Naturmangfald

Oppdatert 03.01.2022

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Statsforvaltaren er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Statsforvaltarane har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Statsforvaltaren deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Statsforvaltaren har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 29.06.2022

Klimaprofitørar og klimaflyktningar

Klimaendringar vil påverke kva artar som finst i naturen rundt oss i framtida, og det ser ut til at endringar allereie er på gang. Nokre artar tener på eit endra klima, mens andre får problem. Endringane kan bli store.


Publisert 29.06.2022

Kartlegging av fuktskog i Vestland 2022

I sommar og haust vil biologar kartlegge fuktskog i Vestland. Registreringane skal betre kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av det biologiske mangfoldet i denne skogtypen. 


Publisert 20.06.2022

Bli ein lupinjeger!

Desse vakre blomstrane er framande artar og overtek plassen til den naturlege og mangfaldige vegkantfloraen. Bidra til å ta vare på både blomstrar og insekt i vestlandsnaturen og fjern desse på din veg. 


Publisert 25.05.2022

Sterk tilbakegang for ærfuglen i Vestland

Ærfuglen har status som sårbar på den norske raudlista over truga artar. Det er det god grunn til. Bestanden i Vestland er redusert med 75 prosent dei siste 20 åra.


Publisert 11.05.2022

Kartlegging av naturtypar i Vestland 2022

Sommaren og hausten 2022 blir det gjennomført kartlegging av naturtypar i delar av Askøy, Bergen, Stord, Bømlo og Øygarden kommunar. Kartlegginga er del av ei nasjonal satsing for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur.


Publisert 26.04.2022

Villreinområdet på Hardangervidda og i Nordfjella har dårleg tilstand

Noreg har eit særleg internasjonalt ansvar for villreinen. Kvalitetsnormen for villrein skal sikre at dyra har gode leveområde, men ein fersk rapport slår fast at begge dei nasjonale villreinområda i fylket har dårleg tilstand. 


Publisert 25.04.2022

Det ville og vakre i Vestland er hardt pressa

Det er summen av all nedbygging av natur, bit for bit, som bidreg til reduksjon av intakte naturområde. I Statsforvaltaren sin årsrapport tek vi opp mange av utfordringane naturen i Vestland står overfor. 


Publisert 06.04.2022

No treng vi hjelpa di til å stoppe spreiinga av hamnespy

Det viktigaste er å sjekke båt og utstyr jamnleg. Miljødirektoratet tilrår å smørje båten med anti-fouling-maling før du set den ut. 


Publisert 15.03.2022

Strandrydding og sårbare fuglar

Snart er det vårdugnad og strandrydding, og for fugle- og dyrelivet er det viktig at naturen er mest mogleg fri for plast. Hugs likevel at mange fuglar er sårbare for forstyrring i hekketida. 


Publisert 27.12.2021, Sist endra 27.12.2021

Tøffe tider for sjøfuglane

Statsforvaltaren har gjennom fleire tiår følgd den negative utviklinga av sjøfuglbestandane i Vestland fylke, og no ligg det føre ein samlerapport for perioden 2014-2020. Fleire artar står i fare for å forsvinne frå fylket.