Vi startar med supplerande naturvern i Vestland med to område på Stord

Høyringsfrist:
12. april 2024 23:59
Myrsnipe på matsøk i Sævarhagsvikjo. Langgrunne blautbotnområde er svært viktige rasteområde for vadefuglar på trekk. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Vi startar verneprosess for to område i Stord kommune, der vi finn sjeldan og verdifull natur knytt til naturbeitemark og gruntvassområde. Med dette er vi i gong med nasjonale oppdraget vårt på supplerande vern i Vestland.

Publisert 28.02.2024

Områda gjeld Sævarhagsvikjo og Hovaneset sør for Rommetveit og Leiro på Huglo i Stord kommune. Areala består av trua natur knytt til naturbeitemark og gruntvassområde. Frist for uttale er 12. april 2024.

I samband med start av vernearbeidet inviterer vi til ope informasjonsmøte tysdag 5. mars kl 18 på Samhald på Rommetveit.

Vi ønskjer å informere om bakgrunnen for kvifor vi ønskjer å verne områda, og kva eit vern vil innebere for bruken vidare. Vi håpar også å få tips og informasjon frå lokalkjente om det er interesser og brukarar vi bør gå i nærare dialog med. 

Nasjonalt oppdrag

Det samla arealet er på om lag 280 dekar og består av svært viktig og trua natur knytt til naturbeitemark gruntvassområde.

Verneframlegget er ein del av det nasjonale oppdraget «Bevaring av verdifull natur» som omfattar oppretting av tre nye nasjonalparkar og 22 mindre område i Vestland. To av desse områda er på Stord, og vi sender ut separate oppstartsbrev på desse områda. 

Føremålet med vern av områda vil vere å ta vare på trua, sjeldan og sårbar natur jf naturmangfaldlova § 37 a.

Sjå kartskisser, bilete og omtale av kandidatområda

Sævarhagsvikjo og Hovaneset

Naturbeitemark er ei seminaturleg eng med langvarig hevd gjennom beiting, og er utan fysiske spor etter pløying eller gjødsling. Det gjev gode levekår for svært mange artar. Naturbeitemarka på Hovaneset er ei av dei mest artsrike og verdifulle naturbeitemarkane i landet. Særleg viktig er beitemarka for beitemarksoppar, og til no er om lag 90 artar registrert og mange av desse er trua.

Like ved ligg Sævarhagsvikjo som er det største marine gruntvassområdet i Sunnhordland. Arealet består av evje og leirbotn og utgjer eit svært viktig raste- og beiteområde for ender og vadefuglar. Heile 23 artar vadefuglar og 22 artar av andefuglar er registrerte på lokaliteten.

Leiro på Huglo

Leiro på Huglo er ei stor, langgrunn strand omgjeven av noko skog og dyrka mark. Grunnvassområdet er viktig både som hekkeområde for fugl, og som rasteplass for blant anna vadefuglar på trekk. Området er sørleg viktig for det sterkt trua dvergålegraset. Dvergålegras er ein av få artar som har fått status gjennom naturmangfaldlova som prioritert art i Noreg, og det er i dag berre 4 kjente lokalitetar der vi finn arten i Vestland fylke. Lokaliteten på Leiro på Huglo er den viktigaste og mest stabile av desse, med jamt tette bestand av dvergålegras.

Raud honningvokssopp er ein av mange trua beitemarkssoppar som har Hovanset som levestad. Den gamle naturbeitemarka her er blant dei viktigaste leveområda for beitemarkssopp i Norden. Foto: John Bjarne Jordal, MFU ©.

Lite verna frå før

Naturbeitemark er ein trua naturtype (VU) og det er svært dårleg vernedekning av naturtypen i Vestland. Større gruntvassområde er i liten grad tatt vare på gjennom vern frå før, og er ein sjeldan naturtype i Vestland. I tillegg til det sterkt trua dvergålegrase er det mange andre artar som er avhengig av slike areal som leveområde.

Naturkrise også i Vestland

Globalt, så vel som lokalt i Vestland står vi over for ei naturkrise like alvorleg som klimakrisa. Tap av natur til utbygging er den viktigaste enkeltårsaka. Områdevern sikrar at viktig natur ikkje blir øydelagt, og er difor eit av våre viktigaste verktøy i møte med naturkrisa.

Områda som no verneoppdraget for Vestland, skal bidra til å dekke manglane i eksisterande verneplanar. Ved å bevare desse områda som dei er, kan dei bidra til at vi når dei nasjonale måla om bevaring av eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar og om å ta vare på trua artar og naturtypar.

Vern av skog

Vi er i dialog med ein grunneigarar på Haga og ved Leiro som har samla om lag 14 dekar med skog innafor verneframlegget. I tillegg har vi samtalar med skogeigarforeiningane AT Skog og Norskog. Skog er ein arealtype som er i særstilling og der alt vern skjer som frivillig vern. Det gjer at vern av skog i samband med dette oppdraget også skal vere frivillig. Eigar kan takke nei til vern av skogarealet seinare i prosessen om ein ønskjer det, då vil skogarealet ikkje bli tatt med i vidare arbeid.

