Søknad om mellombels utsleppsløysing for Sysendalen tettbygde område

Høyringsfrist:
14. juli 2023 23:59

Eidfjord kommune søkjer om mellombels utsleppsløysing etter forureiningslova for utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Sysendalen tettbygde område. Høyringsfrist er 14. juli 2023. 

Publisert 12.06.2023

Bakgrunn

Avløpsvatn frå Sysendalen vert i dag ført til dei kommunale avløpsanlegga Maurset og Isdøla reinseanlegg. Desse reinseanlegga er i dag svært overbelasta, og ingen av dei overheld reinsekrava i forureiningsforskrifta kapittel 14, som sett krav til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå større tettbebyggelser. 

Så lenge avløpsanlegga ikkje oppnår reinsekrava i forureiningsforskrifta, vil ny tilknyting til anlegga vere eit brot på forureiningsregelverket. Eidfjord kommune har difor vedteke tilknytingsstopp til anlegga og er i gang med planarbeidet for eit nytt reinseanlegg som skal handtere alt avløpsvatn i Sysendalen. Framdriftsplanen for nytt reinseanlegg legg opp til at nytt reinseanlegg vil stå ferdig i desember 2025.

Samandrag av søknaden

For å redusere konsekvensane som vedtaket om tilknytningsstopp vil få for pågåande og planlagt hytteutbygging i Sysendalen i åra fram til nytt avløpsanlegg står ferdig, ønskjer Eidfjord kommune å få på plass ei mellombels reinseløysing for avløpsvatnet frå Sysendalen.

I søknaden om mellombels utsleppsløysing er det søkt om å køyre bort dei mengdene avløpsvatn som er over kapasiteten til reinseanlegga i Sysendalen og reinse dette avløpsvatnet ved Eidfjord silanlegg. Løysinga inneber etablering av tette tankar for oppsamling av avløpsvatn ved Maurset og Isdøla reinseanlegg. Avløpsvatnet frå dei tette tankane er planlagt pumpa opp på tankbilar som vil transportere avløpsvatnet til ei mottaksløysing ved Kjærøyni nær Eidfjord sentrum. Her vil avløpsvatnet bli ført inn på eksisterande avløpsleidningar som fører avløpsvatnet til silanlegget i Eidfjord.

Avløpsvatnet som kommunen ønskjer å transportere frå Sysendalen til silanlegget i Eidfjord er estimert til 1200 m3 i året. Dette vil innebere ei auke i tilførslane til silanlegget med om lag 3,5 %. Ifølge søknaden har både silanlegg og leidningar god kapasitet til å ta i mot avløpsvatnet, og silanlegget skal ifølge kommunen overhalde reinsekrava som er stilt i forureiningsforskrifta. Utsleppet frå silanlegget går til Hardangerfjorden, med utslepp like utanfor silanlegget på minimum 25 meters djupne.  

Kartutsnitt over Eidjord sentrum i farger. Eidfjord SA, Kjerøyna og Eidfjord sentrum er merka inn i kartet.
Figur 1: Kartutsnitt over Eidfjord sentrum, henta frå søknaden. Avløpsvatn frå Sysendalen vil samlast opp på tette tankar ved Maurset og Isdøla reinseanlegg, og deretter transporterast til Kjerøyna nær Eidfjord sentrum. Ved Kjærøyna vil det etablerast ein mottaksstasjon der avløpsvatnet vil sleppast på kommunal avløpsleidning og førast til Eidfjord silanlegg. Eidfjord silanlegg har utslepp til Hardangerfjorden like utanfor reinseanlegget på 25 meters djupne.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 14. juli 2023.

Merknadar til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller per post til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2021/8340.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurderte.

Høyringsfrist:
14. juli 2023 23:59