Tilsyn etter saltsyrelekkasje ved Toro Arna

Statsforvaltaren i Vestland har vore på tilsyn ved Toro-fabrikken etter melding om eit akutt utslepp av saltsyre. 

Publisert 29.02.2024

Statsforvaltaren fekk melding frå Toro Arna om eit akutt utslepp av saltsyre frå fabrikken 9. januar i år. Verksemda opplyste at om lag 7 000 liter konsentrert saltsyre hadde gått ut i grunnen etter eit røyrbrot på verksemda sitt uteområde. Verksemder med løyve etter forureiningslova har varslingsplikt ved akutt forureining.

Vi avdekka avvik knytt til miljørisikovurdering og beredskapsplan

Vi varsla tilsyn ved Toro Arna, og tilsynet vart gjennomført 2. februar 2024. Tilsynet var i hovudsak retta mot korleis verksemda oppfyller krava i tanklagringsforskrifta og internkontrollforskifta. Merksemda var særleg retta mot verksemda si miljørisikovurdering med tilhøyrande beredskapsplan.  

Vi avdekka to avvik og gav ein merknad under tilsynet. Avvika var i hovudsak knytt til miljørisikovurderinga og beredskapsplanen, i form av manglande risikoakseptkriterier og mangelfull varsling. Verksemda har fått frist til 10. april 2024 for å komme med tilbakemelding.

Rapport etter tilsynet finn du på høgre side. Merk at verksemda kan melde tilbake om faktiske feil i rapporten innan to veker etter at den er motteken.

Statsforvaltaren skal stille krav til og føre tilsyn med beredskap mot akutt forureining

Det er Nærings- og fiskeridepartementet som er statleg styresmakt når det gjeld akutt forureining. Kystverket er delegert styresmakt og skal samordne innsatsen og eventuelt pålegge tiltak. Det lokale brannvesenet hjelper verksemda med å stanse forureininga og å rydde opp dersom det trengst. Ved slike høve er Statsforvaltaren si rolle å stille krav til og føre tilsyn med verksemda sin beredskap mot akutt forureining.   

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.