Planstatus

Sævarhagsvikjo og Hovaneset: Basert på forslag til avgrensing av verneframlegget, er arealføremålet i kommuneplanen sin arealdel gjennomgåande Landbruk, Natur og friluftsområde (LNRF). I tillegg er det eit mindre areal heilt i sør med føremål småbåthamn som endå ikkje er utbygd. Kor ei vernegrense vil gå her vert avklart i vidare prosess. Store delar av områdeforslaget er omfatta av ulike omsynssoner i kommuneplanen: «bevaring naturmiljø», «bevaring kulturmiljø» og «landskap».

Leiro: Basert på forslag til avgrensing av verneframlegget, er arealføremålet i kommuneplanen sin arealdel i hovudsak natur og friluftsområde som «kombinert føremål i sjø og vassdrag med eller utan tilhøyrande strandsone». Dette arealføremålet har tilhøyrande omssynssone «bevaring naturmiljø». Arealet på land har omssynssone "landbruk." Området grensar til dyrka mark i nord med føremålet LNRF areal for nødvendige tiltak for landbruk og gardstilknytta næringsverksemd basert på garden sitt ressursgrunnlag. 

Sævarhagsvikjo og Hovaneset. Bilete over området tatt i 2012. Status for omkringliggjande areal er mykje lik i dag. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Dialog om kandidatområda

Statsforvaltaren arrangerte eit felles informasjonsmøte med alle kommunane som husar kandidatområde for vern den 28. april 2023. Sakshandsamar frå Statsforvaltaren var også og informerte om oppdraget til Utval for Plan og Utvikling i Stord kommune 29. juni 2023. Etter det vart det sendt brev med orientering av oppdraget til grunneigarane 10. oktober 2023. Det har vore god dialog med kontaktperson i kommunen om oppdraget.

Med bakgrunn den dialogen vi har hatt med Stord kommune, vurderer vi området er klart for formell oppstart av vernearbeid.

Konsekvensar ved vern

Føremålet med vernet er å ta vare på dei viktige naturkvalitetane. Det vil seie at det ikkje vil vere mogleg med ny utbygging eller aktivitetar som kan skade verneverdiane innafor området. Eit vern vil gje forvaltinga betre moglegheiter til å støtta opp om tradisjonell landbruksdrift som beiting i området, noko som også artsmangfaldet på Hovaneset er avhengige av.

På grunn av at ein sentral del av føremålet med vernet vil vere å sikra viktig raste - og hekkeområde for fugl, ønskjer vi ikkje at det skal vere ope for jakt i verneområdet. Det har heller ikkje vore vanleg i tilsvarande område ved tidlegare verneplanar. Vidare vil det vere nødvendig med forbod mot bruk av kunstgjødsel, fordi det vil vere svært negativ påverknad for dei trua beitemarksoppane i naturbeitemarka.

Andre aktivitetar vil vi kunne gje løyve til etter nærare dialog med søkjar. Det kan til dømes vere å halde ved like grøfter knyt til dyrka mark, motorferdsle til ulike nødvendige føremål og tiltak knytt til kulturminne. Bruken av omkringliggjande område vil kunna vera som før.

Erstatning

Grunneigarar og rettshavarar har rett til erstatning frå staten for økonomisk tap når eit vern medfører ei vanskeliggjering av igangverande bruk etter naturmangfaldlova § 50. Grunneigar vil ha ein frist på fire månader etter vernevedtaket til å fremje skriftleg krav om erstatning til Miljødirektoratet jf naturmangfaldlova § 51. Då er det Miljødirektoratet som har ansvaret for å sørgje for at det vert gjort erstatningsvurdering for grunneigar.

Leiro på Huglo er eit langgrunt blautbotnområde som er det viktigaste leveområdet til det sterkt trua dvergålegraset i Vestland. Området utgjer også viktig leveområde for rastande trekkfuglar. Foto: Anders Lundberg ©.

Vidare prosess

Etter denne oppstartsmeldinga vil vi gå gjennom alle innkomne innspel. Då vil vi også vurdere om det er trong for å korrigeringar i verneframlegget med bakgrunn i innspela. Neste etappe i verneprosessen vil vere høyring. Då vil vi presentere eit oppdatert verneforslag som også inkluderer utkast til vernereglar og oppdatert vernekart.

Ope informasjonsmøte tysdag 5. mars

I samband med start av vernearbeid ønskjer vi å invitere til ope informasjonsmøte tysdag den 5. mars frå kl 18.00 på Samhald på Rommetveit i Stord. Møtet vil også omfatta start av vernearbeid for Leiro på Huglo.

Det gjev oss høve å betre informera om kvifor vi ønskjer å verna dette området, og svare på spørsmål. Vi håpar også å få meir informasjon frå de som er lokalkjente om bruken av området og tips om det er lokale interesser eller tema vi må greie ut nærare.

Du kan også lese meir om oppdraget om supplerande vern ved å følgja lenke i høgre marg for å sjå bilete frå dei andre kandidatområda i Vestland, og bakgrunnsdokument for dette oppdraget vårt.

Frist for uttale er 12. april 2024

Frist for å koma med uttale til denne oppstartsmeldinga er 12. april 2024. Det vil også vere høve for å kome med uttale etter høyringa seinare i verneprosessen.

Dersom det er ytterlegare spørsmål kan ein ta direkte kontakt med sakshandsamar på e-post magnus.steinsvag@statsforvaltaren.no.

Adresselista til dette brevet er invitasjonen er henta ut frå eigedomsregisteret. Dersom de finn feil eller manglar ved adresselista sett vi stor pris på å få attendemelding om det. Det er viktig for oss å nå ut til alle grunneigarane med informasjon.