Vi legg endring av forskrifta for Hattebergsdalen landskapsvernområde ut på høyring

Høyringsfrist:
1. august 2023 23:59
Ei elv i ein dal med fjelltoppar i bakgrunnen
Hattebergselva får smeltevatn frå Folgefonna før den renn gjennom Hattebergsdalen landskapsvernområde mot Rosendal. No ligg høyringa ute for å få innspel i prosessen med ei endring av verneforskrifta. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Anne-Marie Colban.

Endringsforslaget gjeld ei omgjering av verneforskrifta, slik at det blir opna for nydyrking i avgrensa omfang i verneområdet. Målet er å kunne leggje til rette for auka beitebruk, men endringa vil kunne føre til miljøskade. Frist for innspel er 1. august.

Publisert 01.06.2023

Vi sender med dette ut forslag om endring av forskrift om vern av Hattebergsdalen landskapsvernområde ut på høyring. Forslaget gjeld ei endring av verneforskrifta som opnar for nydyrking i avgrensa omfang for å leggje til rette for auka beitebruk i verneområdet. 

Bakgrunn for høyringa er eit oppdrag frå departementet

I dagens verneforskrift for Hattebergsdalen landskapsvernområde er det ikkje opna for nydyrking. Etter at ein søknad om nydyrking vart avslått etter klage frå oss har saka gått til topps i forvaltningssystemet.

Klima- og miljødepartementet viser til at det kan vere trong for aktiv beitebruk i landskapsvernområde med kulturlandskap for å kunne oppretthalde verneverdiar. Dette meiner departementet i nokre tilfelle krev at det er naudsynt å tilpasse verneforskriftene.

I Hattebergsdalen er det ein del av verneføremålet å ta vare på kulturlandskapet, og auka aktiv beitebruk vil kunne hindre attgroing og redusert naturmangfald. Departementet har difor bedt oss om å greie ut saka. Det inneber mellom anna å sende ei forskriftsendring som opnar for nydyrking på høyring, med det mål å kunne leggje til rette for beitebruk i verneområdet. Å greie ut moglege negative effektar på verneverdiane skal også bli klargjort og inngå i den samla vurderinga.

Hattebergsdalen grensar til Folgefonna nasjonalpark og har rik natur

Hattebergsdalen landskapsvernområde ligg i Kvinnherad kommune er på om lag 15 kvadratkilometer. Verneområdet strekk seg frå ca. 70 moh. opp til ca. 1200 moh. Dette gir stor variasjon i naturtypar i landskapsvernområdet. Størst areal blir dekt av fjell-hei, og i høgfjellet finns og mindre område med semi-naturleg myr og nedbørsmyr.

Dalføret i Hattebergsdalen er prega av svak lågurt-skog (medrekna mykje beiteskog), semi-naturleg eng, rasmarkseng og boreal hei. Hattebergselva får smeltevatn frå Folgefonna før den renn gjennom landskapsvernområdet mot Rosendal. Elva har fleire særmerkte fossar og er varig verna mot kraftutbygging.

I 2019 vart det gjennomført basiskartlegging av naturtyper i landskapsvernområda Hattebergsdalen og Ænesdalen av Miljøfagleg Utredning. I samband med vår utgreiing i denne saka har Miljøfaglig Utredning også gjennomført ei forenkla konsekvensutgreiing. Denne skal bidra til å klårgjere konsekvensane for naturmangfaldet dersom det vert opna for nydyrking i verneområdet. For å lese utgreiinga, sjå lenkje til høgre i denne artikkelen.

Eit tre ved ei elv
Det er fleire sjeldne naturtypar og artar som trivst i landskapet langs elva i Hattebergsdalen landskapsvernområde. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Anne-Marie Colban.

Å opne for nydyrking vil kunne føre til negativ påverknad på naturmangfaldet

Å opne for nydyrking i avgrensa område av Hattebergsdalen kan gje høve til noko meir produksjon av grovfôr. Dette kan igjen gje grunnlag for fleire beitedyr som kan beite i verneområdet.

Kartlegginga som er gjort av Miljøfagleg Utredning viser at områda som kan vere aktuelle for nydyrking i all hovudsak er raudlista naturtypar med kategorien sårbar (VU) og arealet har stor eller svært stor verdi. Størsteparten av dette arealet er naturbeitemark og har i dag eit tilfredsstillande beitetrykk. Nydyrking i desse områda vil føre til alvorleg og svært alvorleg miljøskade for delområdet. I tillegg vil nydyrking få konsekvensar for funksjonsområdet langs elva som inneheld raudlista artar av mose og lav.

Verneverdiane og konsekvensane av forskriftsendringa er nærare omtala i høyringsnotatet, sjå alle relevante dokument og lenkjer til høgre.