Forureining

Oppdatert 03.01.2022

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 26.09.2022

Landsdekkande tilsynsaksjon med kommunen som miljømynde

Statsforvaltaren skal gjennomføre ein landsomfattande tilsynsaksjon med kommunen som miljømynde for avløp etter forureiningsforskrifta kapittel 12.


Publisert 21.09.2022

Digital forureiningsveke for kommunane i Vestland

Hald av 13. til 15. desember! Vi inviterer til ein webinarserie om aktuelle tema innanfor forureiningsfeltet.


Publisert 13.09.2022

Tilsynsaksjon for å hindre utslepp av mikroplast frå kunstgrasbaner

Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn med ti kommunar. Målet var å sjå korleis dei utformer og drifter kunstgrasbaner, for å hindre utslepp av plastgranulat. Åtte av ti kommunar bryt forskrifta. 


Publisert 06.09.2022

Statens vegvesen søkjer om løyve til utslepp frå driving av Drotningsviktunnelen

Denne høyringa omfattar søknad om løyve etter forureiningslova til utslepp frå driving av tunellar i samband med ny fylkesveg 555 i Sotrasambandet. Utsleppet kjem frå driving av Drotningsviktunnelen i Bergen kommune, og to tilkomsttunnelar.


Publisert 05.09.2022

Søknad om utsleppsløyve for vaskehall for tankbilar i Kvam herad

Kjellmi AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa vaskevatn til Hissingfjorden.


Publisert 26.08.2022

Landsdekkande tilsynsaksjon med brannøvingsplassar

Statsforvaltaren gjennomfører tilsynsaksjonen på oppdrag frå Miljødirektoratet. Føremålet er å kontrollere at brannøvingsplassane overheld relevant regelverk og at det ikkje foregår ulovleg utslepp av perfluorerte stoff.  


Publisert 20.06.2022

Miljøtilsyn i 2021

I fjor gjennomførte miljøavdelinga 103 tilsyn etter forureiningslova. 


Publisert 01.06.2022

Rettleiing til søknad om løyve etter forureiningslova

Miljødirektoratet har laga ei rettleiing om kva ein søknad om løyve skal innehalde.


Publisert 31.05.2022

Meldeskjema for fiskeforedlingsverksemder

Verksemder som foredlar fisk, skjell, blautdyr og skalldyr skal i god tid før oppstart eller endring sende melding til Statsforvaltaren. Meldinga skal sendast på standard skjema.


Publisert 27.04.2022

Landsdekkjande tilsyn med kunstgrasbaner

Idrettsbaner med gummigranulat og anna plasthaldig fyllmateriale vert kontrollerte av statsforvaltarane på oppdrag frå Miljødirektoratet no i vår.