Første rapport frå det treårige overvakingsprogrammet i Fensfjorden er klar

Bildet viser blå fjord og område på land med industri.
Første rapport frå det tre-årige overvakingsprogrammet for Fensfjorden er klar. Foto: Tom N. Pedersen / Statsforvaltaren i Vestland.

Dette er eit større spleiselag i regi av Statsforvaltaren der verksemder med relevant utslepp til fjordsystemet er med på finansieringa. Første del av overvakingsprogrammet starta i juni 2022. 

Publisert 22.08.2023

Overvakingsprogrammet dekker Fensfjordområdet i Nordhordland

Overvakingsprogrammet dekker Fensfjordområdet i Nordhordland, frå og med Austfjorden i indre delar av fjordsystemet, Fensfjorden, sidefjordane Masfjorden, Brandangersundet, Ånnelandssundet, Røytingsosen og Børilsosen. I tillegg er det blitt gjort undersøkingar i Lurefjorden (Figur 1). Området består av ni ulike vassførekomstar.

Kva undersøker ein i overvakingsprogrammet? 

Programmet består av ei treårig undersøking av næringssalt og klorofyll i øvre del av vassøyla, samt siktedjup, oksygenmålingar og prøvetaking av botnfauna og miljøgifter i sediment på fire stasjonar i Austfjorden, Fensfjorden og Lurefjorden (Figur 1).

Det skal takast prøver i vassøyla i tre år

Årsaka til at det skal takast prøver i vassøyla i tre år er fordi desse parametrane varierer betydeleg mellom år og har høg naturleg variasjon. Fleire år med målingar vil difor kunne leggje grunnlag for sikrare vurderingar av resultata.

Sedimentprøver vert berre teke ein gong

Prøver i sediment (botnfauna og miljøgifter) blir berre gjort ein gong og blei ferdig i 2022. I tillegg til stasjonane i hovudfjorden blei det tatt prøver for å måle miljøgifter i sediment på ytterlegare 6 lokalitetar kor kunnskapsgrunnlaget ikkje var godt nok frå før (Figur 1).

Kart som viser Fensfjorden med sidearmar.
Figur 1: Stasjonar og kva undersøkingar som er eller skal gjerast i løpet av det 3-årige overvakingsprogrammet. Alle sedimentprøvetakingar er gjort i 2022 og presentert i denne rapporten saman med 6 månadar med vassprøvetaking. Sedimentprøvetaking inkluderer botndyr og miljøgifter.

Talmateriale frå dei siste seks månadane av 2022

Denne første rapporten presenterer data frå vassovervaking dei siste 6 månadane av 2022, saman med resultata frå botnfauna- og miljøgiftgranskingar i sediment.

Vassprøvetaking i tre år på stasjonane i Austfjorden, Fensfjorden og Lurefjorden

Det er berre dei fire stasjonane i Austfjorden, Fensfjorden og Lurefjorden som blir med vidare med vassprøvetaking fram til juni 2025. Her vil det komme ein rapport på nyåret i 2024 og ein samlerapport etter avslutta program sommaren 2025.

Overvaking etter vassforskrifta

Undersøkinga tek utgangspunkt i føringar sett i vassdirektivet. De kan lese meir om kva overvaking etter vassforskrifta er her.

Finn vi teikn til eutrofiering i Fensfjorden?

Eit av hovudmåla med overvakingsprogrammet i Fensfjordsystemet er om vi kan finne nokon teikn på «eutrofiering». Det vil sei om auka tilførsel av næringsstoff fører til at fjordane blir overgjødsla eller om vatnet sirkulerer og omsetter næringstilførselen frå land og oppdrett i sjø på ein god og berekraftig måte.

Det vert målt på næringssalt, korofyll a, siktedjup og teke hydrografimålingar

For å få ei oversikt over dette målast det blant anna på næringssalt i dei øvre vasslaga (ned til 10 m) og på planteplanktonet klorofyll a. I tillegg blir siktedjup undersøkt og hydrografimålingar tatt.

