Tilskot til lokale klimatiltak

Kommunar og fylkeskommunar kan no søkje om tilskot til tiltak for reduksjon av klimagassar og klimatilpassing. I år blir kommunane oppmoda spesielt til å søkje om midlar til arealplanlegging som fremjar arealnøytralitet og tek var på karbonrike areal. Det er Miljødirektoratet som forvaltar ordningane og fordelar midlane.

Publisert 12.01.2024, Sist endra 12.01.2024

Klimasats

Tilskotsordninga skal bidra til at klimaomsyn vert integrert i kommunar og fylkeskommunar sine aktivitetar. Midlane går til prosjekt som reduserer utslepp av klimagassar og bidreg til omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Det er satt av 220 millionar kronar til ordninga.

I år kan kommunen søkje om pengar til å kartleggje karbonrike areal i kommunen. Dette kan brukast som eit kunnskapsgrunnlag i revisjon av arealplanar, mellom anna til å endre område frå byggjeformål til LNFR og grønnstruktur. Dette kan hjelpe kommunane til å ta vare på karbonrike areal, område som også er viktig for det biologiske mangfaldet i kommunen. Dette kan eksempelvis gjerast gjennom ein arealrekneskap.

Miljødirektoratet hadde eit webinar om tilskotsordninga før jul. Du finn opptaket her: Søk Klimasats-støtte for 2024 - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)

Søknadsfristen er 15. februar. Les meir om ordninga på nettsida til Miljødirektoratet: Klimasats - støtte til lokale klimatiltak 

Tilskot til klimatilpassing

Tilskotsmidlane skal nyttast til kunnskapsoppbygging og utgreiingar om konkrete tiltak for klimatilpassing som bidreg til at kommunane og fylkeskommunane vert betre rusta til å møte klimaendringane. Det er sett av 6,4 millionar kronar til ordninga, og søknadsfristen er 15 februar. Søknadsskjema og meir informasjon om ordninga finn de her: Tilskudd til klimatilpasning

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.