Ny strategi mot antimikrobiell resistens
Strategien har ei gjennomgåande tilnærming der folkehelse, dyrehelse, plantehelse og miljø blir sett i samanheng.
Publisert 01.10.2024
Rotenonbehandling av Hildalsvatnet i Ullensvang kommune
Hildalsvatnet i Ullensvang kommune skal behandlast for å utrydde ørekyte i oktober 2024.
Publisert 30.09.2024
Høyring av forslag til forskrift som etablerer eit nytt område for obligatorisk opplæring i bruk av snøskutar ved Robjørgane i Stryn kommune
Forslaget er sendt ut på høyring, og frist for å kome med fråsegn er 30. november 2024.
Publisert 30.09.2024
Høyring av søknad om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid Røldal kraftverk i Ullensvang kommune
Hydro Energi skal utbetre magasindammen i Valldalen i Røldal kraftverk. Tiltaket består av nytt flaumoverløp, inkludert utviding av vegen inn i terrenget mot vest, ny flaumtunnel og ny tappeluke i nytt lukehus. Høyringsfrist for uttale til søknad om løyve er 1. november 2024.
Publisert 26.09.2024
Fagleg påfyll på forureiningsfeltet
Siste veka i september arrangerte vi Forureiningsveka 2024, ein webinarserie om aktuelle tema innanfor forureiningsfeltet. Opptak og presentasjonar frå innlegga er tilgjengelege til og med 10. oktober 2024.
Publisert 26.09.2024
Ny justert vernegrense for Hestad landskapsvernområde
Miljødirektoratet har gjort vedtak om grensa for Hestad landskapsvernområde.
Publisert 18.09.2024
Almesjuke oppdaga i Vestland, vi inviterer til informasjonsmøte
Etter at almesjuka vart oppdaga på eit tre i Sogn i fjor har sjukdomen spreidd seg. Vi inviterer til eit digitalt informasjonsmøte om almesjuka, der Isabella Børja frå NIBIO orienterer og svarar på spørsmål.
Publisert 13.09.2024
Første rapport frå det treårige overvakingsprogrammet i Florø er klar
Rapporten for 2023 skildrar vasskvalitet og økologisk tilstand i sjøområda som omkrinsar Florø.
Publisert 13.09.2024
Vi startar vern av nasjonalt viktig natur i sørvestre Øygarden
Området er over 8000 dekar og eitt av dei mest inngrepsfrie kystlandskapa i Hordaland. Vernet vil sikra kystlynghei i mosaikk med myrar, tjern og naturbeitemark. Frist for uttale er 20. oktober 2024.
Publisert 04.09.2024
Tiltak hjelper å redusere plast i elvene
Det er gjort funn av plast i dei fleste av dei undersøkte vassdraga frå ei ny kartlegging. Tiltak som opprydding og systematisk innsamling har positive effektar, særleg i landbruksområde. Lokale tiltak kan ha rask og merkbar effekt på miljøet.
Publisert 04.09.2024
Søknad om endra utsleppsløyve for Sandane lufthamn
Avinor AS søkjer om løyve til auka forbruk av flyavisingskjemikaliar frå Sandane lufthamn.
Publisert 03.09.2024
Fagleg påfyll med klima- og naturwebinar
Korleis ta omsyn til klima og natur i planlegging i kommuner, fylkeskommune eller regional forvaltning? Fem nye webinar kjem i haust med ulike relevante tema, og første går av stabelen den 17. september.
Publisert 02.09.2024
Søknad om anleggsarbeid i sjø for utviding industriområde Breivika Eigedom Breivika i Bremanger
Breivika Eigedom søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for å utvide industriarealet sitt i Breivika gnr/bnr 38/697 i Bremanger kommune.
Publisert 30.08.2024
Søknad om utfylling i sjø gnr/bnr 53/24 Grunnavågen Stord for Waage Anlegg AS
Waage Anlegg AS skal fylle ut i sjø, for å utvida landområdet, og søkjer om løyve etter forureiningslova for delar av anleggsarbeida.
