Vi tilrår Svanøy naturreservat i Kinn kommune

kvinne sitter på stubbe og ser ut over skog i tåkelandskap
Det er store verneverdiar i skogane på Svanøy. Sidan årsnedbøren er høg og det er sjeldan mange minusgrader trivst den boreonemorale regnskogen her. Den husar mange sjeldne, truga og sårbare artar som ikkje kan leve andre stader. Foto: Stein Joar Hegland.

Vi tilrår vern av nær halve Svanøy som naturreservat etter prosedyra for frivillig skogvern. Arealet husar mykje gull i dei grøne skogane og bidreg til målet om å ta vare på representativ og verdifull natur for framtidige generasjonar. 

Publisert 28.02.2024

Statsforvaltaren i Vestland tilrår vern av Svanøy naturreservat i Kinn kommune, Vestland fylke, i medhald av naturmangfoldlova. Tilrådinga omfattar 5218 dekar nytt verneareal. Totalt skogareal er om lag 4800 dekar, og av dette er om lag 3 900 dekar produktiv skog. Tilrådinga inkluderer fire fysisk separate delområde, der alle inngår i same verneplan med same verneforskrift. Det tilrådde vernearealet utgjer 47 % av totalarealet på Svanøy. Sjå heile tilrådinga med kart og forskrift i høgrefana. 

Mange truga artar og langsiktig karbonbinding

Det tilrådde verneområdet inkluderer viktige naturtypar og eit stort tal trua og nær trua artar som vil kunne bli ivaretekne for framtida. Vern av skogen på Svanøy bidreg til å redusere dei negative effektane av klimaendringane gjennom å sikre eit nettverk av viktige leveområde for naturmangfaldet i norske økosystem.

Det tilrådde verneområdet har stor variasjon og rikt artsmangfald. Slike område er robuste mot endringar i klimaet og bidreg til langsiktig bevaring av artsmangfaldet og vidareføring av dei økosystemtenester skogen gir. Vern av området vil bidra til langsiktig binding av karbon. Det meste av skogen i denne tilrådinga er gammal barskog, som ifølgje ein rapport (sjå referanse i tilrådinga) har det største karbonlageret per arealeining i levande biomasse. Den gjennomsnittlege karbonmengda i levande biomasse i skog som blir verna er estimert til å vere om lag 70 tonn karbon per hektar. 

Verneverdiane for Svanøy er knytt til 14 naturtypelokalitetar som vil bidra til å fylle manglar i vernet, samtidig vil dei bidra til å bevare trua og nær trua artar.

blader i skogslandskap
Kristtorn er ein art ein finn mange stadar på Svanøy, men er relativt uvanleg elles. Forskarar trur at kristtornslekta kan ha sitt opphav heilt tilbake for over 200 millionar år sidan. Kristtorn likar seg berre i område med mild vinter og varm sommar, og vi finn den langs store delar av kysten vår. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Frå 25% "tvangsvern" til nær 50% frivillig vern av øya

I 1992 la Direktoratet for naturforvaltning fram to utkast til verneplanar (barskog og barlind-kristtorn) for Vest-Noreg. Begge utkasta omfatta areal på Svanøy, til saman 25% av arealet på øya. Verneforslaga førte den gong til sterke reaksjonar frå grunneigarane på Svanøy, og både Miljøverndepartementet, Landbruksdepartementet og Direktoratet for naturforvaltning vart trekt inn. Disse etablerte ei arbeidsgruppe som skulle arbeide fram ein bruks- og verneplan som eit alternativ til vern etter naturvernlova.

