Vil du jobbe hos oss?
Har du søkt, eller vurderer du å søkje ei ledig stilling hos oss? Her finn du nyttig informasjon om ledige stillingar, rekrutteringsprosessen og Statsforvaltaren som arbeidsplass.
Rekrutteringsprosessen
I staten gjeld kvalifikasjonsprinsippet, som betyr at det er den best kvalifiserte som skal få tilbod om stillinga. Når vi vurderer om ein kandidat er kvalifisert eller ikkje, ser vi på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar opp mot utlysinga.
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv.
Vi oppmodar alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje, utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar også om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene, kallar vi inn minst éin søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgjevarportalen.
Ledige stillingar blir lagt ut på heimesida vår, NAV og FINN.no. Du må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen JobbNorge, og laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i JobbNorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava i utlysinga.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristen er ute. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må du grunngje kvifor. Du vil få varsel om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.
Når søknadsfristen er ute, vil vi gjere ei vurdering av søkjarane. Her ser vi kandidatane opp mot kvalifikasjonskrava for den spesifikke stillinga, og gjennomfører intervju av dei mest aktuelle kandidatane.
Vi kontaktar referansen du har oppgitt for å høyre om inntrykket dei har av deg.
Etter vi er ferdige med intervjurunden og referansesjekken, skriv vi ei innstilling. Vi sender innstillinga saman med ein protokoll til tilsetjingsrådet, der representantar frå arbeidsgjevarsida saman med tillitsvalde gjer ei vurdering. Dersom innstillinga blir godkjend i tilsetjingsrådet, skriv vi eit tilbodsbrev til kandidaten som er innstilt som nummer ein.
Å jobbe hos Statsforvaltaren
Statsforvaltaren representerer og har oppdrag for fleire departement og underliggjande direktorat. Vi fører tilsyn, rettleiar kommunane og er klageinstans. Vi skal sørgje for at rettstryggleiken for innbyggjarar, verksemder og organisasjonar, ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som likebehandling, habilitet og rettferd blir sikra i forvaltninga.
Her kan du lese meir om rolla til Statsforvaltaren.
Vi har oppgåver innan mellom anna helse og omsorg, barnevern og sosial, barnehage og skule, verjemål, samfrunnstryggleik, miljø og landbruk. Våre tilsette har mange ulike fagbakgrunnar, som m.a. rettsvitskap, samfunnsvitskap, medisin og sjukepleie, sosialt arbeid, barnevern, pedagogikk og administrasjon.
Vi har om lag 280 tilsette fordelt på dei seks avdelingane
- kommunal
- helse, sosial og barnevern
- landbruk
- utdanning og verjemål
- miljø
- organisasjon og strategi.
Vi har kontor i Leikanger, Bergen og Førde. Hovudsetet er i Leikanger.
Vi har også verneområde- og nasjonalparkforvaltarar i Aurland, Rosendal, Gaupne og Sandane.
Kva gjer Statsforvaltaren?
Vi representerer staten i Vestland. Vi ser til at vedtak, mål og retningslinjer frå regjeringa blir følgt opp i kommunane og sikrar rettstryggleiken til innbyggjarane våre.
Gode hos oss
- Fleksibel arbeidstid
- Reisegodtgjersle etter statens satsar
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Heimekontor i snitt ein dag i veka
- Trening ein time per veke i arbeidstida
Spørsmål?
Dersom du har spørsmål om ei stilling, ring kontaktpersonen som er oppgitt i stillingsannonsen.
Har du tekniske problem med sjølve søknaden, kan du kontakte JobbNorge på kundeservice(at)jobbnorge.no.