Publisert 29.08.2024
Vi startar frivillig skogvern av Hammarland i Fusa
Området utgjer drygt 500 dekar og vil sikra fleire trua artar i vestnorsk regnskog og rik edellauvskog. Arealet er ein del av dei største samanhengande skogområda i Vestland. Frist for uttale er 19. september.
Publisert 29.08.2024
Statsministeren markerte Svanøya naturreservat for opna
Det var ein stor dag for naturvernarbeidet i Vestland då statsminister Jonas Gahr Støre kom til Svanøy førre veke. Frå ein talarstol i skogen som var "minst like fin som Stortingets" erklærte han Svanøya naturreservat for opna.
Publisert 28.08.2024
Første rapport frå det treårige overvakingsprogrammet i Måløy er klar
Rapporten for 2023 skildrar vasskvalitet og økologisk tilstand i sjøområda som omkrinsar Måløy.
Publisert 22.08.2024
Digital forureiningsveke for kommunane i Vestland
Tirsdag 24. til torsdag 26. september inviterer vi til ein webinarserie om aktuelle tema innanfor forureiningsfeltet.
Publisert 21.08.2024
Søknad om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid knytt til rehabilitering av Bjølsegrøvatn dam i Kvam herad
Statkraft Energi skal rehabilitere dammen i Bjølsegrøvatnet som er inntaksmagasin til Bjølvo kraftverk.
Publisert 16.08.2024
Søknad om mudring i sjø foran kai ved Breivika i Fanafjorden fra Statnett
Statnett treng å mudre foran kai ved Breivika i Fanafjorden slik at nye fartøy som stikk djupare kan leggje til kai.
Publisert 16.08.2024
Søknad om utfylling i sjø - etablering sjøpromenade Eidfjord sentrum
Eidfjord kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å etablere eit nytt torg, forlenging av eksisterande kai og ny sjøpromenade i Eidfjord sentrum.
Publisert 16.08.2024
Høyring av frivillig skogvern i Folkedal og Haukanes i Voss herad
Vi sender på høyring utviding av Folkedal naturreservat langs Granvinsfjorden i Voss herad. Vernet vil sikra over 700 dekar viktig og variert edellauvskog med mange trua artar. Frist for uttale er 21. oktober.
Publisert 14.08.2024
Påbod om nedsenking av garn
Vi minner om at det er påbod om nedsenking av alle garn i sjø, uansett maskevidde, i perioden 1. mars til 30. september i heile Vestland.
Publisert 01.08.2024
Vi tilrår Eimhjellen naturreservat i Gloppen kommune
I samarbeid med grunneigarane kan vi tilrå vern av 6060 dekar med svært verdifull natur på Eimhjellen som nytt naturreservat i Gloppen. I kandidatområdet er den sterkt truga arten nipdraugmose registrert, ein art som Noreg har eit særleg forvaltningsansvar for.
Publisert 01.08.2024
Vi tilrår Helleren naturreservat i Lærdal kommune
Vi tilrår etablering av Helleren naturreservat i Lærdal kommune. Området er 833 dekar stort og er tilrådd etter dialog med grunneigar. Arealet husar verdifull edellauvskog og bidreg til målet om å ta vare på representativ og verdifull natur for framtidige generasjonar.
Publisert 10.07.2024
Tiltak i laksefisket i Vestland
I Vestland blir fem av dei stengte elvane opna for fiske. Det er framleis ikkje lov å fiske med fastståande reiskap, og det opnast ikkje for fiske etter laks med stong og handsnøre i sjø. Vedtaket gjeld frå og med 11. juli 2024.
Publisert 10.07.2024
Ragn-Sells AS avd. Voss på Bjørkemoen søkjer om nytt løyve
Ragn-Sells AS tek imot og miljøsanerer kasserte køyretøy. Eksisterande løyve for anlegget på Bjørkemoen er utdatert, og verksemda søkjer om nytt løyve.
