Avfall og gjenvinning

Oppdatert 03.01.2022

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 21.09.2022

Digital forureiningsveke for kommunane i Vestland

Hald av 13. til 15. desember! Vi inviterer til ein webinarserie om aktuelle tema innanfor forureiningsfeltet.


Publisert 13.09.2022

Tilsynsaksjon for å hindre utslepp av mikroplast frå kunstgrasbaner

Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn med ti kommunar. Målet var å sjå korleis dei formar og driftar kunstgrasbaner, for å hindre utslepp av plastgranulat. Åtte av ti kommunar bryt forskrifta. 


Publisert 15.07.2022

Vrakpant på kasserte fritidsbåtar

Du kan få utbetalt 1000 kroner i vrakpant når du leverer din kasserte fritidsbåt til eit lovleg avfallsmottak.


Publisert 16.03.2022

Mykje elektrisk og elektronisk avfall blir ikkje sortert ut og handsama korrekt

Vi har kontrollert seks verksemder som driv med mottak og handtering av EE-avfall. Handteringa av EE-avfall må forbetrast i alle ledd.  


Publisert 19.11.2021, Sist endra 19.11.2021

Avfall - Søknad om løyve til avfallsanlegg

Avfallsanlegg som kan føre til forureining eller er skjemmande må søkje om løyve etter forureiningslova. Miljødirektoratet har laga ein rettleiar om kva ein søknad skal innehalde.


Publisert 16.11.2021

Kontroll av anlegg som driv med mekanisk overflatebehandling

Vi har kontrollert seks verksemder som driv med mekanisk overflatebehandling og vedlikehald av metallkonstruksjonar i tilknytning til faste anlegg/installasjonar. Dei fleste har forbetringspunkt. 


Publisert 08.11.2021

Rettleiing til nye reglar om utforming og drift av kunstgrasbaner

Miljødirektoratet har laga ein rettleiiar om utforming og drift av kunstgrasbaner. Dei som har ansvar for slike baner kan i den nye rettleiaren få oversikt over kva for krav som gjeld for idrettsbaner med gummigranulat eller andre former for laust fyllmateriale med plast.


Publisert 22.10.2021

Kontroll av anlegg som handterer EE-avfall

For tida gjennomfører Statsforvaltaren tilsyn med anlegg for EE- og metallavfall, for å sjå om EE-avfall vert handtert ulovleg. 


Publisert 22.10.2021

Tilsyn med avfallsdeponi

Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn med deponi. Tilsyna viser at fleire anlegg har store manglar ved drifta. 


Publisert 02.07.2021

Kunngjering - Løyve til forureining til Bergen Rideklubb

Bergen Rideklubb på Sletteneset i Bergen kommune har 30. juni 2021 fått løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg for kompostering av hestegjødsel.