Vi stansar ikkje mottaket av avfall ved biogassanlegget til Renevo på Stord

tre personar med gule vestar og hjelm inne på eit industriområde med store blå tankar
Statsforvaltaren var på synfaring på biogassanlegget på Eldøyane i juni 2023. Foto: Toril M. Mulen / Statsforvaltaren i Vestland.

Verksemda legg fram estimering på at biogassanlegget på Eldøyane vert drifta innanfor luktgrensa fastsett i løyvet. Vi vedtek difor ikkje stans i mottak av avfall som tidlegare varsla. 

Publisert 06.07.2023

Vi tek tilbakemeldinga frå verksemda til etterretning. Verksemda legg fram estimering på at biogassanlegget på Eldøyane på Stord vert drifta innanfor luktgrensa fastsett i vilkår 5.2 i løyvet datert 30. august 2019. Vi vedtek difor ikkje stans i mottak av avfall som varsla i brev datert 23. juni 2023. Brevet datert 4. juli finn du til høgre i denne nettsaka. 

Alle løyver etter forureiningslova og alle tilsyn til verksemder med løyve etter forureiningslova er offentleg tilgjengeleg på www.norskeutslipp.no. 

Statsforvaltaren var på tilsyn hos biogassanlegget til Renevo på Eldøyane på Stord i april. Du finn lenke til nettsak om at biogassanlegget har overskride grensene for luktutslepp til høgre. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.