Publisert 05.07.2024
Søknad om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid knytt til bygging av sykkelvegbru over Apeltunelva i Bergen
Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i og ved Apeltunelva i Bergen. Det skal byggjast ei ny sykkelvegbru.
Publisert 04.07.2024
Søknad om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø - Nøstet Sjøfront AS i Bergen kommune
Nøstet sjøfront AS søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeider i sjø ved eigedomane gnr./bnr. 165/1193, 165/581 m fl. på Nøstet i Bergen kommune.
Publisert 03.07.2024
Delta i dugnaden for å hindre spreiing av hamnespy
Den framande arten hamnespy/ havnespy/ japansk sjøpung (Didemnum vexillum) har etablert seg fleire stadar i Rogaland og Vestland fylke. Kva kan du og eg gjere for å stoppe spreiinga?
Publisert 03.07.2024
Rovviltberedskap i beitesesongen 2024
Statsforvaltaren har telefonvakt i beitesesongen om det skulle oppstå akutte situasjonar med tap av sau til freda rovvilt.
Publisert 03.07.2024
Vi startar nytt skogvern på Ospehåjen, vest for Hundvika, i Stad kommune
Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Ospehåjen naturreservat i Stad kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 10. august 2024.
Publisert 03.07.2024
Søknad om løyve etter forureiningslova - utfylling i sjø for utviding av næringsareal - Trolleskjæret AS i Kinn kommune
Trolleskjæret AS skal utvide industriområdet på eigedom gnr/bnr. 28/1028 i Kinn kommune basert på utfylling i sjø. Det utvida arealet trengs fordi det er behov for nye sjønære næringsareal og attraktive hamnefasilitetar for å ta høgde for framtidig vekst og langsiktige satsingar innan næringar i regionen.
Publisert 28.06.2024
Søknad om løyve etter forureiningslova - utfylling i sjø for utviding næringsareal - Fitjar Mekaniske Verksted
Fitjar Mekaniske Verksted søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø på verftseigedomen sin i Fitjar. Fitjar Mekaniske verkstad skal utvide industriområdet på eigedom gnr/bnr. 65/71 i Fitjar kommune basert på utfylling i sjø. Det utvida arealet trengs til skipsverftsdrifta, bl.a. utføre stålarbeid for nybygg av båtar der dette arbeidet i dag vert utført utanlands
Publisert 27.06.2024
Søknad om undervassprengning - Monken beredskapskai i Vik for Statkraft Energi
Statkraft Energi søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø. Formålet er å auke seglingsdjupne ved kai på Vangsnes gnr./bnr. 97/232 i Vik kommune
Publisert 26.06.2024
Høyringssvar til forslag til ny gjødselvareforskrift
Det er auka interesse i marknaden for bruk av avfall og biprodukt inn i gjødselvareproduksjonen. Vi har gitt uttale til forslag til ny gjødselvareforskrift.
Publisert 24.06.2024
Beredskap mot fugleinfluensa i Vestland
Vi forventar ikkje store utbrot av fugleinfluensa i Vestland fylke i 2024, men mindre tilfelle av sjukdomen er ikkje usannsynleg. Kva skal du gjere om du finn fuglar som kan vere råka?
Publisert 22.06.2024
Fisket stenger i Vestland
Fiske etter anadrom fisk stenger i 12 vassdrag, og i Nordfjord og Dalsfjorden, i Vestland. Stenginga gjeld frå og med 23. juni 2024. Det er heller ikkje tillete å fiske laks i sjøen med stong eller handsnøre.
Publisert 21.06.2024
To nye naturreservat i Vestland vil sikre viktig natur for framtida
Regjeringa verna i dag 27 nye skogområde i åtte fylke. Områda er viktige levestader for mange trua artar. Vernet er viktig for å ivareta desse artane i framtida. To av disse ligg i kommunane Sogndal og Kinn i Vestland.
