Søknad om løyve til anleggsarbeider i sjø - Samnanger og Fitjar kommune - landstraum til Yggdrasil feltet- Aker BP

Høyringsfrist:
31. juli 2023 23:00

Aker BP skal i samband med etablering av landstraum til Yggdrasil feltet etablere to landfall som krev løyve etter forureiningslova til anleggsarbeider i sjø. Vi ber uttale innan 31. juli 2023.

Publisert 14.06.2023

Målet med prosjektet er å forsyne anlegget Yggdrasil med straum frå det nasjonale straumnettet på land, frå Statnetts transformatorstasjon i Børdalen i Samnanger. Det skal etablerast ny transformatorstasjon, jordkabel og luftleidning i Samnanger kommune, samt ein kompenseringsstasjon på Årskog næringsområde i Fitjar kommune.

Fjord- og sjøkabelen frå Samnanger via Årskog til Hugin A vil vere cirka 223 km lang og gå gjennom sjøområda i Samnanger, Bjørnafjorden, Tysnes, Fitjar og Austevoll kommunar. Frå Hugin A vil det bli lagt ein 27 km lang sjøkabel opp til Munin, slik at den samla lengda for fjord- og sjøkabelen blir cirka 250 km.

Landfall er overgang frå land til sjøkabel, og anleggsarbeidet knytt til etablering av landfall i Samnanger (Ospeviki) og Fitjar (Årskog) krev løyve i samsvar med forureiningslovgivinga frå Statsforvaltaren. Dei andre arbeida vil bli handtert av NVE som konsesjonsmynde og kommunane Samnanger og Fitjar som mynde for graving i forureina grunn. Dette er forklart i brevet frå Statsforvaltaren datert 20. april 2023.

Landfall Ospeviki i Samnanger

Ved landfallet i Ospeviki skal det leggjast ei fjordkabel som skal skøytast med landkabelen frå Børdalen. Fjordkabelen vil ligge i trekkerør omfylt med sprengsteinsfylling over sjøbunnen. Landfallet strekkjer seg ned til kote -35 m. Trekkerøret vil bli sikra mot erosjon for å motstå bølgjene. Det vil være behov for å sprenge grøft i strandsona før utfylling med sprengstein, og mudringsmassane vil bli lagt i det eksisterande landdeponiet for tunnellmassar ved fylkesvegen.

Landfall Årskog i Fitjar

I landfallet skal det etableres to kabler, fjordkabelen som kommer fra landfallet i Ospeviki og sjøkabelen som går ut til plattformen. Landfallet på Årskog blir delvis liggende i en sprengt grøft og delvis på utfylt sprengsteinsfylling på sjøbunnen. Landfallet strekker seg til kote -20 m. Ved avdekking av berg under vann skal det sprenges og mudres, disse massene vil bli dumpet i sjø nær landfallet. Sprengsteinsmasser fra land og sjø vil benyttes til planering og tildekking av traseen.

Framdrifsplan for begge landfalla er frå oktober 2023 til juli 2024.

Anleggsarbeida er vurdert med omsyn til miljørisiko basert på innhenta informasjon om marint naturmangfald, og følgjande avbøtande tiltak er søkt benytta for å redusere risikoen for forureining og negativ påverknad:

Det vil bli brukt siltgardin og lense eller liknande løysing for å redusere spreiing av partiklar og plast.

Multiconsult har modellert undervassstøy frå sprengingsarbeida og utført ei risikovurdering av skadar på villfisk (gytefelt for torsk) og oppdrettsfisk (13020 Nygård i Samnanger og 39457 Årskog og 21915 Matløyso i Fitjar) og føreslår følgjande avbøtande tiltak:

Undervasssprenging skal ikkje utførast i gyteperioden januar – april av omsyn til gytefelt for torsk i indre Samnangerfjord og Fitjarvika.

Dersom det skal utførast sprengingsarbeid nær matfiskanlegg, bør dette i hovudsak skje når anlegget er tømt, eventuelt må det avklarast med eigaren om avbøtande tiltak som boblegardin kan nyttast.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2023/3134. Frist for å gje fråsegn er 31. juli 2023.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.