Søknad om løyve etter forureiningsforskrifta frå Engebø Rutile and Garnet AS for tiltak i sjø ved Engebø i Sunnfjord kommune

Høyringsfrist:
17. oktober 2023 23:59

Engebø Rutile and Garnet AS søkjer om løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø ved gards- og bruksnummer 431/3, 431/6 og 431/10 i Sunnfjord kommune.

Publisert 20.09.2023

Om tiltaket

Dei omsøkte tiltaka omfattar sprenging i sjø av ca. 1 300 m3 innanfor eit areal på ca. 215 m2 for å ferdigstille eit blandekammer i samband med etablering av prosesseringsanlegget på eigedomen. Dei utsprengde massane skal nyttast til å planere ut ei flate under vatn som skal anvendast til avgangssystemet til Engebøprosjektet.

Tidsperiode for planlagt gjennomføring av tiltaket er frå november 2023 til desember 2023.

Figur som viser raudt kvadrat og blått kvadrat.
Raudt kvadrat viser kammer som allereie er sprengt, og går ned om lag -10 meter. Blått kvadrat viser flaten som denne søknaden omfattar. Den skal sprengast ned til -12 meter for så å etablere ei flate på -10 meter der det skal etablerast infrastruktur knutt til utsleppssystemet. For å knyte det raude og det blå området saman, skal det grøne arealet også sprengast ut. Foto: Kart frå søknaden / Engebø Rutile and Garnet AS.

Om søknad om løyve til tiltak i sjø

Løyve etter forureiningsforskrifta til tiltak i sjø vil mellom anna

  • regulere korleis arbeidet med tiltaka i sjø skal utførast,
  • kva avbøtande tiltak som skal nyttast og
  • korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2022/11351. Frist for å gje fråsegn er 17. oktober 2023.

Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.