Publisert 21.06.2024
Høyringssvar om ny gjødselbrukforskrift
Forslag til ny forskrift om lagring og bruk av gjødsel har vore på høyring. Statsforvaltaren i Vestland meiner at forslaget er fagleg godt, men at det vil vere krevjande å gjennomføre for landbruket i Vestland.
Publisert 21.06.2024
Kartlegging av fuktskog i sommar
Skog i våtmark og andre fuktige område er blant dei mest truga skogtypane i Noreg, og det er viktig å få kartlagt dei restane som finst igjen. Tre område vil bli undersøkte i Vestland fylke i sommar.
Publisert 20.06.2024
Søknad om anleggsarbeid i sjø - Statens vegvesen etablering av ny liggekai - E39 Oppedal ferjekai
Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø.
Statens vegvesen skal Statens vegvesen skal etablere liggekai ved E39 Oppedal ferjeleie. Høyringsfrist er 16. august 2024.
Publisert 19.06.2024
Søknad om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid knytt til etablering av Fardalen kraftverk i Årdal kommune
Fardal Kraft søkjer om løyve etter forureiningslova for etablering av Fardal kraftverk i Årdal kommune. Høyringsfrist er 16. august 2024.
Publisert 19.06.2024, Sist endra 28.06.2024
Kunngjering av løyve til avfallsanlegg for Envir AS i Simonsviken, Bergen
Det nye løyve gir verksemda lov til å vaske forureina massar og erstattar tidlegare løyve.
Publisert 19.06.2024
Søknad om anleggsarbeid i sjø - oppgradering containerhamn - Elkem Bremanger i Bremanger kommune
Elkem Bremanger søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø. Elkem Bremanger skal leggje til rette for at større containerskip skal kunne leggje til kai. Det skal etablerast ein dykdalb med pullerter (fortøyingsinnretningar) ved den eksisterande kaien.
Publisert 17.06.2024
Spreiing av framande fiskeartar aukar i Vestland
Spreiing av framande fiskeartar er eit aukande problem i Vestland. Vi treng hjelp til å hindre vidare utsettingar, og til å spreie informasjon om kor stor skade desse fiskeartane har på vassdragsnaturen i fylket.
Denne artikkelen er også tilgjengeleg på engelsk (English) og polsk (polski).
Publisert 14.06.2024
Vi tilrår Frønningen naturreservat i Lærdal kommune
Vi tilrår etablering av Frønningen naturreservat i Lærdal kommune. Området er 17 238 dekar stort og er tilrådd etter dialog med grunneigar. Arealet husar svært gamal skog over eit stort areal og bidreg til målet om å ta vare på representativ og verdifull natur for framtidige generasjonar.
Publisert 04.06.2024
Nettseminar om motorferdsel på barmark
Alle kommunar i Noreg er invitert til eit nettseminar om barmarkskøyring. Seminaret finn stad tysdag 26. juni kl. 12.00–14.00 og passar for administrasjon og politikarar som vurderer saker om motorferdsel i utmark.
Publisert 03.06.2024
Søknad om undervassprenging - auka seglingsdjupne Kyrkjenes tømmerkai - Ullensvang
Indre Hardanger Skogeigarlag søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø. Formålet er å auke seglingsdjupne ved eksisterande tømmarkai på Kyrkjenes gnr./bnr. 251/20 i Ullensvang kommune
Publisert 31.05.2024
Søknad om anleggsarbeid i sjø - utviding næringsareal - Domstein på Raudeberg i Kinn kommune
Domstein AS søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø. Formålet med tiltaket byggje ny kai, produksjonslokale og fryselager plassert på ei utfylling i sjø.
