Publisert 20.06.2022

Bli ein lupinjeger!

Desse vakre blomstrane er framande artar og overtek plassen til den naturlege og mangfaldige vegkantfloraen. Bidra til å ta vare på både blomstrar og insekt i vestlandsnaturen og fjern desse på din veg. 


Publisert 13.06.2022

Vil du høyre siste nytt om Vossolaksen?

Statsforvaltaren inviterer til informasjonsmøte om Vossolaksen tysdag 21. juni klokka 17.00 - 20.00 i kulturhuset på Voss. 


Publisert 08.06.2022

Kystverket søkjer om løyve til mudring i innseglinga til Florø i Kinn kommune

For å auke tryggleiken og evna til å kome seg fram i innseglinga til Florø i Kinn kommune, søkjer Kystverket om løyve til mudring ved seks delområde i Florevika til -19,3 meters djupne.


Publisert 03.06.2022

Kunngjering - Nye løyve til to avfallsanlegg i Øygarden kommune

Norsk Gjenvinning AS avd. Knarrevik og Norsk Gjenvinning Metall AS avd. Knarrevik har 3. juni 2022 fått nye løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg i Knarrevik næringspark.


Publisert 03.06.2022

Kunngjering - Nytt løyve etter forureiningslova til akvakulturanlegg i Kvam herad

Stadion Laks AS har 02.06.2022 fått nytt løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Djupevik.


Publisert 03.06.2022

Naturrestaurering på Rongevær

Med velvilje frå gunneigarar kan vi restaurere viktige kystlandskap. No er det håp om at sjøfugl kan kome tilbake til Kuøyni. Les historia om eitt av naturrestaureringsprosjekta i fylket. 


Publisert 01.06.2022

Kunngjering - Nytt løyve etter forureiningslova til akvakulturanlegg i Bømlo kommune

Tubilah AS har 01.06.2022 fått nytt løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av kveite på lokaliteten Folderøyholmen.

 


Publisert 01.06.2022

Rettleiing til søknad om løyve etter forureiningslova

Miljødirektoratet har laga ei rettleiing om kva ein søknad om løyve skal innehalde.


Publisert 01.06.2022

Kunngjering - Løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg i Høyanger kommune

Greenergy Recycling AS har 01.06.2022 fått løyve etter forureiningslova til å lagre og behandle metall på Hjetland industripark i Høyanger kommune.


Publisert 31.05.2022

Hardanger Fiskeforedling AS søkjer om løyve til slakting av laks og aure i Langevågen på Bømlo

Hardanger Fiskeforedling AS søkjer om utsleppløyve etter forureiningslova til oppgradering av eksisterande slakteri for laks og aure i Langevåg Fiskerihamn i Bømlo kommune. 


Publisert 25.05.2022

Sterk tilbakegang for ærfuglen i Vestland

Ærfuglen har status som sårbar på den norske raudlista over truga artar. Det er det god grunn til. Bestanden i Vestland er redusert med 75 prosent dei siste 20 åra.


Publisert 25.05.2022

Kystverket søkjer om løyve til mudring ved Mortingbåen i Kinn kommune

For å auke tryggleiken og evna til å kome seg fram i hovudleia vest for Florø i Kinn kommune søkjer Kystverket om løyve til mudring ved Mortingbåen og fire mindre grunner til -14,3 meters djupne. 


Publisert 20.05.2022

Høyring av ny forskrift om fiske utanfor vassdrag med anadrom laksefisk og om nedsenking av garn i Vestland fylke

Vi legg fram forslag til ny forskrift. Ny frist for å gje uttale er 9. september 2022. 


Publisert 12.05.2022

Kunngjering - Løyve etter forureiningslova til akvakulturanlegg i Osterøy kommune

Sjøtroll Havbruk AS har 10. mai 2022 fått nytt løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Tepstad.


Publisert 11.05.2022

Kartlegging av naturtypar i Vestland 2022

Sommaren og hausten 2022 blir det gjennomført kartlegging av naturtypar i delar av Askøy, Bergen, Stord, Bømlo og Øygarden kommunar. Kartlegginga er del av ei nasjonal satsing for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur.


Publisert 10.05.2022

Ny fisketid i Lærdalselvi

Miljødirektoratet har vedteke endra fisketid i Lærdalselvi i Lærdal kommune. Fisketidene for laks og sjøaure i resten av fylket er uendra.


Publisert 10.05.2022

Hugs ferdselsforbodet i sjøfuglreservata

Sjøfuglane har begynt årets hekkesesong. I denne sårbare perioden er det viktig at fuglane ikkje blir forstyrra, og derfor er det no ferdselsforbod i sjøfuglreservata.


Publisert 29.04.2022

Oppstart av frivillig skogvern av verdifull vestnorsk regnskog på Osøyra i Kinn

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for eit nær 9000 dekar stort areal på Osøyri i Kinn kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 26. mai 2022.


Publisert 28.04.2022

Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Vik kommune

Firda Settefisk Arnafjord AS fekk 5. april 2022 løyve etter forureiningslova til utviding av landbasert akvakulturanlegg på lokaliteten Arnafjord.


Publisert 27.04.2022

Landsdekkjande tilsyn med kunstgrasbaner

Idrettsbaner med gummigranulat og anna plasthaldig fyllmateriale vert kontrollerte av statsforvaltarane på oppdrag frå Miljødirektoratet no i vår.


Publisert 27.04.2022

Renevo AS søkjer om utvida utsleppsløyve for biogassanlegget på Eldøyane

RENEVO AS søkjer om utvida utsleppsløyve for behandling og lagring av biologisk nedbrytbart materiale for produksjon av biogass i Stord kommune. Utvidinga omfattar auka  produksjonskapasitet frå 22 000 tonn til 55 000 tonn biologisk materiale.


Publisert 26.04.2022

Oppdrag nasjonalpark Øystesefjella

Statsforvaltaren har fått i oppdrag å førebu prosessane omkring oppretting av tre nye nasjonalparkar, deriblant Øystesefjella nasjonalpark. 


Publisert 26.04.2022

Villreinområdet på Hardangervidda og i Nordfjella har dårleg tilstand

Noreg har eit særleg internasjonalt ansvar for villreinen. Kvalitetsnormen for villrein skal sikre at dyra har gode leveområde, men ein fersk rapport slår fast at begge dei nasjonale villreinområda i fylket har dårleg tilstand. 


Publisert 25.04.2022

Det ville og vakre i Vestland er hardt pressa

Det er summen av all nedbygging av natur, bit for bit, som bidreg til reduksjon av intakte naturområde. I Statsforvaltaren sin årsrapport tek vi opp mange av utfordringane naturen i Vestland står overfor. 


Publisert 12.04.2022

Westland Waste AS søkjer om løyve til mottak og lagring av avfall i Sløvåg

Det er søkt om mottak og lagring av 15 000 tonn/år avfall, 5 000 tonn/år metall og 7 000 tonn/år farleg avfall hovudsakleg frå offshore industrien. Innandørs lagring av farleg avfall vil vere heilt tett og ikkje tilknytt utsleppspunkt.


Publisert 08.04.2022

Vi ber om innspel til arbeidet med forvaltningsplanane for naturreservata Breisete og Rodeholene

Det er behov for ein forvaltningsplan, ein for kvart av desse naturreservata. No startar arbeidet. 


Publisert 07.04.2022

Ta omsyn til villreinen i påskefjellet

Vi ber alle skituristar, kitarar, hundekøyrarar og andre som skal på tur i påskefjellet om å ta omsyn til villreinen og unngå unødig uroing. Om simlene skal få friske og levedyktige kalvar til våren treng dyra ro. 


Publisert 06.04.2022

No treng vi hjelpa di til å stoppe spreiinga av hamnespy

Det viktigaste er å sjekke båt og utstyr jamnleg. Miljødirektoratet tilrår å smørje båten med anti-fouling-maling før du set den ut. 


Publisert 01.04.2022

Søknad om utsleppsløyve i samband med bygging av tunnel for Boliden Odda AS

Boliden Odda AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa anleggsvatn i samband med bygging av tunnel til framføring av røyrgater på Eitrheimsneset i Ullensvang kommune.


Publisert 28.03.2022

Kunngjering - Løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg på Kolskogen industriområde

Bjørnafjorden kommune ved teknisk drift avdeling Kolskogen har 28. mars 2022 fått løyve etter forureiningslova til å lagre og behandle returasfalt på Kolskogen industriområde i Bjørnafjorden kommune.


Publisert 24.03.2022

Klimakonferanse 2022 om matsikkerheit

Den årlege klimakonferansen i Sogndal, med emna matsikkerheit, klima og energi, er meir tidsaktuell enn nokon gong tidlegare.


Publisert 18.03.2022

Greenergy AS søkjer om løyve til å handtere avfall på Hjetland industripark i Høyanger kommune

Greenergy AS søkjer om løyve til å ta imot, mellomlagre og behandle katodestål på Hjetland industripark i Høyanger kommune. Formålet med aktiviteten er å gjenvinne metallet frå avfallet.


Publisert 16.03.2022

Kunngjering - Endra løyve til avfallsanlegg i Bergen kommune

Ragn Sells AS avd. Bergen har 15. mars 2022 fått endra løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg i Rådalen næringspark.


Publisert 16.03.2022

Mykje elektrisk og elektronisk avfall blir ikkje sortert ut og handsama korrekt

Vi har kontrollert seks verksemder som driv med mottak og handtering av EE-avfall. Handteringa av EE-avfall må forbetrast i alle ledd.  


Publisert 15.03.2022

Strandrydding og sårbare fuglar

Snart er det vårdugnad og strandrydding, og for fugle- og dyrelivet er det viktig at naturen er mest mogleg fri for plast. Hugs likevel at mange fuglar er sårbare for forstyrring i hekketida. 


Publisert 10.03.2022, Sist endret 11.03.2022

Oppdrag om vern av Sognefjorden

Miljødirektoratet gir Statsforvaltaren i Vestland oppdrag om å starte verneplanprosess for Sognefjorden.


Publisert 08.03.2022

Klimaomstillingskonferansen 2022

Tysdag 26. april - torsdag 28. april arrangerar vi årets utgåve av den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2022


Publisert 01.03.2022

Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Stad kommune

Norforsk AS har 25. februar 2022 fått løyve etter forureiningslova til etablering av akvakulturanlegg på lokaliteten Notaberget. 


Publisert 01.03.2022

Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Askvoll kommune

Nekst AS fekk 28. februar 2022 løyve etter forureiningslova til å etablere eit nytt matfiskanlegg på lokaliteten Laukelandsøyna.


Publisert 28.02.2022

Voss herad søkjer om endra utsleppsløyve for Voss tettstad

Voss herad søkjer om reduksjon av reinsekrava i løyvet til Voss reinseanlegg, slik at krava samsvarer med gjeldande forskriftskrav. Mindre strenge reinsekrav vil føre til bl.a. mindre bruk av kjemikalier. 


Publisert 25.02.2022

Vassdragsinngrepssaker i 2020 og 2021

Statsforvaltaren handsama 61 søknader/høyringar om inngrep i vassdrag i 2020, og 60 saker i 2021.


Publisert 22.02.2022

Høyring av ny fisketid i Lærdalselvi

Miljødirektoratet har sendt ut eit forslag til endra fisketid i Lærdalselvi i Lærdal kommune. Frist for å komme med fråsegn er 31. mars 2022.


Publisert 21.02.2022

Oppstart av arbeid med forvaltningsplan for Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde

Vi startar arbeidet med å lage ein forvaltningsplan for Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde i kommunane Alver og Austrheim. Frist for innspel i oppstartsfasen er 15. mars. 


Publisert 17.02.2022

Fangst av laks og sjøaure i 2021

I sesongen 2021 vart det fiska totalt 20 346 kg laks og 5 210 kg sjøaure, i elv og sjø i Vestland fylke. Av dette vart totalt 3 787 kg laksefisk tatt i sjølaksefisket.


Publisert 17.02.2022

Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Alver kommune

Blom Fiskeoppdrett AS fekk 16. februar 2022 løyve til utviding av anlegg og auke i produksjon på lokaliteten Kjeppevikholmen i Alver kommune. Utvidinga på Kjeppevikholmen skjer samstundes med at lokaliteten Laksevika blir lagt ned.


Publisert 16.02.2022

Energisaker i 2021

Statsforvaltaren i Vestland handsama totalt 69 energisaker i 2021, fordelt på vasskraft, nettanlegg og vindkraft.


Publisert 16.02.2022

Høyring av Dalsfjorden marine verneområde

Som eit ledd i arbeidet med å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar, legg vi verneframlegget for Dalsfjorden marine verneområde ut på høyring. Du er velkommen til å sende innspel innan 1.mai 2022 (ny frist).


Publisert 09.02.2022

Høyring av Stad marine verneområde

Som eit ledd i arbeidet med å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar, legg vi verneframlegget for Stad marine verneområde ut på høyring. Du er velkommen til å sende innspel innan 12. mai 2022 (ny frist). 


Publisert 09.02.2022

Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Kvinnherad kommune

Eide Fjordbruk AS fekk 28. januar 2022 løyve til å etablere nytt lukka anlegg på lokaliteten Skotberget. Årleg produksjon er 2100 tonn.


Publisert 09.02.2022

Kunngjering - Endra løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Kvam herad

Lingalaks AS fekk 14. januar 2022 løyve etter forureiningslova til endra arealbruk på lokaliteten Tveitnes. Produksjonsvolum er ikkje endra. 


Publisert 09.02.2022

Kunngjering - Endra løyve til forureining frå settefiskanlegg i Etne kommune

Mowi ASA fekk 28. januar 2022 løyve etter forureiningslova til å auke produksjonen i settefiskanlegget i Fjæra. 


Publisert 08.02.2022

Kunngjering - Løyve til utslepp frå anleggsarbeid i samband med bygging av vassveg for Øvre Kvemma kraftverk

Øvre Kvemma kraftverk fekk 4. februar 2022 løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp i samband med bygging av vassveg for Øvre Kvemma kraftverk i Lærdal kommune. 


Publisert 02.02.2022

Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Stad kommune

Eide Fjordbruk AS har 25. januar 2022 fått løyve etter forureiningslova til å etablere eit nytt anlegg for ein årleg produksjon på inntil 900 tonn av blåskjel, sekkdyr, ulike typar makroalgar og sjøpølse på lokaliteten Torvneset.


Publisert 02.02.2022

Framleis mange avvik i avløpsbransjen

Hausten 2021 kontrollerte vi kommunale avløpsanlegg som er omfatta av kapittel 14 i forureiningsforskrifta.


Publisert 28.01.2022

Kvotefri jakt på gaupe

Kvotejakta på gaupe startar opp 1. februar og varer til 31. mars 2022. Rovviltnemnda i Region 1 har vedteke kvotefri gaupejakt i heile Vestland i denne perioden. 


Publisert 27.01.2022

Avgjerd om havarert flytedokk ved Ågotnes

Etter ei samla vurdering stadfester Statsforvaltaren vedtaket i Øygarden kommune der Coast Center Base AS (CCB) ikkje blir pålagt å heve havarert flytedokk ved Ågotnes.


Publisert 21.01.2022

Informasjonsmøte om havnespy/japansk sjøpung

Statsforvaltaren invitere til informasjonsmøte om havnespy/japansk sjøpung torsdag 8. februar. Møtet blir digitalt. 


Publisert 20.01.2022

Fagseminar «Kan vipa reddast?»

Statsforvaltaren og BirdLife Hordaland inviterer bønder og vipeinteresserte til seminar om vipa i jordbrukslandskapet torsdag 17. mars. Seminaret set søkelys på den kritisk trua vipa. Finst det effektive tiltak som kan ta vare på eller betre tilhøva for vipa? 


Publisert 14.01.2022

Kunngjering - Endra løyve for Statens vegvesen Region vest for utslepp frå mellombels anleggsarbeid i Sunnfjord kommune

Statens vegvesen Region vest fekk 13. januar 2022 endra utsleppsløyve etter forureiningslova for arbeidet med bygging av E39 Myrmel – Lunde i Sunnfjord kommune.


Publisert 27.12.2021, Sist endret 27.12.2021

Tøffe tider for sjøfuglane

Statsforvaltaren har gjennom fleire tiår følgd den negative utviklinga av sjøfuglbestandane i Vestland fylke, og no ligg det føre ein samlerapport for perioden 2014-2020. Fleire artar står i fare for å forsvinne frå fylket.


Publisert 21.12.2021, Sist endret 22.12.2021

Landbruksplast er naudsynt, men problematisk

Forum landbruksplast er etablert som ein ny nasjonal møteplass for aktørar som ønskjer å finne løysingar på problemet med landbruksplast i naturen.


Publisert 17.12.2021

Første naturreservat med frivillig skogvern i Lærdal

Berdalen ligg like nord for Lærdalsøyri. Området vart i dag verna som naturreservat i statsråd, som det første frivillig skogvernområdet i kommunen. Eit av verneføremåla er å ta vare på dei store, gamle furutrea. 


Publisert 17.12.2021

Kommunane kan no søkje om støtte til kommunedelplan for naturmangfald

Kommunane har ei avgjerande rolle i å forvalte naturen på ein god måte og slik bidra til å stoppe tapet av naturmangfald. No kan kommunane søkje om tilskot for å utarbeide ein eigen kommunedelplan for naturmangfald. Søknadsfristen er 1. februar. 


Publisert 16.12.2021

Vingen landskapsvernområde har fått forvaltningsplan

Vingen landskapsvernområde er oppretta for å verne eit vakkert naturlandskap med viktige kulturhistoriske særtrekk med helleristingsfelt. No er forvaltningsplanen godkjent slik at området kan bli teke endå betre vare på. 


Publisert 10.12.2021

Informasjonsmøte om havnespy/japansk sjøpung

Statsforvaltaren inviterer til informasjonsmøte for oppdrettsnæringa og kommunar om havnespy/japansk sjøpung torsdag 13. januar. Møtet blir digitalt. 


Publisert 06.12.2021

RGS Nordic AS søkjer om å handtere meir farleg avfall på Mongstad

Verksemda har søkt om mottak av større mengder farleg avfall ved anlegget på Mongstad i Alver kommune.


Publisert 03.12.2021

Bergen kommune skal sanere Slettebakken deponi og søkjer om løyve etter forureiningslova.

Bergen kommune vil vaske, sortere og gjenbruke mest mogeleg av massane på tiltaksområdet. Avfallsmassar som ikkje kan nyttast vert køyrt til godkjend avfallsanlegg. Arbeidet er planlagt frå våren 2022 til haust 2023. 


Publisert 01.12.2021

I dag startar lisensjakta på ulv

Lisensjakta varer frå 1. desember 2021 til og med 31. mai 2022.


Publisert 27.11.2021

Ny raudliste for artar

Artsdatabanken offentleggjorde 24. november ei oppdatert utgåve av den norske raudlista for artar. Førre utgåve av raudlista kom i 2015, og utviklinga i åra som har gått tyder ikkje på at vi har blitt særleg mykje flinkare til å ta vare på artsmangfaldet.


Publisert 24.11.2021

Til lukke med dagen, Jostedalsbreen nasjonalpark!

Hipp hurra for Jostedalsbreen nasjonalpark som fylte 30 år i haust! Ein sprek jubilant sjølv om den blir stadig litt tynnare «i toppen». Jostedalsbreen er blant dei mest vitja og kjende nasjonalparkane våre. 


Publisert 19.11.2021

Her kan du finne alt frå Naturmangfaldveka i Vestland 2021

Naturmangfaldveka i Vestland er gjennomført for 2021, og om lag 200 personar var innom webinarrekkja. Her finn du alle presentasjonane.


Publisert 16.11.2021

Kontroll av anlegg som driv med mekanisk overflatebehandling

Vi har kontrollert seks verksemder som driv med mekanisk overflatebehandling og vedlikehald av metallkonstruksjonar i tilknytning til faste anlegg/installasjonar. Dei fleste har forbetringspunkt. 


Publisert 12.11.2021

Mange produsentar av fiskeolje og fiskemjøl bryt miljøregelverket

Dette er første gongen denne bransjen har vorte kontrollert i ein landsomfattande aksjon. Til saman vart 21 verksemder frå Rogaland til Nordland kontrollerte i aksjonen. I Vestland har vi vore på tilsyn hos tre verksemder. 


Publisert 11.11.2021

Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Kinn kommune

Svanøy Havbruk har 9. november 2021 fått nytt løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Oddane.


Publisert 11.11.2021

Kunngjering - Endra løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Kinn kommune

Svanøy Havbruk AS har 10. november 2021 fått endra løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Austneståa.


Publisert 09.11.2021

Ny rapport syner høgt artsmangfald i Vingen landskapsvernområde

Mange artar av karplantar, mosar og verdfulle naturtypar vart funne i Vingen i Bremanger sommaren 2021. Rapporten frå kartlegginga er no tilgjengeleg. 


Publisert 08.11.2021

Rettleiing til nye reglar om utforming og drift av kunstgrasbaner

Miljødirektoratet har laga ein rettleiiar om utforming og drift av kunstgrasbaner. Dei som har ansvar for slike baner kan i den nye rettleiaren få oversikt over kva for krav som gjeld for idrettsbaner med gummigranulat eller andre former for laust fyllmateriale med plast.


Publisert 27.10.2021

Søknad om erstatning for rovviltskade

No kan du sende inn søknad om erstatning for rovviltskade på sau for beitesesongen 2021. Frist for søknad er 1. november. 


Publisert 26.10.2021

Havnespy kan bli eit stort økologisk og økonomisk problem

Japansk sjøpung, også kjend som havnespy, er i ferd med å etablere seg langs norskekysten. 


Publisert 25.10.2021

Kunngjering - Løyve til utslepp frå vassbehandlingsanlegg i Bergen kommune

Bergen kommune har 13. oktober 2021 fått løyve etter forureiningslova for utslepp av reinsa prosessvatn frå Espeland vassbehandlingsanlegg til Skåldalselva.


Publisert 22.10.2021

Kontroll av anlegg som handterer EE-avfall

For tida gjennomfører Statsforvaltaren tilsyn med anlegg for EE- og metallavfall, for å sjå om EE-avfall vert handtert ulovleg. 


Publisert 22.10.2021

Tilsyn med avfallsdeponi

Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn med deponi. Tilsyna viser at fleire anlegg har store manglar ved drifta. 


Publisert 14.10.2021

Kunngjering - Endra løyve for Berivest AS sitt brannøvingsfelt på Sløvåg industriområde i Gulen kommune

Berivest AS fekk 6.juli 2021 løyve etter forureiningslova til drift av eit nytt brannøvingsfelt på Sløvåg industriområde i Gulen kommune. Etter søknad frå verksemda endra Statsforvaltaren 14. oktober 2021 tidsrammene for løyvet.


Publisert 14.10.2021

Kunngjering - Nytt løyve for utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Førde tettstad i Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune har 31.august 2021 fått nytt løyve etter forureiningslova til utslepp av  kommunalt avløpsvatn frå Førde tettstad. 


Publisert 13.10.2021

Solbakken naturminne - oppheving av fredingsvedtak

Statsforvaltaren i Vestland sender på høyring eit forslag om oppheving av kgl. res. om freding av Solbakken naturminne i Strandebarm.


Publisert 01.10.2021

Norsk Gjenvinning AS og Norsk Gjenvinning Metall AS i Knarrevik næringspark søkjer om endra løyve til handtering av avfall

I samband med bygging av nytt Sotrasamband har verksemdene behov for endra samansetjing, plassering og mengd avfall.


Publisert 30.09.2021

Høyringsframlegg for marint vern på Stad til fagleg vurdering

Eit nytt høyringsframlegg for Stad marine verneområde er sendt frå oss til Miljødirektoratet for fagleg vurdering. Vi planlegg høyring i løpet av hausten 2021 etter at framlegget er godkjent, der vi ønskjer innspel til verneframlegget.


Publisert 23.09.2021

Vi startar vernearbeid for Vestreim i Sogndal kommune

Vi sender ut forslag om oppretting av Vestreim naturreservat som ein del av arbeidet med frivillig skogvern. Frist for uttale er 4. november 2021.


Publisert 14.09.2021

Søknad om utsleppsløyve i samband med bygging av vassveg i fjell for Øvre Kvemma kraftverk

NGK Utbygging AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa anleggsvatn i samband med bygging av vassveg i fjell for Øvre Kvemma kraftverk i Lærdal kommune.


Publisert 13.09.2021

Vik kommune søkjer om løyve til kompostering av hageavfall

Vik kommune søkjer om løyve etter forureiningslova for mottak, kompostering og mellomlagring av hageavfall i Vik kommune. Maksimal årleg mottaksmengde er planlagt til 500 m3 oppkverna masse. 


Publisert 08.09.2021

Opnar for tre nye nasjonalparkar i Vestland

Regjeringa har gitt Miljødirektoratet i oppgåve å starte arbeidet med verneplanprosessar for fire heilt nye nasjonalparkar i Noreg, der tre er i Vestland. Oppdraget inneber også utviding og endring av eksisterande verneområde. 


Publisert 08.09.2021

Kommunane kan søkje midlar til ladepunkt og andre klimasatstiltak

Kommunar og fylkeskommunar kan framleis søkje om tilskot for å redusere utslepp av klimagassar. Det er sett av 30 millionar til siste runde av utdelinga i 2021. Fristen for å søkje er 15. november. 


Publisert 08.09.2021

Lisensfelling av jerv

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1.


Publisert 01.09.2021

Ville pollinerande insekt har fått sin eigen tiltaksplan

Det har vore dramatisk nedgang i insektbestandane globalt på få år. Ein av tre kritisk truga artar i Noreg er insekt. Den nye tiltaksplanen skildrar korleis vi kan ta betre vare på dei mangfaldige insekta våre, og at alle kan bidra litt.


Publisert 31.08.2021

Landsdekkjande avløpsaksjon

Miljødirektoratet og statsforvaltarane skal gjennomføre tilsyn over heile landet med kontroll av større kommunale avløpsanlegg i august-september 2021.


Publisert 25.08.2021

Klimautfordringane er sentrale i kommunal planlegging

Statsforvaltaren har nyleg sendt eit forventningsbrev til kommunane, som samanfattar viktige punkt i kommunane sitt arbeid med klimaomstilling.


Publisert 18.08.2021

Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Solund kommune

Sulefisk AS har 17. august 2021 fått nytt løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Juvika. Løyvet gjeld for ein produksjon av fisk på 2340 tonn MTB, med ein auka arealbruk samanlikna med tidlegare.


Publisert 17.08.2021

Kunngjering - Endra løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Gloppen kommune

Nordfjord Laks AS har 10. august 2021 fått endra løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Lindeneset. Løyvet er endra frå å vere mellombels til å gjelde permanent for forureining frå ein produksjon på inntil 1560 tonn MTB.


Publisert 05.08.2021

Vi tilrår frivillig skogvern av Lykkja i Årdal og Skolten i Gulen

Vi tilrår vern av to nye skogområde i fylket; eitt i indre Sogn og eitt i ytre Sogn. Lykkja har rik edellauvskog og Skolten har bekkekløft og regnskog, og med status som naturreservat vil naturverdiane i disse områda bli godt varetekne. 


Publisert 16.07.2021

Laksefisket i vassdrag og sjø i Nordfjord vert redusert

Grunna lite laks i vassdraga, reduserer Miljødirektoratet fisketida i vassdrag og sjølaksefisket i Nordfjord i 2021.