Biogassanlegget på Stord har overskride grensene for luktutslepp

Biletet viser to kvite høge gasstankar og blå himmel.
Biogass vert danna ved at mikroorganismar i oksygenfritt miljø bryt ned organisk materiale, som gjødsel, matavfall, planterestar og anna. Biogass består i hovudsak av metan. Forbrenninga av biogass vert rekna for å vere karbondioksidnøytral og kan nyttast til å produsere straum, varme og drivstoff. Foto: Toril M. Mulen / Statsforvaltaren i Vestland .

Det vart gjennomført tilsyn ved biogassanlegget til Renevo AS på Stord i april. Det vart avdekka alvorlege brot på forureiningslovverket. Vedlagt ligg inspeksjonsrapporten. 

Publisert 22.05.2023

Inspeksjonen vart gjennomført for å kontrollere om gjeldande krav som er fastsette i eller med heimel i forureiningslova, vert overhaldne. Inspeksjonen er ein del av Statsforvaltaren sitt risikobaserte industritilsyn for i år. 

Oppfølging etter inspeksjonen

Renevo AS pliktar å rette opp avvika som er omtalte i inspeksjonsrapporten så snart som råd. Vi har bedt om at verksemda innan 14. juni 2023 sender ei skriftleg utgreiing som viser korleis avvika er retta og kva tiltak som er gjennomførte eller planlagde. 

Avvika som vart avdekka 

Statsforvaltaren avdekka 3 avvik under inspeksjonen. 

  1. Verksemda har hatt luktutslepp som har overskride grenseverdien i løyvet og har ikkje oppdatert luktrisikovurderinga etter at anlegget vart sett i drift. 
  2. Internkontrollen er mangelfull. 
  3. Verksemda har teke imot avfall som ikkje er i tråd med løyvet. 

Vi ser alvorleg på avvik 1 og 2 som vart avdekte i denne inspeksjonen. 

Ber om at luktrisikovurdering, luktmåling og spreiingsberekning vert utarbeidd snarleg

Statsforvaltaren varsla i brev av 9. mars 2023 at luktrisikovurdering, luktmåling, spreiingsberekning og handlingsplan for tiltak skulle utarbeidast så raskt som mogleg og innan 30. september 2023. I og med at situasjonen er så uoversiktleg med omsyn til lukt, ser vi at dette må komme på plass tidlegare. Dette er også verksemda einig i. Ut frå krav i løvyet skulle undersøkingane og vurderingane nemnd over allereie vore gjort. 

Luktmålingane og spreiingsberekningane vil vise om luktutsleppa er innanfor utsleppsgrensene eller ikkje. Om målingane viser brot på utsleppsløyvet vil Statsforvaltaren vurdere å stenge mottaket av avfall til anlegget. Dette betyr at verksemda raskt må få på plass dei tiltaka som er nødvendige. 

Verksemda har levert status for luktoppfølging og tiltak 10. mai som du finn til høgre på denne sida. Du finn og inspeksjonsrapporten til høgre på denne sida. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.