Publisert 28.05.2024
Søk natur- og friluftsmidlar for vindkraftområde
I revidert statsbudsjett har regjeringa føreslått ei ny tilskotsordning til natur og friluftsliv i område som er påverka av landbaserte vindkraftverk. Målet er å bidra til å ivareta og fremje natur og friluftsliv i kommunar som har av slike vindkraftverk. Søknadsfristen er 7. juni.
Publisert 27.05.2024
Kommunane har ansvar for å følge opp forsøplingssaker
For å få meir kunnskap om korleis kommunen jobbar med forsøplingssaker skal vi i år gjennomføre ein tilsynsaksjon. Dette blir gjennomført over heile landet, og vi vil gå i dialog med 10 kommunar i vårt fylke om deira arbeid.
Publisert 24.05.2024
Dialog SKOG 2/24 - Oppfølging av ulovlege landbruksvegar
Korleis bør kommunen følgje opp ulovlege landbruksvegar og når er det krav til reguleringsplan?
Publisert 23.05.2024
Vi tilrår vern av Gyttavatnet naturreservat i Fjaler
Vi tilrår frivillig skogvern av Gyttavatnet i Fjaler kommune. Skogen har nasjonale verneverdiar og husar kystfuruskog, bekkekløft og rik edellauvskog med sjeldne artar. Ein status som naturreservat vil ivareta desse verdiane godt.
Publisert 22.05.2024
Nettseminar om skutertaxi (leigekøyring)
Alle kommunar i Noreg er invitert til eit nettseminar om skutertaxi, eller leigekøyring, som det også vert kalt. Seminaret finn stad tysdag 18. juni kl. 12.00–14.00 og passar for administrasjon og politikarar som vurderer søknader om motorferdsel i utmark.
Publisert 22.05.2024
Søknad om anleggsarbeid i sjø - ny containerhamn Måsholmen i Kinn kommune -
Måsholmen Utvikling AS søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø. Formålet med tiltaket er å etablera eit nytt hamne- og næringsområde ved Måsholmen-Håskjera. Det er planlagd ei ny containerhamn med djupvasskaiar som kan ta imot skip opp til 150 meters lengde.
Publisert 22.05.2024
Langt mellom lyspunkta hos sjøfuglane
Lenge såg ærfuglen ut til å ikkje følgje den nedadgåande utviklinga til andre sjøfuglartar, men no syner tellingane eit gjennomsnittleg årleg fall på tjue prosent. Tilstanden hos sjøfuglane våre illustrerer at det er langt mellom lyspunkta for naturmangfaldet.
Publisert 21.05.2024
Søknad om utfylling i sjø - Svanøy Havbruk i Kinn
Svanøy Havbruk søkjer om løyve etter forureiningslova for utfylling i sjø på gnr/bnr 117/42 i Svanøybukta i Kinn kommune. Formålet er å vinne nytt landareal.
Publisert 15.05.2024, Sist endra 15.05.2024
Når forureining har ei naturleg forklaring
Som forureiningsmyndigheit får Statsforvaltaren meldingar om forureining som vert observert i fylket. Nokon av tilfella er det naturen sjølv som er opphavet til.
Publisert 07.05.2024
Akvakulturanlegg på land vert no kontrollerte
Miljødirektoratet organiserer for første gong ein landsomfattande tilsynsaksjonen med landbaserte akvakulturanlegg. Statsforvaltaren i Vestland vil i perioden mai til desember i år kontrollere miljøkrava hjå eit utval av anlegg i fylket.
Publisert 07.05.2024
Høyring av frivillig skogvern i Eimhjellen i Gloppen
Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke sender vi ut framlegg til frivillig skogvern av Eimhjellen naturreservat i Gloppen kommune. Du er velkommen til å sende innspel i høyringsfasen innan 10. juli 2024.
Publisert 06.05.2024
Høyring av frivillig skogvern på Bermålsnosi (Bermål) naturreservat i Lærdal
Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke sender vi ut framlegg til frivillig skogvern av Bermålsnosi naturreservat i Lærdal kommune på høyring. Området vart omtalt som Bermål naturreservat i oppstarten. Du er velkommen til å sende innspel innan 10. juli 2024.
