Avfall og gjenvinning

Oppdatert 22.01.2024

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 16.11.2021

Kontroll av anlegg som driv med mekanisk overflatebehandling

Vi har kontrollert seks verksemder som driv med mekanisk overflatebehandling og vedlikehald av metallkonstruksjonar i tilknytning til faste anlegg/installasjonar. Dei fleste har forbetringspunkt. 


Publisert 08.11.2021

Rettleiing til nye reglar om utforming og drift av kunstgrasbaner

Miljødirektoratet har laga ein rettleiiar om utforming og drift av kunstgrasbaner. Dei som har ansvar for slike baner kan i den nye rettleiaren få oversikt over kva for krav som gjeld for idrettsbaner med gummigranulat eller andre former for laust fyllmateriale med plast.


Publisert 22.10.2021

Kontroll av anlegg som handterer EE-avfall

For tida gjennomfører Statsforvaltaren tilsyn med anlegg for EE- og metallavfall, for å sjå om EE-avfall vert handtert ulovleg. 


Publisert 22.10.2021

Tilsyn med avfallsdeponi

Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn med deponi. Tilsyna viser at fleire anlegg har store manglar ved drifta. 


Publisert 02.07.2021

Kunngjering - Løyve til forureining til Bergen Rideklubb

Bergen Rideklubb på Sletteneset i Bergen kommune har 30. juni 2021 fått løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg for kompostering av hestegjødsel.


Publisert 15.06.2021

Romarheim Entreprenør trekkjer søknaden i Alvermarka

Søknad om oppretting av vaskeanlegg for forureina massar har vore lyst ut på nettsida vår tidlegare. Søknaden er no trekt. 


Publisert 10.05.2021

Velde Produksjon AS søkjer om løyve til å ta imot, mellomlagre og behandle gjenbruksasfalt på Skaganeset

Verksemda vil ta i mot gjenbruksasfalt og bruka han inn i produksjonen av ny asfalt på asfaltverket på Skaganeset i Øygarden. Tiltaket krev løyve etter forureiningslova og høyringsfristen er satt til 11. juni 2021.


Publisert 21.04.2021

Kunngjering - Løyve til avfallsanlegg i Gloppen kommune

Retura Nomil AS har den 14. april 2021 fått løyve etter forureiningslova til avfallshandtering på ny lokalitet i Eidsmona i Gloppen kommune. Aktiviteten vert flytta frå nabotomta, og vil skje om lag som eksisterande drift.


Publisert 12.03.2021

Handtering av brøytesnø

Snø som blir liggande på vegar kan innehalde partiklar, mikroplast, sand, grus og avfall, tungmetall og andre miljøgifter. Deponering og dumping av slik snø kan føre til forureining og derfor krevje løyve frå Statsforvaltaren.


Publisert 11.02.2021

Mange avfallsanlegg har auka merksemd på brannrisiko

Saman med brann- og redningsetaten gjennomførte vi 14 tilsyn på avfallsanlegg i oktober 2020. Dei fleste anlegga hadde vurdert brann- og påfølgande miljørisiko, men fleire anlegg hadde manglar ved sine vurderingar.