Natur i databaser

Sandbia har kring 40 artar i landet, og er ei slekt som legg bolet sitt i jorda. Larvene treng pollen, og klekkinga er ofte synkronisert med seljeblomstringa om våren. Her i Vestland har vi både truga og ikkje truga artar av sandbie.
Sandbia har kring 40 artar i landet, og er ei slekt som legg bolet sitt i jorda. Larvene treng pollen, og klekkinga er ofte synkronisert med seljeblomstringa om våren. Her i Vestland har vi både truga og ikkje truga artar av sandbie. Foto: Tore Larsen.

Kva slags informasjon kan ein finne og kor ligg all denne tilgjengelege kunnskapen? Her er ei lita oversikt over ulike databasar som både kommunar, konsulentar eller naturinteresserte kan nytte for å finne ut meir om naturen i Vestland. 

Artskart

På Artskart kan du søkje etter spesielle artar eller søkje innanfor eit geografisk område for å finne kva som er registrert. 

Naturbase

På naturbase kan du velgje om du vil opne eit kartverktøy, om du vil utføre eit enkelt søk på eit datasett for nedlasting eller om du vil laste ned kartdata for bruk i eige system. 

Økologisk grunnkart

Økologisk grunnkart syner stadfesta informasjon om artar, naturtypar, landskap og miljøvariablar. Klikk i kartet eller søk på kommunar, eigedommar. eller fritekst. Du får metadata og nedlastbare versjonar av karta i portalen til bruk i eigne innsynsløysingar og verktøy.

Villrein Villrein.no gir deg full oversikt over kartbaser, regionale planar, forsking og forvalting av villrein i Noreg. 
Vann-nett Vann-nett er inngangen til informasjon om vatn og vassdrag i Noreg. Her finn du info om miljøtilstand, tiltak, påverknad og kan laste ned data i ulike format. 
Fylkesatlas

På fylkesatlas kan du slå av og på eit stort utval av ulike kartlag som til dømes elvemusling med nedbørsfelt, forureina område, naturtyper, kulturminne eller kartlagde verdsatte friluftsområde. 

Rovbase

På Rovbase finn du geografiske registreringar av observasjonar og skadar etter rovdyra ulv, bjørn, gaupe og jerv. Rovbase inneheld også registreringar av skade påført av kongeørn og ukjent freda rovvilt.

Miljøstatus kartApp frå App Store  Miljøstatus kart1App frå Google Play

Er du på tur og lurer på kva naturkvalitetar du har rundt deg kan du lett finne fram på telefonen din i app'en Miljøstatus Kart. Her finn du også kulturminne og verneområde. 

ArtsorakelApp frå App Store Artsorakel1App frå Google Play

Artsorakelet kan hjelpe deg med å finne namnet på mange tusen artar når du er på tur. Ta bilete av ein blomst, ein fugl eller eit tre og sjå kva den heiter. Eit oppslagsverk i lommeformat som blir betre for kvar oppdatering. 
Artsobs I Artsobservasjoner kan du registrere observasjonar av plantar, dyr og sopp i Noreg. Kven som helst kan rapportere og søke etter arter (med unntak for trua artar). Er du ny og vil lære korleis ein legg inn artar? Lær korleis her

Lakseregisteret

Lakseregisteret kan du nytte for å finne stadeigen informasjon knytt til elv og vassdrag. Dette er kunnskapsbasen for forvaltning av laks, sjøørret og sjørøye. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.