Publisert 06.05.2024
Vi startar arbeidet med å utvide Kvitingsmorki naturreservat i Årdal
Etter dialog med grunneigarane etter prosedyra for frivillig skogvern startar vi arbeidet med å utvide Kvitingsmorki naturreservat i Årdal kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 5. juni 2024.
Publisert 06.05.2024
Framlegg til vern av nasjonalt viktig natur i sørvestre Bømlo
Vi melder oppstart av vern av Roaldsfjorden, Vikaneset, Gissøyane, Nordøyane og Holsøyane. Området er blant det mest verdifulle kystlandskapa i Vestland. Frist for uttale er 15. juni 2024.
Publisert 03.05.2024
Kartlegging av naturtypar i Vestland 2024
Sommaren 2024 blir det gjennomført naturkartlegging i delar av kommunane Eidfjord, Kvinnherad, Voss og Stryn. Kartlegginga er ein del av ei nasjonal satsing for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur og ta betre vare på arts- og naturmangfaldet.
Publisert 02.05.2024
Rydd vekk pøbelplantar i vårhagen
Våren er ei fin tid å rydde i hagen før vekstane vaknar til live. Har du plantar som risikerer å spreie seg, har du også ansvar for å halde dei innanfor gjerdet. Framande artar på vidvanke er ei stor utfordring for naturmangfaldet verda over, og vi treng di hjelp for å spreie kunnskap om desse.
Publisert 30.04.2024
Kva spreieareal får du behov for?
Forslag til ny gjødselbrukforskrift er på høyring, og det er utarbeidd ein enkel kalkulator der gardbrukaren kan rekne ut kva som blir dei nye spreiearealkrava på eigen gard.
Publisert 29.04.2024
Ope møte om forvaltningsplanen for Hestad landskapsvernområde
Statsforvaltaren i Vestland arrangerer eit ope møte om forvaltningsplanen for Hestad landskapsvernområde tysdag 7. mai 2024 kl. 11.30 på Hestadgrend bedehus. Alle som ønskjer det, er velkomne.
Publisert 23.04.2024
Hekketida er i gang – ta omsyn til sjøfuglane!
I april startar sjøfuglane førebuingane til årets hekkesesong, og forbodet mot å gå i land i sjøfuglreservata langs kysten tar til å gjelde igjen. Men omsyn til hekkande fuglar bør ein ta både i og utanfor verna område.
Publisert 18.04.2024
Ragn Sells søkjer om endring av løyvet til avfallsanlegget på Eldøyane
Ragn Sells AS avdeling Sunnhordland har søkt Statsforvaltaren i Vestland om endring av løyve etter forureiningslova for anlegget på Eldøyane, Stord.
Publisert 17.04.2024
Søknad om utfylling i sjø, Kystbyen AS i Kinn kommune
Kystbyen AS søkjer om løyve til utfylling av ca. 100 000 m3 massar i område B8 – B9, Stranda i Kinn kommune.
Publisert 12.04.2024
Søknad om løyve til utslepp av reinsa tunnelvatn til Hundvikfjorden Bremanger
Firdakraft AS søkjer om utsleppsløyve etter forureiningslova § 11 for midlertidige utslepp i anleggsperioden for Nye Øksenelvane kraftverk, Bremanger kommune. Dette gjeld partikkelutslepp frå tunneldrift, nitrogenutslepp frå uomsett sprengstoff, høg pH ved bruk av sementprodukt og fare for oljeutslepp.
Publisert 12.04.2024
Søknad om utfyllingar i sjø- Nye Øksenelvane kraftverk i Bremanger
Firdakraft AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø på tre lokalitetar for å vinne nytt landareal i Bremanger kommune.