Vernet etter naturvernloven vart lagt på is, og ei alternativ løysing vart etablert med prosjektet Svanøy bruks- og verneplan. Prosjektet Svanøy bruks- og verneplan kom i gang i 1997, der tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte leia prosjektgruppa. Der skulle representantar frå Svanøy-samfunnet, kommunen og dåverande fylkesmannen i Sogn og Fjordane i lag utarbeide alternativ til vern etter naturvernlova. Bruks- og verneplanen skulle ta omsyn til miljø- og verneverdiar knytt til kulturlandskap, kristtorn og kystnær furuskog i tillegg til å sjå behovet for næringsutvikling og verdiskaping. Det vart laga ein plan for alle landbrukseigedomane på Svanøy. Disse vart også lagt til grunn ved utarbeiding av arealdelen av kommuneplanen. Det vart oppretta nye stillingar for å følgje opp planen. 

Frivillig skogvern er ei løysing som alle partar er nøgde med

Dei siste åra har frivillig skogvern etter naturmangfaldlova vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Grunneigarane i disse aktuelle skogområda på Svanøy har akseptert det økonomiske tilbodet frå staten, og med ordninga frivillig skogvern kan vi no tilrå eit vern på nær halve totalarealet på Svanøy. Det er Norskog som har framforhandla vernet på vegner av grunneigar, og som har sett til at interessene til grunneigarane blir ivareteke.

Austsida av Svanøy sett frå fugleperspektiv med grøne bøer og skog og eit oppdrettsanlegg i havet
Austenden av Svanøy sett frå fugleperspektiv, der ein ser både Storåsen nært på og Austneset stikkande fram midt i biletet. Garden Solhaug er synleg i venstre hjørne. Det er ein del gran i tilbodsområdet. Grana er i spreiing og trugar verneverdiane, men med status som naturreservat kan vi lettare setje inn tiltak for å sikre verneverdiane. Foto: Johan Trygve Solheim.

Det tilrådde området på Svanøy er lokalisert på gards- og bruksnummer 113/1, 113/5, 113/22, 114/1, 116/1, 117/1, 117/7 og 117/10 i Kinn kommune. Arealet er eigd av private grunneigarar som har signert tilbod om vern av eigedom som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern. Miljødirektoratet eig også ein teig med gards- og bruksnummer 113/22 der det er ein pågåande prosess med makeskifte.  

Erfaringane frå Svanøy bruks- og verneplan la grunnlaget for å tidleg involvere Svanøy-samfunnet i dialogen om frivillig skogvern. Det har såleis vore fleire møte enn vanleg i skogvernprosessar, og dette har ført til eit høgt kunnskapsnivå og engasjement om vernet i lokalsamfunnet, meir enn vanleg i eit lokalsamfunn. Statsforvaltaren har prioritert meir kapasitet på vernesaka på Svanøy enn det som er vanleg i frivillig skogvernprosessar, og det har vore viktig for å få ein vellukka prosess.

Skogvern på Svanøy vil fylle viktige manglar i skogvernet

Svanøy har vore kartlagt fleire gonger gjennom tidene og skogen har alltid vore vurdert som ein biologisk «hotspot». Det tilrådde området på Svanøy inkluderer 14 naturtypelokalitetar med m.a. fattig og rik boreonemoral regnskog, rik edellauvskog, gammalskog av både boreal barskog og lauvskog, låglands- og kystfuruskog, samt ein lokalitet av gamal svartorsumpskog. Det finst ikkje tilsvarande skog med kombinasjon av denne storleiken, alder, berggrunn, variasjon og klima på Vestlandet, noko det høge talet av sjeldne, sårbare og truga artar er levande bevis for.

gamal skog fuktig
Gamal svartor-sumpskog er sjeldan i fylket og husar mellom anna den raudlista kystskriftlaven. Foto: Ulrike Hanssen.

Boreonemoral regnskog og rik edellauvskog er høgt prioriterte skogtyper å verne meir av i fylket vårt. Varmekjær kjeldelauvskog med svartor er svært sjeldan i fylket, men finnast innanfor tilbodsområdet. Skogen er gjennomgåande urørt og gamal, og det er stadvis mykje daud ved. Ei lang rekke artar er registrert i området, og inkluderer den kritisk truga stiftpulselaven (CR), den sterkt truga stjernerurlav (EN), og andre artar på den norske raudlista. Sistnemnte lav har Svanøy som einaste levestad i Sogn og Fjordane, og er elles registrert i Sunnhordaland, i Storbritannia og Nord-Amerika.

