Avfallsplan for hamner

Dersom du driv ei hamn må du utarbeide ein avfallsplan i tråd med krava i forureiningsforskrifta

Publisert 14.08.2023

Avfall frå båtar er kjelde til marin forsøpling

Forsøpling til havs er eit aukande nasjonalt og internasjonalt problem. Avfallet kjem frå fleire kjelder, men avfall frå skip og båtar står globalt for omtrent 20 prosent av den marine forsøplinga.

Avfallsplan for hamner er eit verktøy for å redusere marin forsøpling

Som eit  tiltak for å redusere marin forsøpling, er det viktig at skip leverer avfallet sitt på land og at hamner har tilstrekkeleg mottaksordning for avfall frå skip som legg til kai. I kapittel 20 i forureiningsforskrifta er det krav om at alle hamner skal ha ein avfallsplan der avfallsmengde, avfallstype og mottaksordning for avfall frå skip og båtar er vurdert.

Alle hamner skal ha avfallsplan

Kravet til avfallsplan gjeld alle typar hamner uavhengig av storleik, aktivitet eller føremål. Det er hamneansvarleg som skal sørge for at hamna har godkjent avfallsplan og avfallsmottak i tråd med planen. Hamneansvarleg er den som driv hamna. Om ingen driv hamna, er eigar hamneansvarleg. Avfallsplanen skal godkjennast av Statsforvaltaren.

Fristen er gått ut

Kravet til avfallsplan i hamner vart innført i 2014, og det er på høg tid å få dette på plass. Noreg er dømt i ESA fordi mange hamner framleis manglar godkjent plan. Statsforvaltaren vil om naudsynt ta i bruk tvangsmulkt for å sikre at alle hamner får godkjente avfallsplanar.

Rettleiing

Avfallsplanen skal utarbeidast ut i frå vedlegg I, i kapittel 20 forureiningsforskrifta. Til høgre på denne sida ligg det ein mal som kan brukast til å utarbeide ein avfallsplan. Miljødirektoratet har laga ei rettleiing for utarbeiding av avfallsplanar i hamner; M-714. Rettleiinga kan lastast ned frå Miljødirektoratet si heimeside.

Kontakt Statsforvaltaren i Vestland om du treng råd om avfallsplan for hamner.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.