Publisert 10.04.2024
Søknad om anleggsarbeid i sjø - utviding Flåm cruisekai Aurland
Aurland Hamnevesen KF skal utvide cruisekaia i Flåm frå 110 meter til 185 meter ved å etablere tre nye cellespuntar.
Publisert 08.04.2024
Kunngjering av løyve til mottak av asfalt på Årsnes i Kvinnherad
Dimmelsvik entreprenør AS har fått løyve til mottak av brukt asfalt på Årsnes i Kvinnherad kommune.
Publisert 08.04.2024
NGIR søkjer om etablering av jordvaskeanlegg
Dei søkjer om å etablere jordvaskeanlegg på avfallsanlegget i Kjevikdalen. Det er søkt om å vaske 100 000 tonn massar med ulik grad av forureining og 50 000 tonn reine massar per år. Høyringsfristen er 20. mai 2024.
Publisert 03.04.2024
Kunngjering av løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn i Myrkdalen
Voss herad fekk 22. mars 2024 løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Myrkdalen tettbygde område.
Publisert 03.04.2024, Sist endra 17.06.2024
Nytt forureiningsregelverk for akvakultur av fisk i sjø
Nytt forureiningsregelverk for akvakultur i sjø vart vedteke 2. februar 2024. Det nye regelverket inneber at akvakultur av fisk ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja som hovudregel er tillate utan særskild løyve etter forureiningslova.
Publisert 25.03.2024
Fellesprosjekt Arna - Stanghelle (FAS) - område Sørfjorden - søknad om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid
Fellesprosjekt Arna - Stanghelle (FAS) søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i område Sørfjorden. Høyringsfrist er 10. mai 2024.
Publisert 25.03.2024
Fellesprosjekt Arna - Stanghelle (FAS) - område Vest - søknad løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid
Fellesprosjekt Arna - Stanghelle (FAS) søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i område Vest. Høyringsfrist er 10. mai 2024.
Publisert 25.03.2024
Fellesprosjekt Arna - Stanghelle (FAS) - område Aust - søknad løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid
Fellesprosjekt Arna - Stanghelle (FAS) søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i område Aust. Høyringsfrist er 10. mai 2024.
Publisert 25.03.2024
Fellesprosjekt Arna - Stanghelle (FAS) - område Midt - søknad løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid
Fellesprosjekt Arna - Stanghelle (FAS) søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i område Midt. Høyringsfrist er 10. mai 2024.
Publisert 25.03.2024
Søknad om endra løyve til deponering av overskotsmassar i Sørfjorden og Veafjorden frå bygging av Fellesprosjekt Arna - Stanghelle
Statens vegvesen søkjer om endring av nedføringsløysing for overskotsmassane og endra lokalitet for sjødeponi vest i Bergen kommune. Høyringsfrist er 10. mai 2024.
Publisert 22.03.2024
Lokal aksept i Bremanger for å starte arbeidet med å opprette nasjonalpark på Hornelen-halvøya
Kommunestyret i Bremanger vedtok i gårsdagens møte at Statsforvaltaren får gå vidare med arbeidet med å opprette ein nasjonalpark på Hornelen-halvøya.
Publisert 22.03.2024
Vi melder oppstart av frivillig skogvern på Bermål i Lærdal kommune
Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Bermål naturreservat i Lærdal kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 24. april 2024.
Publisert 22.03.2024
Forslag til nye vernereglar og vernegrenser for Herdla naturreservat
Vi legg no forslag til endra vernegrense og vernereglar for Herdla naturreservat og fuglefredingsområde ut til offentleg ettersyn. Vi har også laga ein besøksstrategi for området. Frist for å komme med uttale er 15. juni.
Publisert 22.03.2024
Ta omsyn til villreinen i påskefjellet
Vi ber alle skituristar, kitarar, hundekøyrarar og andre som skal på tur i påskefjellet om å ta omsyn til villreinen og unngå unødig uroing. Om simlene skal få friske og levedyktige kalvar til våren treng dyra ro.