Auka tilførsel av næringssalt kan føre til algeoppblomstring

Planteplankton responderar hurtig på endringar i vekstforhold. Auka tilførsel av næringssalt kan  føre til ei auking av algar i vassmassane. Ved stor tilførsel av næringssalt kan ein observere algeoppblomstringar utover dei naturlege blomstringsperiodane. Konsentrasjonen av klorofyll a over sesongen vil kunne gje oss ein peikepinn på om eutrofiering er eit problem, eller om fjorden «toler» utsleppa bra og at utsleppa blir omsett i næringskjedane.

Samanheng mellom blautbotnfauna og tilførsel av næringsstoff

Ein annan viktig måte å undersøke korleis fjorden handterer tilførsel av næringsstoff i form av organisk materiale er undersøking av blautbotnfauna. Det vil sei å undersøke samansetninga og tal på dyra som lever i sediment på botn. Desse dyra er relativt stasjonære og artssamansetninga kan i stor grad reflektere miljøforholda.

Person med fargerike regnklede med kvit hjelm undersøker grabbprøve.
Her er ein konsulent i gang med å hente opp sedimentprøve frå sjøbotnen med grabb. Konsulenten tek kjemiske målingar i sedimentprøva før vidare behandling. Ei slik grabbprøve kan bli brukt til å undersøke organisk belastning på botnen ved å sjå på artssamansetnaden av dyr i prøva, eller det kan hende dei skal ta ei prøve for å sende til laboratoriet for kjemisk analyse der miljøgifter blir identifisert og målt. Foto: Rådgivende Biologer Foto: Rådgivende Biologer / Rådgivende Biologer.

Det vert teke oksygenmålingar i djupet

Hydrografimålingar omfattar mellom anna oksygenmålingar i djupet. Topografiske variasjonar av fjordbotn på vestlandet har stor påverknad på oksygentilhøva ved botn. Det er viktig å kartlegge kor høgt opp eit eventuelt oksygensvinn går ved prøvetaking nedover i djupet til maksimalt djup.

Vassutskifting skjer sjeldnare i teskelfjordar

Terskelfjordar er spesielt utsett for nedgang i oksygenkonsentrasjon pga at vassutskiftinga på botn skjer sjeldnare enn i fjordar utan tersklar. Fensfjorden er ikkje ein terskelfjord.

Desse første undersøkingane kan gje oss ein indikasjon 

Undersøkingane i vassøyla skal gå seg føre i tre år for å kunne tolke resultatet med meir sikkerheit, men desse første 6 månadane kan gi oss ein indikasjon på korleis det står til i fjordsystemet som blir undersøkt.

Person med kvit hjelm og flytevest ombord i båt.
Mette Eilertsen frå Rådgivende Biologer AS tek her opp ei grabbprøve. Foto: Rådgivende Biologer AS / Rådgivende Biologer AS.

Det er analysert på miljøgifter i sedimentprøver

Miljøgifter blir etter vassforskrifta inndelt i to kategoriar: «prioriterte stoff» som bestemmer den kjemiske tilstanden i ein vassførekomst, og «vassregionspesifikke stoff» som inngår i vurderinga av den økologiske tilstanden i ein vassførekomst. Lista over dei prioriterte stoffa er bestemt av EU og inneheld stoff som kan ha ei betydning for vassmiljøet og som sjåast som problematiske. Mange av desse kan vere langtransporterte stoff. Dei vassregionspesifikke stoffa er bestemt av Miljødirektoratet. Dette er stoff som er problematiske for Norge og som blir sleppt ut i betydelege mengder med påverknad på vassmiljøet. I dette overvakingsprogrammet har miljøgifter blitt analysert for i sedimentprøvetakinga.

