Eutrofiering av Hardangerfjorden

Brun tangstilk i sjø, der nedre deler er dekka av grøn lag med pelsliknande trådalger.
Auka mengde trådalger, eller lurv som det òg kallast, kan vere ein indikasjon på at det skjer eutrofiering i fjorden. Foto: Tom N. Pedersen.

Mange piler peiker i feil retning for Hardangerfjorden. Overvakingsdata viser at vi er på veg inn i ein situasjon med eutrofiering.

Publisert 15.09.2023

Målet med vassforvaltninga er berekraftig bruk av vassførekomstane våre. Og målet er nådd når vassførekomstane har god tilstand. Om ein vassførekomst ikkje når god tilstand, må det settast inn tiltak for å betre tilstanden. Og der det er bra, skal det ikkje opnast for tiltak som fører til dårlegare tilstand. 

Utfordringa er at mange av våre vassførekomstar ikkje når god og/eller særs god tilstand i dag, og fleire er på veg nedover. Dette gjeld blant anna Hardangerfjorden, som per i dag er i særs god tilstand, men der vi ser ein nedadgåande trend.

Klimaendringane gjer fjordane våre mindre eigna som resipientar

Fjordane her i vest er prega av grunne tersklar og djupe basseng, og blir påverka av klimaendringane. Det tar til dømes no lenger tid mellom kvar gong botnvatnet i terskelbassenget vert fornya.

Mindre utskifting av djupvatnet, fører til redusert oksygenmetning, som igjen betyr at desse fjordane blir mindre eigna som resipientar for utslepp av næringssalt og oksygenforbrukande organisk materiale. 

Måleserien i Samlafjorden syner at det har skjedd endringar i salinitet i same periode. Lågare salinitet tyder på at det er noko tid sidan sist det skjedde ei fornying av botnvantet i terskelbassenget.

Graf med nedadgåande trend oksygennivå i Samlafjorden.
Oksygeninnhald i djupvatnet i Samlafjorden. Fargesøyla viser tilstandsklassane. Om trenden held fram, vil Samlafjorden komme under god tilstandsklasse. Mykje tyder på at nedgang i oksygenmetning i fjordane våre er ei følgje av klimaendring. Dette får konsekvensar for resipientkapasiteten, og kor mykje utslepp ein kan tillate ut i fjordane. Foto: Data frå Vannmiljø.

Tilførsel av næringssalt er aukande

Tilførsla av næringssalt til kystvatn i Noreg er aukande. I all hovudsak er det akvakultur som står for auken i tilførsler for kystområda vest og nord for Lindesnes. I Hordaland bidreg akvakultur med 59 prosent av samla tilførsel av nitrogen (Miljødirektoratet rapport M-2438).

Tilførsel av nitrogen til kystvatn i Hordaland. 20 år tilbake var utsleppa frå akvakultur på storleik med avrenning frå land. Etter det har utsleppa av nitrogen dobla seg. I same periode har det vore små endringar i utsleppa frå landbruk, avløp og industri. Foto: Miljødirektoratet rapport M-2438.

Tilfellet Hardangerfjorden

Overvakingdata for dei siste 9 åra viser at det er auke i planteplanktonproduksjonen i Hardangerfjorden. Dette ser vi på målingar av klorofyll a og ammonium.

Målingane av klorofyll viser at det er variasjonar frå år til år. Det talar for at det er mogleg at lengre tidsseriar vil kunne gje eit anna bilete. Samstundes ser det ut til å vere ein tydleg trend med auke i klorofyll dei siste 9 åra. Denne auken er samanfallande med auken i samla tilførsler av nitrogen til kystvatn i fylket.

Graf som viser auke i klorofyll a i tre fjordavsnitt.
Klorofyll a målingar i Kvinnheradsfjorden, Sildafjorden og Hissfjorden. Målingane er framleis innanfor tilstandsklasse I (svært god) der grensa går ved 2,5 µg/L, men med aukande trend. Data er sortert på månader og gjennomsnitt for dei periodane som skal leggast til grunn for klassifisering etter Veileder 02/2018. Foto: Data frå Vannmiljø.

Målingar av ammonium, som fungerer som ein støtteparameter, viser òg store variasjonar over tid.

Graf med ammonium på tre prøvestasjonar sommar, Hardangerfjorden.
Målingar av ammonium i Hardangerfjorden viser store variasjonar over tid, men ser ut til å auke. Samanslegne data for dei tre vasslokalitetane i Kvinnheradsfjorden, Sildafjorden og Hissfjorden. Grensa mot tilstandsklasse II (god) går ved 19 µg/Liter. Data frå Vannmiljø er sortert på månader og gjennomsnitt for dei periodane som skal leggjast til grunn for klassifisering etter Veileder 02/2018. Foto: Data frå Vannmiljø.

Kva betyr dette for Hardangerfjorden?

Fjordar som Hardangerfjorden, har lågare resipientkapasitet enn dei ytre kystområda. Eit avgjerande spørsmål framover blir om det er mogleg å opne opp for auka utslepp av næringssalt utan å kome i konflikt med vassforskrifta.

Når det gjeld klorofyll a, så er det enno ein viss avstand før miljøtilstanden vert nedklassa. Og her spelar miljøovervakingane ei viktig rolle. Kunnskap om utvikling gjer det mogleg å sette inn tiltak i rett tid før klassegrensene vert brotne. 

Nedgangen vi ser i oksygennivået er noko vi ikkje har sett i Hardangerfjorden før. Det er mykje som tilseier at nedgangen i oksygenmetning er ei følgje av klimaendringane. Samstundes kjem ein ikkje unna at auke i utslepp av næringssalt vil føre til auke i konsekvens målt på miljøtilstand.

Kva gjer Statsforvaltaren?

For å sikre godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag, legg vi til rette for, og koordinerer tiltaksretta overvaking i heile fylket.

Overvakingsprogramma skal sikre ei heilskapleg overvaking av tilstanden til kystvassførekomstane i Vestland, jf. vassforskrifta § 18. Desse overvakingsprogramma skal blant anna kartleggje korleis kysten toler den samla belastninga i område med mykje utslepp.

Denne informasjonen er viktig for oss i vår rolle som blant anna forureiningsmynde. Utviklinga vi no ser, må vi ta med i alle våre vurderingar når vi handsamer søkndar om nye utslepp.

seglbåt utan segl, på fjord omkransa av høge fjell. Mindre båtar i følgje.
I 2024 vil Statsforvaltaren starte opp eit treårig overvakingsprogam i Hardangerfjorden, som ser nærare på blant anna eutrofiering og miljøgifter i sediment. Foto: Gry Walle.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kva er eutrofiering?

Definisjonen på eutrofiering er når det er minst 50 prosent auke i planteplanktonproduksjonen. Denne auken er i første rekke eincella alger, men òg påvekst på tang, tare og substrat i strandsona.

Eutrofiering skjer som følgje av overgjødsling.

Planteplanktonproduksjonen vert overvaka gjennom kjemiske målingar av klorofyll a. Overvaking av ammonium gjev i tillegg informasjon om biologisk aktivitet i vassmassane.

Kva er ein vassførekomst?

Alt vatn er inndelt i geografisk avgrensa vassførekomstar. Anten som bekk, elv, innsjø, kanal, fjord eller kyststrekning. Ei avgrensa mengde grunnvatn innanfor ein eller fleire akviferar vert også rekna som ein vassførekomst.