Publisert 22.03.2024
Søknad om løyve til utslepp av reinsa tunneldrivevatn frå renovering av Fv 50 Vassbygdtunnelen i Aurland
Vestland fylkeskommune søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunneldrivevatn frå arbeida med å renovera Fv. 50 Vassbygdtunnelen i Aurland kommune.
Publisert 22.03.2024
Søknad om anleggsarbeid i sjø og vassdrag for renovering av Sævareid Fiskeanlegg
Sævareid Fiskeanlegg skal gjennomføre tiltak i nedre del av Sævareidselva og den innerste delen av Sævareidfjorden i samband med renovering av fiskebruket.
Publisert 22.03.2024
Nytt gjødselregelverk på høyring
Regjeringa har sendt forslag til nytt gjødselregelverk ut på høyring. Forslaget inneber ei innstramming av spreiekrava, der endringane blir innført over åtte år. Det blir òg tatt omsyn til regionale forskjellar.
Publisert 22.03.2024
Søknad om utfylling i sjø for sikring av brufundament - Fv 606 Ytre Steinsund bru Solund kommune
Vestland fylkeskommune skal sikre eit brufundament i Ytre Steinsund bru med å fylle sprengstein i sjøen rundt fundamentet og etablere ein støtbarriere.
Publisert 21.03.2024
Høyring av Frønningen naturreservat etter prosedyra for frivillig skogvern
Som ein del av arbeidet med å ta vare på verdifull norsk natur for framtida sender vi forslag om vern av Frønningen naturreservat i Lærdal kommune på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 1. juni 2024.
Publisert 20.03.2024
Søknad om utfylling i sjø for utviding landareal 154/4 Elsåkervågen i Tysnes kommune
Alsaker Brygge AS planlegg utfylling i sjø ved eigedom 154/4 på Onarheim i Tysnes kommune og har søkt om løyve etter forureiningslova for gjennomføring av anleggsarbeida.
Publisert 20.03.2024
Søknad om utfylling i sjø for utviding av landareal Onarheim 153/1 Tysnes kommune
Alsaker Brygge AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å vinne nytt landareal nord for Elsåkervågen i Tysnes kommune.
Publisert 20.03.2024
Kunngjering av løyve til Oddvar Flatebø Maskinutleie AS
Oddvar Flatebø Maskinuleie AS har fått løyve etter forureiningslova til mottak av brukt asfalt på industriområdet på Tongane i Etne kommune på gards- og bruksnummer 32/191.
Publisert 20.03.2024
Statsforvaltaren opphevar delar av detaljregulering for ny fylkesveg 561 Kolltveit–Ågotnes
Etter kritikk frå Sivilombodet har vi sett på vår stadfesting av reguleringsplan for fv. 561 Kolltveit–Ågotnes på nytt, og kome til at vårt vedtak var ugyldig. Vi har delvis omgjort vårt eige vedtak, og opphevar no delar av reguleringsplanen.
Publisert 19.03.2024
Søknad om utsleppsløyve til tiltak i sjø i Stekervika
Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø i Stekervika i samband med Rv. 555, Sotrasambandet i Øygarden kommune.
Publisert 19.03.2024
Søknad om løyve til utslepp av reinsa tunneldrivevatn frå bygging av Straumetunnelen
Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunnelvatn frå driving av Straumetunnelen i samband med Rv. 555, Sotrasambandet i Øygarden kommune.
Publisert 18.03.2024
Fiskereglar utanfor vassdrag med laks og sjøaure er vedteke!
Vi har fastsett ny forskrift om fiske i fredingssoner i sjø, og om nedsenking av garn, i fylket vårt. Les meir her.
Publisert 14.03.2024
Vi kontrollerer anlegg som tek i mot farleg avfall
I perioden mars til mai skal Statsforvaltaren føre tilsyn med avfallsanlegg som tek imot og mellomlagrar farleg avfall.