Korleis påverkar vassforskrifta kvardagen vår?

Kalking av ei elv. Utsleppet av kalk er synleg midt i elva som ei kvit sky.
I forsura vassdrag er kalking eit viktig og avgjerande tiltak for å sikre god nok vasskvalitet for laks og sjøaure. I Vestland blir fem laksevassdrag kalka i dag; Uskedalselva i Kvinnherad, Ekso i Vaksdal, Frøysetelva i Masfjorden, Flekke- og Guddalsvassdraget i Fjaler kommune, og Modalselva i Modalen som vist her med utsleppspunkt for kalk ut i vassdraget. Foto: Gry Walle / Statsforvaltaren i Vestland.

Det skal i hovudsak ikkje gjennomførast tiltak som kan forringe tilstanden i ein vassførekomst.

Publisert 01.02.2023

Vassforskrifta er eit verktøy for å ta vare på alt vatnet rundt oss, anten det er ein bekk, ei elv, ein innsjø, ein fjord eller ei kyststrekning. Føremålet med vassforskrifta er å gje rammer for fastsetting av miljømål, som skal sikre best mogleg heilskapleg vern og berekraftig bruk av vatn i Noreg. 

Arbeidet med vassforskrifta er delt inn i seksårsbolkar, og vi er no inne i andre planperiode (2022-2027).

Makroalger i fjæresonen, med fyrlykt på nes.
Eutrofiering kan òg gje seg til kjenne i fjæresona. Høge utslepp av næringssalt kan i område utan god vassutskifting resultere i blant anna påvekst av trådalgar eller "lurv" på tang og tare. Overvaking av til dømes planteplankton og næringssalt i sjø, kan bidra til meir presise reinsekrav, som igjen bidreg til å oppretthalde ei frisk fjæresone. Foto: Erling Svensen.

Kva er Statsforvaltaren si rolle i arbeidet med vassforskrifta?

Statsforvaltaren er miljøfagleg ansvarleg og rådgjevar for oppfølging av vassforskrifta. Vi har ansvaret for at kunnskapsgrunnlaget i vann-nett er oppdatert og for å utarbeide gode overvakingsprogram i heile vassregionen.

Vi har ansvaret i samråd med andre sektorstyresmakter, fylkeskommunar og kommunar for:

  • at kunnskapsgrunnlaget i Vann-nett er oppdatert
  • å utarbeide gode overvakingsprogram
  • å koordinere overvaking
  • å registrere overvakingsdata i Vann-nett

Vi er sjølv sektormynde og skal følgje opp miljøtiltak innan felt som avløp, akvakultur, delegert industri, vassdrag og framande artar. Vi har òg ein rolle knytt til tilrettelegging for kommunane sitt arbeid inna landbruk.

Vassforskrifta påverkar vilkår i løyver etter forureiningslova

Alle har ei plikt til å unngå forureining, jamfør forureiningslova § 7. Forureining kan vere lovleg dersom det er gitt løyve etter forureiningslova § 11. 

Når det vert gitt løyve til forureining vert det samstundes sett vilkår. Utsleppa vi gir løyve til, skal mellom anna ikkje medføre redusert miljøtilstand i vassførekomstane/resipientane.

Vert grenseverdiane overskride, må verksemda gjere tiltak for å redusere utsleppa/betre reinsinga slik at grensene vert overhalde. Om naudsynt kan vi sette strengare krav eller oppheve løyvet. 

Vi gir løyver etter forureiningslova til mellom anna:

  • anlegg for sortering, omlasting og lagring av ordinært og farleg avfall
  • kompostering av organisk avfall
  • biogassanlegg
  • mottak og behandling av kasserte køyretøy og fritidsbåtar
  • mottak og sortering av EE-avfall
  • mottak, lagring og behandling av forureina massar
  • Anleggsarbeid på land og i sjø
  • Utslepp frå næringsmiddelbedrifter som kjøtt og fiskeforedlingsindustri
  • Utslepp frå kommunale avløpsanlegg
  • Forureining frå akvakultur
Elektrisk og elektronisk avfall
Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) som ikkje blir handtert forsvarleg, kan føre til at miljø- og helsefarlege stoff (som bromerte flammehemmarar, bly, kadmium og kvikksølv) lek ut og forureinar naturen. Dette kan føre til at miljømåla i vassforskrifta ikkje vert oppfylt. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Overvaking i regi av Statsforvaltaren

Overvakingsprogrammet for inneverande planperiode (2022-2027) er publisert på vannportalen. Gjennomføring avhenger av statlege tildelingsmidlar som blir gitt årleg, og planane kan difor bli justert.

Overvakingsprogramma i regi av Statsforvaltaren er spleiselag mellom oss, kommunane og verksemder som har utslepp til områda som skal undersøkjast.

Vi har sett i gang fleire overvakingsprogram i sjø og vassdrag i fylket, som eutrofiovervaking i vassdrag og samla belastning i kystområde.

I tillegg til ei slik overordna overvaking, kan verksemder som anten har utsleppsløyve frå oss, eller er forskriftsregulert, bli pålagt å overvake og gjere greie for korleis utsleppa frå verksemda deira påverkar tilstanden i ein vassførekomst. 

