Drifta av deponia kan bli betre

Vatn med rustraud farge som er oppsamla i eit reinseanlegg
Deponieigarane må framover optimalisere drifta av reinseanlegga. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Statsforvaltaren har hausten 2022 gjennomført tilsyn på 7 av avfallsdeponia i Vestland fylke. Tilsyna er ei oppfølging av kontroll på dei same deponia i 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.02.2023

Mottakskontrollen ved deponia er mangelfull

Nokre deponi har no fått på plass ein god mottakskontroll, men dei fleste deponia har framleis mangelfulle rutinar knytt til kontroll av avfallet. Dette gjer at det er usikkert om avfallet som blir motteke oppfyller krava for deponering på eit ordinært deponi.

Deponia må arbeide vidare for å få ei god drift av sigevassreinseanlegga

Fleire av verksemdene har leda vekk overvatn frå deponia eller har lagt planar for dette. Dette vil lette sigevassreinsinga då vassbelastinga på reinseanlegget vil bli mindre. Vidare er det også etablert nedbørstasjonar og kontinuerleg logging av sigevassavrenning som gjer at det vil vere mogleg å få ei styring av reinseprosessen av sigevatnet. Desse tiltaka gjer at deponieigarane kan starte på sjølve optimaliseringsprosessen av sigevassreinsinga. I denne prosessen må verksemdene også ta omsyn til resipienten som sigevatnet renn ut i.

Fleirtalet har god drift av gassanlegget

Før 2010 vart det deponert avfall som inneheldt organisk materiale som for eksempel matavfall på deponia. Under anaerobe tilhøve blir det utvikla såkalla deponigass frå slikt avfall. Deponigass består i hovudsak av metan (CH4) og karbondioksid (CO2). Dette er klimagassar. Fleirtalet av anlegga har god oppsamling og drift av gassanlegget, medan andre anlegg har mykje arbeid att som må gjerast før gassoppsamlinga fungerer som den skal.

Fleire av deponia har auka bemanninga og kompetansen

Drift av deponi er komplisert og krev mellom anna mykje kompetanse innan kjemi og styring av reinseprosessar. Fleire av anlegga har sett at det er nødvendig med både å auke bemanning og meir kompetanse for å kunne sikre ei god drift av deponiet.

Vidare oppfølging

Statsforvaltaren følgjer opp deponieigarane og ber dei om tilbakemelding på funna vi har gjort. Vi har varsla tvangsmulkt knytt til fristane for tilbakemelding for å sikre at framdrifta vi legg opp til blir overhalde. Vi vil etter at vi har motteke tilbakemeldinga avgjere kva den vidare oppfølginga blir.

Dette er ein del av Statsforvaltarens arbeid med FNs berekraftsmål

GOAL_6_TARGET_6.3_0.png

Delmål 6.3: Innan 2030 sørgje for betre vasskvalitet ved å redusere forureining, avskaffe avfallsdumping og mest mogleg avgrense utslepp av farlege kjemikaliar og materiale, halvere prosenten ubehandla spillvatn og i vesentleg grad auke gjenvinning og trygg ombruk på verdsbasis

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.