Kartlegging av naturtypar i Vestland 2023

Insekt som sit på ein plante med grøne blad og gul blomst.
Humler er viktige pollinatorar. Her er ei humle på veg til å hauste frå ein vårkål. Foto: Tore Larsen ©.

Sommaren og hausten 2023 blir det gjennomført naturkartlegging i delar av Fitjar, Luster, Sogndal, Stad, Stryn og Øygarden kommunar. Kartlegginga er ein del av ei nasjonal satsing for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur og ta betre vare på arts- og naturmangfaldet.

Publisert 11.05.2023

Kvifor kartlegg vi naturtypar?

Målet med kartlegginga er å få på plass kartfesta informasjon om kvar det finst naturtypar som er viktige for artsmangfaldet, til bruk i mellom anna arealforvalting. Stadfesta informasjon om natur som er tilgjengeleg tidleg i ein arealplanprosess, vil gjere det lettare å ta omsyn. I tillegg kan det bidra til meir effektivitet og føreseielegheit i planprosessar. Kartlegginga kan òg vere nyttig for grunneigarar som ønskjer å søke om tilskot til skjøtsel av truga naturtypar i kulturlandskapet.

Nærbilete av død trestokk med ulike lav med ulike fargar
Død ved er avgjerande for mange artar, særleg sopp og insekt, men og mange mosar og lav er avhengige av dette miljøet. Gammal skog med død ved av store dimensjonar i mange ulike nedbrytningsstadium har blitt mangelvare i norsk natur. Difor er det viktig å få oversikt over slike miljø, slik at vi kan unngå å øydelegge dei. På fotoet ser vi fleire vanlege artar, der gullroselav er den mest iaugnefallande. Foto: Tore Larsen ©.

Kva skal kartleggast?

Kartlegginga skjer etter NiN-systemet (Natur i Norge), eit standardisert system for kartlegging av natur i Norge. Miljødirektoratet har vurdert 111 naturtypar som særleg viktige for naturmangfaldet og som derfor skal kartleggast. Mange av desse er raudlista i Norge, medan andre er viktige leveområde for truga og nær truga artar.

Statsforvaltaren har på oppdrag frå Miljødirektoratet, foreslått område for kartlegging av naturtypar i 2023. Forslaga følgjer i grove trekk innspel Statforvaltaren har fått inn frå kommunane. Det er lagt vekt på område med utbyggingspress og område der ein trur det kan finnast truga eller særleg viktige naturtypar. I tillegg må områda vere minst 10 kvadratkilometer store. Miljødirektoratet har brukt forslaga frå Statsforvaltaren som grunnlag for si prioritering av område for kartlegging. Kartlegginga blir utført av fagbiologar.

Kartlegging i Vestland i 2023

Det skal kartleggast område i seks kommunar i Vestland i 2023 (sjå lenke til kart i høgremenyen). Resultata frå kartlegginga vil etter kvart bli allment tilgjengelege i Naturbase våren 2024. 

Kommune

Område som skal kartleggast

Fitjar

Frå Fitjarvika i nord til Sjåbuholmen/Straumholmen i sør, og frå Kråko i vest til Sæterbø i aust.

Luster

Eit område rundt Gaupne

Eit område rundt Hafslovatnet (omfattar også eit område i Sogndal kommune, nord for Årøy)

Stryn

Eit område på nordsida av Nordfjorden, frå Hennebygda i Stad kommune i vest til Faleide i aust

Stad

Hjelmelandsdalen

Eit område frå Hennebygda til kommunegrense mot Stryn

Øygarden

Sotra nord: Frå Ågotnes i nord til Telavåg, Trengereid og Haganes i sør, og frå Algrøyna i vest til sørlege del av Litlesotra.

Ferdsel på innmark

All ferdsel i samband med kartlegginga vil skje i tråd med friluftslova sine reglar om ferdsel og god ferdselskultur.

Der det skal undersøkast område på innmark, til dømes gammal, ugjødsla beitemark eller slåttemark, kan det vere behov for ferdsel på innmark. Om det er spesielle omsyn som må takast i samband med slik ferdsel, eller du ikkje gir samtykke til ferdsel på di innmark, kan du ta kontakt med Statsforvaltaren før kartlegginga startar (ca. 1. juni).

Kartlegging i verneområde

Delar av nokre verneområde blir kartlagt i 2023:

  • Del av Yddalen naturreservat, Bjørnafjorden kommune
  • Del av Buer landskapsvernområde, Kvinnherad kommune
  • Del av Bondhusdalen landskapsvernområde, Kvinnherad kommune
  • Uranes naturreservat, Kvam og Voss kommunar
  • Arnafjorden i Stølsheimen landskapsvernområde, Vik kommune
  • Dyrdal i Nærøyfjorden landskapsvernområde, Aurland kommune
Grønn eng med innslag av blå og kvite blomar.
Artsrik, ugjødsla slåtteeng er raudlista som kritisk truga. Moderne landbruk har ført til at slike enger nesten er borte. Dei har anten blitt gjødsla opp for grasproduksjon eller har gått ut av bruk og er i attgroing. Gjennom tilskotsordninga "Tilskot til truga naturtypar" kan ein få økonomisk stønad for å drifte slike enger på gamlemåten. Foto: Olav Overvoll / Statsforvaltaren i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.