.2022

Pelagia Hordafôr søkjer om endra utsleppsløyve

Pelagia Hordafôr søkjer om å få auke ramma for mottak av fiskeensilasje 


Publisert 03.11.2022

Søknad om løyve til mudring og utfylling i Storavatnet og Stiavatnet i samband med ny Rv. 555 - Sotrasambandet

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til mudring og utfylling i Storavatnet og Stiavatnet i samband med Rv. 555, Sotrasambandet i Bergen kommune. 


Publisert 02.11.2022

Kunngjering av løyve etter forureiningslova til akvakulturanlegg i Stad kommune

Statt Torsk AS har 28. oktober 2022 fått løyve etter forureiningslova til å etablere oppdrettsanlegg for produksjon av torsk på lokaliteten Apalset.


Publisert 21.10.2022

Slakteriet AS søkjer om løyve til ny fiskeforedlingsverksemd på Botnastranda

Verksemda søkjer om løyve etter forureiningslova til nytt produksjonsanlegg for slakting, filetering og frysing av oppdrettsfisk på Botnastranda i Kinn kommune. 


Publisert 21.10.2022

Kartlegging av naturmangfald i grunne område i Sognefjorden

Utvalde grunne område i indre del av Sognefjorden blir kartlagt for viktig marint naturmangfald i haust. Kartlegginga er ledd i arbeidet med marint vern. 


Publisert 18.10.2022

Søknad om erstatning for rovviltskade

No kan du sende inn søknad om erstatning for rovviltskade på sau for beitesesongen 2022. Frist for søknad er 1. november.


Publisert 18.10.2022

Korleis sikre godt nok kunnskapsgrunnlag i akvakultursaker?

I akvakultursaker må vi ha meir kunnskap om artar og naturtypar. Vi har laga ei oppskrift på korleis ein kartlegg marint naturmangfald i samband med søknader om etablering eller endring av anlegg.


Publisert 13.10.2022

Envir AS søkjer om løyve til varmebehandling av jord

Envir AS har tidsavgrensa løyve til varmebehandling av jord med framande skadelege artar som går ut 31. desember 2022. Verksemda søkjer no om permanent løyve til aktiviteten i Simonsviken næringspark på Laksevåg i Bergen kommune. Varmebehandling av jord er noko anna enn jordvaskeanlegg som verksemda har søkt om tidlegare i år. 


Publisert 12.10.2022

Overvaking syner at miljøgifta DDT ligg lenge i naturmiljøet

Ein ny rapport utarbeida av Havforskingsinstituttet viser framleis relativt høge konsentrasjonar av DDT i blåskjel i Sørfjorden, men det er ikkje fare for mattryggleiken. 


Publisert 11.10.2022

Søknad om mellombels utsleppsløyve for tørking av avløpsslam

Hellenes AS søkjer om løyve etter forureiningslova for tørking av avløpsslam ved Øyrane i Førde, Sunnfjord kommune.


Publisert 07.10.2022

Kunngjering av løyve til forureining frå slakting av oppdrettsfisk i Bømlo kommune

Hardanger Fiskeforedling AS får løyve etter forureiningslova til eit oppgradert slakteri for laks og aure i Langevågen Fiskerihamn. 


Publisert 07.10.2022

Kunngjering om løyve til mudring i Kinn kommune

Kystverket fekk 6. oktober 2022 løyve etter forureiningslova til mudring i innseglinga til Florø i Kinn kommune.


Publisert 06.10.2022

Kunngjering om utvida løyve til avfallsanlegg på Mongstad

RGS Nordic AS har 5. oktober 2022 fått utvida løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg på Mongstad.


Publisert 30.09.2022

Vi tilrår vern av Stad som marint verneområde

Stad har store naturverdiar det er viktig å ta vare på for framtidige generasjonar, og det har vore eit unikt lokalt engasjement for å auke omfanget av vernet. Vi tilrår at kystområdet rundt Stad får status som marint verneområde. 


Publisert 28.09.2022

Statens vegvesen søkjer om løyve til utslepp frå Kolltveittunnelen

Denne høyringa omfattar søknad om løyve etter forureiningslova til utslepp frå driving av tunnelar og dagsone i samband med ny fylkesveg 555 i Sotrasambandet. Utsleppet kjem frå driving av Kolltveittunnelen og utslepp frå dagsonene A1 Kolltveit og A3 Bildøyna i Øygarden kommune. 

 


Publisert 26.09.2022

Landsdekkande tilsynsaksjon med kommunen som miljømynde

Statsforvaltaren skal gjennomføre ein landsomfattande tilsynsaksjon med kommunen som miljømynde for avløp etter forureiningsforskrifta kapittel 12.


Publisert 22.09.2022

Klimasamling for kommunane i Vestland - Bergen

Alle kommunane i Vestland er invitert til samling i november/desember 2022 for å styrke arbeidet med utsleppskutt.


Publisert 22.09.2022

Klimasamling for kommunane i Vestland - Førde

Alle kommunane i Vestland er invitert til samling i november/desember 2022 for å styrke arbeidet med utsleppskutt.


Publisert 14.09.2022

Søknad om utfylling i sjø i Simonsviken på Laksevåg

Simonsviken Næringspark AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling av ca. 40 000 m³ i sjø for å auke areala ved industriområde i Simonsviken i Bergen kommune


Publisert 13.09.2022

Tilsynsaksjon for å hindre utslepp av mikroplast frå kunstgrasbaner

Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn med ti kommunar. Målet var å sjå korleis dei formar og driftar kunstgrasbaner, for å hindre utslepp av plastgranulat. Åtte av ti kommunar bryt forskrifta. 