Ein merd av eit oppdrettsanlegg i sjø, med bøyer, og stor industri på land i bakgrunnen.
Vi har varsla verksemder med utsleppsløyve frå oss, og nokre forskriftsregulerte verksemder, om at vi vil pålegge deltaking i eit felles overvakingsprogram i sjø for områda rundt Florø, Måløy, Fensfjorden og Hardangerfjorden med tilgrensande vassførekomstar. Overvakingsprogramma er del av regionalt overvakingsprogram og skal undersøke samla belastning på fjordsystema i samsvar med krava i vassforskrifta. Foto: Tom N. Pedersen / Statsforvaltaren i Vestland.

Eutrofiering av vassdrag

Eutrofiovervakinga av utvalde vassførekomstar er eit eksempel på tiltaksretta overvaking. Føremålet er å følgje utviklinga i vassførekomstar som har dårleg vasskvalitet grunna avrenning frå spreidde avløp og landbruk, før, under og etter tiltak.

Avrenning frå spreidde avløp og landbruk, kan ha potensiale for stor påverknad på vassmiljø både med avrenning av nitrogen, fosfor og tungmetall.

For mykje nitrogen og fosfor i sjø og vassdrag kan gje algeoppblomstring og giftige blågrønalgar. Avrenning av nitrogen og fosfor kan gjere at vi ikkje når krav i vassforskrifta.

Framande artar er ein stor trugsel mot norsk natur

Ein del av vår overvaking og kartlegging er retta mot framande artar, som til dømes havnespy og stillehavsøsters. Framande artar er ein trugsel mot norsk natur, og det viktigaste vi gjer er å hindre etablering og vidare spreiing. Er ein framand art først etablert, kan det vere vanskeleg å fjerne den. 

Ein art som vasspest kan spreiast ved at utstyret som vert nytta i eit vassdrag ikkje er skikkeleg reingjort, til dømes på støvlar, båt og/eller fiskeutstyr.

Vasspest spreier seg lett. Små plantebitar på berre nokre få cm kan vere nok til å etablere ein ny bestand. Truleg kan dei òg spreiast med fuglar, som ender og svaner. Vasspest kan endre levekåra for stadeigne artar i vassdraget, og redusere kvaliteten på drikkevatn. Vasspest kan bli så dominerande, at den blir til hinder for friluftsaktivitetar som fisking, bading og båtferdsel.

innsjø med matter av vasspest, og nærbilde av eit individ av vasspest i ei hand.
Små stengelbitar av vasspest kan gje opphav til ein ny bestand. I Tveitevannet i Bergen vaks algematter på vasspesten. Du kan vere med å bidra til å hindre vidare spreiing. Båtar, kanoar o.l. som har vore på vatn med vasspest må ausast heilt tomme (inkl. nede i kjølen), vaskast reine for planterestar og tørkast grundig før dei eventuelt blir brukt andre stader. Det same gjeld utstyr som sko og klede, tauverk og fiskereiskapar som garn, sluk og liknande. Foto: Olav Overvoll / Statsforvaltaren i Vestland.

Kva informasjon finn du i Vann-nett?

All informasjon om tilstanden til ein vassførekomst er samla og tilgjengeleg i databasen Vann-nett. Her kan du gå inn og leite opp på kartet den bekken, eller det vatnet du er interessert i. Der vil du finne:

  • rapportar som er lagt inn
  • kva tiltak som eventuelt er føreslått
  • status for vassførekomsten

Vann-nett blir aldri ferdig. Innhaldet vil endrast over tid, etter som vi får meir kunnskap om dei ulike vassførekomstane, tiltak blir gjennomført og liknande. Ser du at det manglar noko, til dømes eit vandringshinder i ein bekk som ikkje ligg inne, kan du melde dette inn til vassområdekoordinatoren i ditt område, eller til oss.

Målet er bærekraftig bruk av vassressursane våre

Vi har eit godt vassmiljø når vi opprettheld eller har nådd målet om god tilstand i ein vassførekomst, då kan vi seie at bruken av vatnet er bærekraftig. 

Bilete av sjø, fjæresteinar, skogkledd holme, blå himmel og kvite skyer.
Målet med vassforvaltninga er berekraftig bruk av vassførekomstane våre. Det gjeld uansett om det er ein liten bekk, eit vatn, ein fjordarm eller som her i Fitjarøyane. Foto: Toril Marie Mulen / Statsforvaltaren i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Vassforskrifta

Alt vatn er inndelt i geografisk avgrensa vassførekomstar. Anten som bekk, elv, innsjø, kanal, fjord eller kyststrekning. Ein avgrensa mengde grunnvatn innanfor ein eller fleire akviferar vert også rekna som ein vassførekomst. 

Desse er karakterisert ut frå sine eigenskapar, klassifisert, og gitt eit miljømål.

Miljømålet er viktig, då vassførekomsten skal nå målet om god (eller svært god) økologisk og kjemisk tilstand innan 2027.

Miljøforbetrande tiltak skal gjennomførast i dei vassførekomstane der det er mistanke om at miljømålet ikkje vil bli nådd innan fristen. Dette kan få konsevensar for dei som er ansvarleg for at vassførekomsten ligg i dårlegare enn god tilstand. 

Det skal i hovudsak ikkje gjennomførast tiltak som kan forringe tilstanden i ein vassførekomst. 

Arbeidet med vassforskrifta er administrert av fylkeskommunen, som er vassregionmynde.

Heimlar for miljøtiltak som må gjennomførast for å oppfylle miljømåla er fastsett i regelverk som mellom anna forureiningslova og vassressurslova.