Kort om resultata av undersøkinga

Næringssalt:

Vassovervakingsprogrammet viste at det var låge konsentrasjonar av næringssalta total-fosfor, fosfat, total-nitrogen og nitrat/nitritt, med gjennomsnittskonsentrasjonar i for det meste "svært god" tilstand for dei fire undersøkte stasjonane i Austfjorden, Fensfjorden og Lurefjorden.

Den einaste parameteren av næringssalt som viste noko større variasjon var ammonium. Sidan ingen andre næringssaltparametrar viste auka konsentrasjonar, så trengs det målingar over lengre tid for å kunne sei noko om det er eit problem eller om kva som kan vere årsak.

Klorofyll:

Undersøkingane viste at det var lågt innhald av klorofyll på alle stasjonane, med alle gjennomsnittskonsentrasjonar i "svært god" tilstand ved alle prøvetidspunkt på alle fire stasjonar.

Hydrografi:

Det blei tatt hydrografiprofilar til botn på alle stasjonar i august og desember. Generelt var oksygenkonsentrasjonane lågare i desember enn i august. Oksygenkonsentrasjonen i botnvatnet i desember låg i "svært god" tilstand i Austfjorden og dei to stasjonane i Fensfjorden. I Lurefjorden låg oksygenkonsentrasjonen i "god" tilstand.

Blautbotnsfauna:

Resultata viser at blautbotnfaunaen midt i fjordsystemet ikkje ser ut til å vere negativt påverka av omkringliggjande industri eller oppdrettsverksemd.

Sedimentet på alle stasjonane bestod nesten berre av finstoff, det var høgt innhald av organisk materiale på stasjon Austfj., medan stasjonane Fensfj.M og Fensfj.Y i midtre og ytre Fensfjorden hadde høvesvis moderat og lågt innhald av organisk materiale.

Miljøgifter:

Innhaldet av tungmetall var generelt lågt på alle stasjonane med konsentrasjonar i "bakgrunn" eller "god" tilstand. Unntaket var arsen på "Austfj." som låg i "moderat" tilstand. Totalinnhaldet av PAH16 låg i "god" tilstand på alle stasjonane, men på alle stasjonane var det enkelte PAH-sambindingar med konsentrasjonar i "moderat" eller "dårlig" tilstand. Innhaldet av ∑PCB7 og TBT låg i "god" tilstand. Stasjon Austfj. blei undersøkt for miljøgifter relatert til oppdrettsverksemd og det vart funne konsentrasjonar av furaner i "dårlig" tilstand, det blei ikkje funne pesticider på stasjonen.

Alle stasjonane hadde PFOS i "moderat" tilstand. Dei andre miljøgiftene i den utvida undersøkinga vart funne i låge konsentrasjonar, eller ikkje funne. Alle stasjonane hadde konsentrasjonar av prioriterte stoff som låg over grenseverdien, og i Austfjorden låg konsentrasjonen av arsen over grenseverdien for vassregionspesifikke stoff.

For meir detaljerte opplysningar frå undersøkinga så langt oppfordrar vi til å lese rapporten.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Vassførekomst

Vassførekomstane utgjer forvaltningseiningane som skal forvaltast i samsvar med bestemmingane gitt i vassforskrifta. Alt overflatevatn (som elver, innsjøar og kystvatn) er inndelt i einingar basert på geografiske og hydrologiske kriteria, og hovudhensikta med vassførekomstane er å sikre ei samanhengande heilskapleg vassforvaltning frå fjell til fjord.

Inndelinga langs kysten er først og fremst basert på Fjordkatalogen. Fjordkatalogen inneheld ei inndeling av norske fjordar og sjøområde i einingar som er avgrensa i «basseng» av kystlinje, tersklar og andre naturlege, fysiske grenser.

Nokre «vassførekomstar» kan ha blitt endra ut i frå dette første utgangspunktet for å gjere forvaltninga av desse enklare og meir oversiktleg med tanke på tiltaksgjennomføring og det å nå eit miljømål om god økologisk tilstand.