Digital forureiningsveke for kommunane i Vestland

Dato:
26. september 2023 09:30 - 28. september 2023 11:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunane i Vestland, både administrasjon og politikarar
Påmeldingsfrist:
24. september 2023 23:59

Tirsdag 26. til torsdag 28. september inviterer vi til ein webinarserie om aktuelle tema innanfor forureiningsfeltet. 

Publisert 31.08.2023

Program

Vi har sett av tid mellom 9.30 og 11.00 kvar dag. 

Tirsdag 26. september - Plan, miljøretta helsevern og forureining

* Sarah Kvåle Skouen, Statsforvaltaren i Vestland

korleis godt planarbeid kan verke førebyggande for utfordringar knytt til forureining

* Bengt Åge Sørby Borge, Askøy kommune 

erfaringsutveksling frå aktiviteten på Hanøytangen, eit større industriområde, knytta til støy og lågfrekvent støy

* Henriette Indine Kleppe, Bergen kommune

korleis ein VA-rammeplan kan brukast for å få oversikt over forureining og som verkemiddel for å betre situasjonen, i eit område med fleire aktørar - utgangspunkt i erfaringar frå Rådalen

Onsdag 27. september - Lukt

* Karina Ødegård, Nemko Norlab

Lukt og luktkartlegging - Psykologi, risiko, målingar og spreiingsmodellering

Torsdag 28. september - Erfaringsdeling frå kommunane

* Arne Bu, Eidfjord kommune

Innføring av tilkoblingsstopp for hytteutbygging, mellombels reinseløysing og nytt reinseanlegg

* Stine Ohrvik, Årdal kommune

Korleis Årdal har gått fram for å kartleggje og registrere område med forureina grunn

* Erik Kvalheim, Etne kommune

Utfordringar knytt til sentrumsnært industriområde

* Sunniva Vatle, Øygarden kommune

Oppfølging av gammalt kunstgrass og granulat på avvegar ved hjelp av forureiningslova

Praktisk informasjon

Måndag 25. september vil dei påmeldte få tilsendt ei lenkje per e-post for å følgje det digitale arrangementet. Lenkja vil òg bli lagt ut på denne nettsida om nokon ønskjer å vere med i siste liten. Vi oppmodar deltararane til å leggje inn aktuelle tidspunkt i sin kalender. 

Det vil vere mogleg å stille spørsmål under arrangementet via ein chat-funksjon. 

Er du påmeldt, og ikkje har fått lenkje, sjekk først søppelposten. Dersom lenkja ikkje ligg der, ta kontakt.

Om samtykke til opptak

Vi gjer merksam på at webinaret vert tatt opp. Opptaket vil vere tilgjengeleg på Statsforvaltaren sine nettsider to veker etter opptaksdato. Dersom du ikkje tillet opptak, kan du diverre ikkje følgje det direktesendte webinaret. 

Dato:
26. september 2023 09:30 - 28. september 2023 11:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunane i Vestland, både administrasjon og politikarar
Påmeldingsfrist:
24. september 2023 23:59