Søknad om utsleppsløyve for Forevatnet vassverk i Sveio kommune

Høyringsfrist:
31. august 2023 23:59
Nytt vassbehandlingsanlegg skal etablerast ved Forevatnet i Sveio kommune.

Sveio kommune skal etablere nytt vassbehandlingsanlegg og søkjer om løyve etter forureiningslova for utslepp frå Forevatnet vassverk til Vigdarvatnet. Skylje- og vaskevatn frå anlegget blir pumpa til kommunal spillvassleidning med utslepp til sjø.

Publisert 07.07.2023

Bakgrunn

Forevatnet vassverk skal etablerast som nytt vassbehandlingsanlegg med membranfilter for reinsing av råvatn frå Forevatnet. Produksjon av reint vatn skal vere på totalt 5100 m3 per døgn.

Konsentrert råvatn blir ført til bekk med utslepp i Vigdarvatnet. Den fysisk/kjemiske samansetninga av råvatnet vil vere lik den en elles ville hatt i bekken, men fordi det blir fjerna ein del reint vatn, vil konsentrasjonen av dei ulike stoffa bli høgare.

Det vil òg bli utslepp av spylevatn som inneheld mindre mengder marmorrester ved tilbakespyling av marmorfiltera. Spylevatnet blir ført til utslepp i bekken som ligg på 4m djupne.

Skyljevatn (avløp ein gong i døgnet) og vaskevatn (avløp ein gong i året) skal pumpast til kommunal spillvassleidning med utslepp til sjø.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller per post til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2023/8379. Frist for å gje fråsegn er 31. august 2023.

Alle fråsegner vert registrere i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.