Publisert 09.09.2022

Verdig prisvinnar restaurerer kystlynghei

Tormod Magnesen vann første Klima- og miljøpris i Vestland for eit stort og viktig arbeid med restaurering av kystlynghei i Øygarden.


Publisert 07.09.2022

Vern av viktig natur er verdifullt for Vestland

Kva har flamingo og fjellgorilla til felles med fossegrimemose og fjellvalmue? Dei er alle truga artar grunna endring av leveområde. Vern er den tryggaste måten å sikre natur på. Her er siste nytt frå vernefronten!


Publisert 06.09.2022

Statens vegvesen søkjer om løyve til utslepp frå driving av Drotningsviktunnelen

Denne høyringa omfattar søknad om løyve etter forureiningslova til utslepp frå driving av tunellar i samband med ny fylkesveg 555 i Sotrasambandet. Utsleppet kjem frå driving av Drotningsviktunnelen i Bergen kommune, og to tilkomsttunnelar.


Publisert 05.09.2022

Søknad om utsleppsløyve for vaskehall for tankbilar i Kvam herad

Kjellmi AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa vaskevatn til Hissingfjorden.


Publisert 01.09.2022

Miljøavdelinga 40 år

I dag, 1. september, er det 40 år sidan miljøvernavdelingane i fylkesmannsembeta vart oppretta.


Publisert 31.08.2022

Søknad om løyve etter forureiningslova - Atracco Tromsø AS

Atracco Tromsø AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å etablere eit behandlingsanlegg for kasserte køyretøy på Ågotnes i Øygarden kommune.


Publisert 30.08.2022

Envir AS søker om etablering av jordvaskeanlegg og auka mottak av forureina massar

Envir AS i Simonsviken, Sjøkrigsskoleveien 15, i Bergen kommune søker om etablering av jordvaskeanlegg for vasking av forureina massar. I tillegg er det søkt om auke av årleg mottaksmengd av forureina massar frå 50 000 tonn til 150 000 tonn.


Publisert 30.08.2022

Søknad om endring av løyve etter forureiningslova - Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS søkjer om endring av utsleppsløyve etter forureiningslova for Heiane Miljøsentral i Stord kommune.


Publisert 26.08.2022

Landsdekkande tilsynsaksjon med brannøvingsplassar

Statsforvaltaren gjennomfører tilsynsaksjonen på oppdrag frå Miljødirektoratet. Føremålet er å kontrollere at brannøvingsplassane overheld relevant regelverk og at det ikkje foregår ulovleg utslepp av perfluorerte stoff.  


Publisert 24.08.2022

Nordic Rutile søkjer om løyve etter forureiningslova for utfylling i sjø for landvinning - Engebø i Sunnfjord kommune

Nordic Rutile AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling av ca. 30 000 m³ sprengstein i sjø, over eit areal på ca. 6 000m2 ved gnr/bnr. 431/3, 431/6, og 431/10 i Sunnfjord kommune.


Publisert 18.08.2022

Tidlegare oppstart av lisensfelling av jerv

Oppstart av lisensfellingsperioden for jerv framskundast frå 10. september til 20. august. Endringa trer i kraft frå og med 20. august 2022. Dette er ei oppfølging av Hurdalsplattformen og regjeringa sine føringar. 


Publisert 15.07.2022

Vrakpant på kasserte fritidsbåtar

Du kan få utbetalt 1000 kroner i vrakpant når du leverer din kasserte fritidsbåt til eit lovleg avfallsmottak.


Publisert 06.07.2022

Bergen kommune søkjer om løyve til mudring under gamle Nygårdsbru i Bergen

Bergen kommune søkjer om å mudre ca. 300 m³ forureina massar under gamle Nygårdsbru i Bergen kommune. Mudringa vil auke vassutskiftinga og hindre at den nye sjøbotnen i Store Lungegårdsvatnet blir kontaminert.


Publisert 05.07.2022

Søknad om utsleppsløyve for Eikefjord vassverk i Kinn kommune

Kinn kommune skal etablere nytt vassbehandlingsanlegg, og søkjer om løyve etter forureingslova for utslepp frå Eikefjord vassverk til Hamnaelva. Prosessvatn frå årleg hovudvask skal samlast opp i containerar og leverast til godkjent mottak. 


Publisert 30.06.2022

Høyring av frivillig skogvern for Osøyra i Kinn

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi forslag om vern av Osøyra naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 1. september 2022.


Publisert 30.06.2022

Kunngjering om løyve til sanering

Bergen kommune har 30. juni 2022 fått løyve etter forureiningslova til sanering av Slettebakken deponi. 


Publisert 29.06.2022

Klimaprofitørar og klimaflyktningar

Klimaendringar vil påverke kva artar som finst i naturen rundt oss i framtida, og det ser ut til at endringar allereie er på gang. Nokre artar tener på eit endra klima, mens andre får problem. Endringane kan bli store.


Publisert 29.06.2022

Kunngjering - Vik kommune har fått løyve etter forureiningslova til kompostering på Hesjaslettet

Vik kommune har 27. juni 2022 fått løyve etter forureiningslova til kompostering av park- og hageavfall på Hesjaslettet. 


Publisert 29.06.2022

Kartlegging av fuktskog i Vestland 2022

I sommar og haust vil biologar kartlegge fuktskog i Vestland. Registreringane skal betre kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av det biologiske mangfoldet i denne skogtypen. 


Publisert 28.06.2022

Kunngjering - Endra løyve etter forureiningslova for Schlumberger Norge AS avd. lager Florø

Schlumberger Norge AS avd. lager Florø har 24. juni 2022 fått endra løyve etter forureiningslova. Løyvet med vilkår er oppdatert i samsvar med dagens kravsetting og i samsvar med BAT-konklusjonar for avfallsanlegg.