Søknad om nytt utsleppsløyve for Myrkdalen tettbygde område

Høyringsfrist:
12. oktober 2023 23:59

Voss herad søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Myrkdalen tettbygde område.

Publisert 04.09.2023

Bakgrunn

Avløpsvatnet frå Myrkdalen tettbygde område vert i dag ført til tre private og to kommunale avløpsanlegg. Myrkdalen reinseanlegg, som mottar hovuddelen av avløpsvatnet frå området, har utsleppsløyve frå Statsforvaltaren frå 2017. Voss herad er forureiningsstyresmakt for dei andre avløpsanlegga.

Talet på fritidsbustader i Myrkdalen har dei seinare åra hatt ei betydeleg auke, og berre frå årsskiftet 2015/2016 til 2022 har talet på fritidsbustader auka frå 450 til 920. Kommunedelplan for Myrkdalen frå 2010 (PlanID 123506024) opnar for etablering av inntil 12.000 gjestesenger og 3.400 fritidsbustader i Myrkdalen totalt. Det er altså opna opp for ei omfattande utbygging samanlikna med dagens situasjon. Eksisterande reinseanlegg har ikkje kapasitet til å møte denne planlagde utbygginga, og ifølge utsleppssøknaden har Myrkdalen reinseanlegg allereie i dag til dels store utfordringar med reinsekapasiteten i periodar med høg belastning.

Voss herad er difor i gang med planarbeidet for eit nytt kommunalt reinseanlegg i Myrkdalen. Anlegget skal handtere alt avløpsvatn frå Myrkdalen tettbygde område, og skal erstatte dei eksisterande reinseanlegga i området.

Samandrag av søknaden

Utsleppsløyvet for eksisterande Myrkdalen reinseanlegg har ei ramme for tilførslar på inntil 2.420 personekvivalentar (pe). I søknaden om nytt utsleppsløyve er det søkt om handtering og utslepp av avløpsvatn tilsvarande maksimum 17.500 pe.

Det nye reinseanlegget er planlagt plassert lengre ned i dalen enn eksisterande anlegg, sjå figur 1 under. Utsleppa frå reinseanlegget vil førast til Myrkdalsvatnet sitt nordre basseng på 30 meters djupne.

Det er søkt om reinsekrav tilsvarande standardkrava i forureiningsforskrifta. Dei foreslåtte reinsekrava for organisk stoff er noko strengare enn minimumskrava i forskrifta ved at anlegget skal tilfredsstille både reinseeffektkrav og krav til utsleppskonsentrasjonar. I forskrifta er dette kravet eit enten-eller krav.

Med utgangspunkt i informasjon om resipientens miljøtilstand i dag, er det i søknaden vurdert at utsleppa ikkje vil medføre redusert økologisk tilstand i Myrkdalsvatnet. Miljøtilstanden i Myrkdalselva oppstraums Myrkdalsvatnet vil truleg bli betre enn i dag sidan eksisterande Myrkdalen reinseanlegg skal sanerast.

Kartutsnitt i blå og grøne fargar, med raude pilar som visar noverande reinseanlegg.
Figur 1: Kartutsnitt frå utsleppssøknaden. Kartet visar plassering av det planlagde nye Myrkdalen reinseanlegg og eksisterande Myrkdalen reinseanlegg lengre opp i dalen. Foto: Voss herad.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 12. oktober 2023.

Merknadar til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no eller per post til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2019/5924.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurderte.