Digital forureiningsveke for kommunane i Vestland

Dato:
13. desember 2022 - 15. desember 2022
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunar, både administrasjon og politikarar

Kva verktøykasse har kommunane til å følgje opp forureining? Forureiningsveka frå 13. til 15. desember er ein webinarserie for kommunen som forureinar og myndigheit. 

Publisert 09.11.2022

Målgruppa for Forureiningsveka er kommunar, både administrasjon og politikarar. 

Tysdag 13. desember

9:00-11:00 - Avfall

  • Ulovleg avfallshandtering. Om kommunen si rolle. 
    • Ulovleg brenning
    • Forsøpling
  • Massehandtering og bakkeplanering
    • Forureining frå massefyllingar
    • Korleis vert naturmangfaldet påverka av massefyllingar?
    • Berekraftig massehandtering i planarbeidet
    • Når og korleis skal vi regulere massehandtering?

13:00-15:00 - Grunnforureiningsdatabasen - Workshop

Kommunen si myndigheit og plikt til å leggje inn data i Grunnforureining. Ein workshop for å kome i gang med arbeidet. 

  • Kvifor skal vi registrere?
  • Kva er konsekvensane av manglande registreringar?
  • Oppfølging av konkrete saker (til dømes deponi og nedlagde skytebaner)

Onsdag 14. desember

9:00-11:00 - Vassforvaltning

  • Kvifor tar vi vare på vatnet?
  • Kvifor overvaker vi vassførekomstane?
  • Myndigheitspålagt overvaking i praksis (Fensfjorden, Florø og Måløy)
    • Kva er iverksett for store avløpsanlegg og næringsmiddelverksemder?
  • Landbruk som kjelde til forureining

13:00-15:00 - Plastforureining

  • Plastforurensning i sjø og vassdrag
  • Plastforurensning i landbruket
  • Granulat frå kunstgrasbaner, resultata etter tilsynsaksjonen og vidare arbeid
  • Avfallsplanar i hamner
  • Brøytesnø

Torsdag 15. desember

9:00-11:00 - Støy

  • Korleis kan kommunen regulere og følgje opp støy frå verksemder?
  • Handtering av støy i planarbeid, T-1442
  • Støyutfordringar frå akvakulturanlegg

13:00-15:00 - Avløp

Avløp frå små reinseanlegg - kommunen sitt ansvar som forureiningsmyndigheit.

  • Nasjonale føringar for avløp. Kvar betyr dette for oppfølging av små og mindre avløpsanlegg?
  • Tilsyn med kommunen sine plikter - resultat frå avløpsaksjonen hausten 2022

Det blir innlegg frå Miljødirektoratet, Bergen og Omland Friluftsråd og Statsforvaltaren i Vestland. Det blir òg innlegg frå fleire kommunar. Programmet vert oppdatert fortløpande.

Det blir sett av god tid til spørsmål.

Forureiningsveka 2022 - påmelding

Kva dagar ønskjer du å delta?
Dato:
13. desember 2022 - 15. desember 2022
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunar, både administrasjon og politikarar