Publisert 31.05.2022
Meldeskjema for fiskeforedlingsverksemder
Verksemder som foredlar fisk, skjell, blautdyr og skalldyr skal i god tid før oppstart eller endring sende melding til Statsforvaltaren. Meldinga skal sendast på standard skjema.
Publisert 27.04.2022
Landsdekkjande tilsyn med kunstgrasbaner
Idrettsbaner med gummigranulat og anna plasthaldig fyllmateriale vert kontrollerte av statsforvaltarane på oppdrag frå Miljødirektoratet no i vår.
Publisert 02.02.2022
Framleis mange avvik i avløpsbransjen
Hausten 2021 kontrollerte vi kommunale avløpsanlegg som er omfatta av kapittel 14 i forureiningsforskrifta.
Publisert 27.01.2022
Avgjerd om havarert flytedokk ved Ågotnes
Etter ei samla vurdering stadfester Statsforvaltaren vedtaket i Øygarden kommune der Coast Center Base AS (CCB) ikkje blir pålagt å heve havarert flytedokk ved Ågotnes.
Publisert 12.11.2021
Mange produsentar av fiskeolje og fiskemjøl bryt miljøregelverket
Dette er første gongen denne bransjen har vorte kontrollert i ein landsomfattande aksjon. Til saman vart 21 verksemder frå Rogaland til Nordland kontrollerte i aksjonen. I Vestland har vi vore på tilsyn hos tre verksemder.
Publisert 31.08.2021
Landsdekkjande avløpsaksjon
Miljødirektoratet og statsforvaltarane skal gjennomføre tilsyn over heile landet med kontroll av større kommunale avløpsanlegg i august-september 2021.
Publisert 11.05.2021
Kunngjering – Løyve til utslepp frå anleggsarbeid i samband med bygging av vassveg i fjell for Tufteelva småkraftverk
Tufteelva Kraft AS har 10. mai 2021 fått løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp i samband med bygging av vassveg i fjell for Tufteelva småkraftverk i Røldal i Ullensvang kommune.
Publisert 20.04.2021
Bane NOR skal oppgradere Nygårdstangen godsterminal i Bergen og søkjer om løyve
Anleggsarbeidet er forventa å ta 2,5 år med oppstart januar 2022 og avslutning i mars 2024. Delar av anleggsarbeidet krev løyve etter forureiningslova og vert sendt på høyring. Frist for uttale er 18. mai 2021.
Publisert 09.04.2021
Miljøtilsyn i 2020
I 2020 gjennomførte miljøavdelinga 51 tilsyn etter forureiningslova.
Publisert 12.03.2021
Statsforvaltaren har sendt ut brev om handtering av brøytesnø
Snø som blir liggande på vegar kan innehalde partiklar, mikroplast, sand, grus og avfall, tungmetall og andre miljøgifter. Deponering og dumping av slik snø kan føre til forureining og derfor krevje løyve frå Statsforvaltaren.