Skadefelling av jerv

Statsforvaltaren har gjeve løyve til skadefelling av éin jerv i Nørstedalen/Fortunsdalen i Luster kommune. 

Publisert 04.08.2023

Luster kommune fekk 3. august 2023 løyve til å felle éin jerv innanfor eit tydeleg avgrensa område i Nørdstedalen/Fortunsdalen. Det er det regionale skadefellingslaget som er ansvarleg for utføring av fellingsforsøket. Det er påvist skade frå jerv på sau, og til no er fem individ dokumentert drepne. 

Regional forvaltningsplan for rovvilt

Noreg er delt inn i åtte forvaltningsregionar, og kvar region har eigne mål for tal årlege ynglingar. Regionane har kvar si rovviltnemnd, og nemndene skal utarbeide ein regional forvaltningsplan for sin region. Vestland fylke er ein del av region 1, og regional forvaltningsplan for rovviltregion 1 viser at heile regionen er prioritert for beitebruk. Det er ingen bestandsmål for jerv.

Løyvet har avgrensa varigheit

Løyvet gjeld frå 3. august til 18. august, og omfattar skadefelling av eitt dyr. Familiegruppe av jerv som opptrer saman er ikkje omfatta av løyvet, og skal ikkje fellast. Ytterlegare vilkår går fram av vedtaksbrevet som ligg ved denne saka. 

Heimel

Vedtaket er gjort med heimel i naturmangfaldlova § 18 første ledd punkt b og § 77, jf. rovviltforskrifta § 9. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.