Norge har eit særleg forvaltingsansvar for fleire av artane og naturtypane vi finn på Svanøy, då meir enn 25 % av den enkelte art/naturtype har ei vesentleg del av si naturlege utbreiing i Noreg. 

Kjerneområde for fattig boreonemoral regnskog, ei naturtype vi har eit stort ansvar for å bevare

Svanøy ligg i kjerneområdet for fattig boreonemoral regnskog, ei truga naturtype som Noreg har eit spesielt ansvar for. Tilbodsområda er i si heilskap lågtliggjande, dei grenser mot fjorden på fleire sider av øya og det høgaste punktet er Vågsfjellet på 235 moh. Ingen øyer mellom Bergen og Molde har liknande variert og rik skogdekning som Svanøy. Føremålet med naturreservatet vil vere å ta vare på denne trua, sjeldne og sårbare naturen for framtida. 

Svanøy ligger i kjerneområdet for regnskog, og saman med Osøyra naturreservat, som vart verna i 2023 på fastlandet innanfor Svanøy, vil disse områda danne grunnlag for eit større økologisk nettverk.

lav på trestamme
Mens regnskogen i Amazonas har karismatiske artar som jaguar, flodsvin og arapapegøye har vi mange spennande artar i norske regnskogar også. Det er eit stort tal sjeldne og truga lavartar i skogane på Svanøy. Kjenner du til stjernerurlav, gul pærelav eller kystprikklav? Desse er like viktige å ta vare på som dei meir karismatiske artane i Amazonas, og i samarbeid med grunneigarane kan desse artane gå framtida litt tryggare i møte. Foto: Geir Gaarder.

Vi har i oppdrag å verne verdifull skog for framtida

Statsforvaltaren i Vestland har i oppdrag frå regjeringa å verne verdifull skog i fylket. Skogen husar seks av ti landlevande artar og er viktig å ta vare på om vi skal hindre tap av biologisk mangfald. Skogen har også ei rolle i klimasamanheng.

Ni av ti av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar. Det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre Vestlandsnaturen for framtida.

Frivillig skogvern er eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Grunneigarane får ei erstatning frå staten for å avstå frå hogst og andre aktivitetar og inngrep. Norskog har sett til at interessene til grunneigar har blitt ivareteke i verneprosessen.

tre mennesker ser utover et skogs- og fjordlandskap
Det er mange som brukar naturen på Svanøy. Friluftslivet inkluderer både jakt, fiske, vandring, sykling og sanking av bær og sopp. Det er mange flotte utsiktspunkt og korte avstandar. I tilrådinga kan du lese meir om interessene i det tilrådde verneområdet. Foto: Norskog v/ Kristine Jacobsen.

Mange møte og stort engasjement i verneprosessen

Oppstart og høyringsbrev for verneområda er sendt til relevante sentrale og lokale partar, sjå adresseliste bak i dokumentet til høgre. Omtale av alle interessser som til dømes friluftsliv, forskning, kraftliner, mineralutvinning med meir er å lese i tilrådinga.

I tillegg til utsending av oppstarts- og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring presentert på nettstaden vår og kunngjort i Firda og Firdaposten. 

Vi tilrår å opprette Svanøy naturreservat

Det kom inn mange innspel til verneprosessen. I tilrådinga ligg eit samandrag av innspela og våre kommentarar til disse. Eit eige vedlegg inneheld alle innspela i fulltekst. Det er Miljødirektoratet som skal handsame saka vidare før den blir sendt til KLD før vernevedtak i statsråd. Vi håpar på vernevedtak i løpet av året. 

Vernekart og verneforskrift er tilgjengeleg bak i tilrådinga vår som ligg til høgre i denne nettsaka. Der ligg også lenkje til både oppstartsmeldinga og høyringsdokumenta. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.