Konsekvensane av nydyrking i Hattebergsdalen landskapsvernområde er vurdert

Ut ifrå tilgjengeleg kunnskapsgrunnlag og innkomne innspel under høyringa av forskriftsendring for Hattebergsdalen landskapsvernområde har vi vurdert konsekvensane av å opne for nydyrking. Les heile vurderinga her.
Oppdraget vårt er å samle innspel og kunnskap, og sende vidare ei tilråding til Miljødirektoratet
Første juni sendte vi forslag om endring av verneforskrifta for Hattebergsdalen landskapsvernområde ut på høyring. No er vurderinga av konsekvensane klar og sendt over til Miljødirektoratet. Miljødirektoratet har frist til 1. oktober med å sende si tilråding vidare til Klima- og miljødepartementet.
Vi fekk 12 fråsegn til høyringa, i tillegg fekk vi eitt munnleg innspel. Alle innspela er vurdert og teke med i handsaminga av saka.
Interesseavveginga mellom miljø og landbruk ligg til nasjonalt nivå
På bakgrunn av kunnskapsgrunnlaget som ligg føre og innspela frå høyringa, har vi vurdert miljøutfordringane og landbruksinteressene i saka. Vi har gjennom desse vurderingane peikt på kva interesser som finst i området. Vurderinga av om verneforskrifta skal endrast kviler på ei interesseavveging mellom verneinteressene og jordbruksinteressene, og er ei avgjerd som ligg til nasjonalt nivå.
Ei endring vil kunne føre til inngrep i strid med verneføremålet
Den miljøfaglege vurderinga trekkjer fram at tiltaket vil føre til inngrep i terrenget som vil påverke landskapsbilete og naturverdiar i strid med verneføremålet. Ved å nydyrke allereie intakte semi-naturlege enger, vil vi miste meir mangfald enn vi får ved å auke beitetrykket i dei semi-naturlege engene som no er i ulike fasar av attgroing.
Vi vurderer at nydyrkingstiltaket ikkje er tilstrekkeleg målretta eller eigna til å oppnå føremålet om å hindre attgroing av kulturlandskapet. Ei slik forskriftsendring vil også kunne føre til eit uheldig press for å gjere tilsvarande endringar i andre landskapsvernområde i Noreg.
Nydyrking vil ikkje føre til stor auke i beitebruk
Føremålet med nydyrkingsprosjektet er å styrke drifta med eiga jord og i tillegg utvide drifta med fleire beitedyr. Det vil ikkje føre til stor auke i beitebruk, men likevel bidra til nyrekruttering og skjøtsel innanfor og utanfor verneområdet.
Ut frå ei landbruksfagleg vurdering er det ikkje eit klart svar på om nydyrking i avgrensa omfang vil endre særpreget i landskapet i dalføret. I denne vurderinga er det lagt vekt på at Hattebergsdalen er eit dalføre med mange andre inngrep, både dyrka areal, ei regulert elv og ein veg langs elva.
Kontaktpersonar
-
Anne-Marie Colban
Tlf: 55 57 22 53 -
Solveig Kalvø Roald
Tlf: 55 57 23 27 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47 -
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50