Framande artar

Holme i sjøen med skog på.
Sitkagran er planta mange stader langs Vestlandskysten. Tanken var god, men på øyar og andre område utan god nok infrastruktur kostar det i dag mykje meir å ta skogen ut enn det ein får att ved sal av tømmer. Den gongen sitkagrana vart planta i stor stil, tenkte ein heller ikkje på sjølvspreiing som noko potensielt problem. I dag er spreiinga heilt ute av kontroll, og sitkagrana er i ferd med å endre store delar av kystnaturen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Tiltak mot framande, skadelege artar er ein viktig del av arbeidet med å ta vare på stadeigen natur. Statsforvaltaren i Vestland arbeider med målretta tiltak mot eit utval artar, og har laga ei liste over framande artar vi prioriterer tiltak mot.

Statsforvaltaren i Vestland har sett i gang målretta tiltak mot eit utval artar. Vi har òg ei rolle i å rettleie kommunar og andre aktørar, og å stimulere til tiltak. Arbeidet mot framande skadelege artar vil først monne når aktørar på fleire nivå jobbar saman.

Kva er ein framand art og kvifor kan slike vere eit problem?

Ein framand art er ein art som ikkje høyrer naturleg heime i eit område, og som ikkje kunne ha kome seg dit utan hjelp frå menneske. 

Framande artar konkurrerer med stadeigne artar og kan føre med seg sjukdommar og parasittar som stadeigne artar ikkje er tilpassa. I verste fall kan dette føre til at stadeigne artar forsvinn.

Flytting av artar mellom kontinent og såkalla biogeografiske regionar, fører til lågare mangfald globalt og tap av særpreg det har tatt naturen særs lang tid å utvikle.

Daud fisk, ørekyte, liggande i ein grøn hanskekledd hand.
Norske artar kan vere framande regionalt og lokalt, som td. ørekyt og gjedde på Vestlandet. Her ei ørekyte frå rotenonaksjonen mot ørekyt på Hardangervidda i 2013. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Framande artar i Vestland

Jamfør gjeldande framandartsliste (Artsdatabanken 2018) er det registrert ca. 660 framande artar i Vestland. Vel 80 % av desse er plantar. Fordelinga på risikokategori er vist i tabellen under. Risikoen seier noko om kor stor negativ påverknad den framande arten kan ha på stadeige naturmangfald.

Risikokategori

Tal artar

SE   Særs høg risiko

84

HI   Høg risiko

63

PH  Potensielt høg risiko

57

LO   Låg risiko

327

NK  Ingen kjend risiko

132

Totalt

663

 

Det er ikkje mogleg, korkje praktisk eller økonomisk, å sette i gang tiltak mot alle framande, skadelege artar, og derfor må vi prioritere. Prioriteringane blir gjort ut frå:

1) I kor stor grad den aktuelle arten trugar stadeigen natur.

2) Sjansen for at tiltak har varig effekt.

3) Økonomi (kost/nytte-vurderingar).

Dei siste åra har Statsforvaltaren i Vestland hatt ca. 2 mill. kroner årleg til tiltak mot framande skadelege landplantar, inklusiv utanlandske treslag. I 2023 har vi berre 1 million til tiltak mot framande artar. 

Regional handlingsplan og tiltaksliste

Framande artar opptrer ulikt i ulike delar av landet, mellom anna grunna klima og geografi, og difor varierer prioritering av tiltak frå fylke til fylke.

Dei fleste Statsforvaltarane har utarbeidd regionale handlingsplanar mot framande, skadelege artar i sitt fylke, som m.a. inneheld oversikt over prioriteringar av artar og aktuelle tiltak mot desse.

Begge dei tidlegare fylkesmannsembeta i Vestland har utarbeidd slike handlingsplanar. Basert på desse handlingsplanane, gjeldande nasjonale føringar, og eigne erfaringar, har Statsforvaltaren i Vestland utarbeidd ei oppdatert tiltaksliste. Lista skal vere dynamisk, og vil kunne endrast som følgje av ny kunnskap og endra nasjonale føringar. Både dei regionale handlingsplanane og tiltakslista finn du under lenkjer på denne sida.

Utanlandske treslag

Det aller meste av midlane vi har hatt til rådvelde til tiltak mot utanlandske treslag utanfor verneområde, har gått til tiltak mot vestamerikansk hemlokk og til tiltak mot sitkagran i utvalde område som ikkje er aktuelle for skogbruk.

Blant framande, landlevande plantar, vurderer vi desse nord-amerikanske treslaga som det i særklasse største trugsmålet mot stadeigen natur i vår region. Dei trugar ikkje berre artsmangfaldet, men har potensial til å endre heile landskapet.

Naturskog i skråning med innslag av hemlokk.
Vestamerikansk hemlokk i spreiing i furuskog. Om noko ikkje blir gjort, er det sannsynleg at hemlokken vil bli det dominerande treslaget her om nokre tiår. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Parkslirekne

Parkslirekne er den arten vi får flest spørsmål om hjelp til å bli kvitt, både frå privatpersonar og kommunar. Den er så vanleg og utbreidd, og samtidig så vanskeleg å bli kvitt, at det innanfor realistiske økonomiske rammer ikkje er mogleg å utrydde den. Samtidig er parkslirekne først og fremst knytt til såkalla «skrotemark» – område som frå før er sterkt endra av menneske – og trugar i mindre grad naturområde.

Innsatsen må konsentrerast om å hindre at arten blir spreidd til nye område gjennom flytting av jordmassar. Dette må vere ei høgt prioritert oppgåve for alle som har ansvar for graving og flytting av jordmassar.

Storblada plante på elveforebygging, med elv i forgrunnen.
Parkslirekne på elveforbygning. På slike stader er det særs vanskeleg å bli kvitt arten. Parkslirekne set ikkje frø hjå oss, og spreiing til nye stader skjer ved dumping av hageavfall og flytting av jordmassar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Tiltak i verneområde

Verneområda våre skal vere referanseområde der naturen i størst mogleg grad skal få utvikle seg upåverka. I mange av verneområda er verneverdiane truga av framande treslag, først og fremst gran, som er lokalt framand, men òg sitkagran. Difor er det sett i gang omfattande tiltak for å fjerne framande treslag frå verneområde. I verneområde har vi langt betre økonomi til slike tiltak enn i område som ikkje er verna.

Saman med Statens naturoppsyn prøver vi òg å halde sjøfuglreservat og tilgrensande areal langs kysten frie for mink. Dette er òg i periodar eit ressurskrevjande tiltak som ikkje hadde vore mogleg utan innsatsen frå Statens naturoppsyn.

Mann med hund og død mink på holme.
Mink etablerte seg i norsk natur ved rømmingar frå pelsoppdrett på 1930-talet, og koloniserte mesteparten av landet i løpet av 1950- og 60-talet. Minken tek egg og fugleungar, og kan òg ta vaksen fugl på reir. Derfor er den eit trugsmål mot bakkehekkande fuglar. Her har Anders Voss Thingnes i Statens naturoppsyn, med hunden Peik, avliva ei minktispe på Fedje Foto: Kjell Arne Steinsvik.

Kommunen sitt ansvar

Kommunane har ansvar for tiltak på eigen grunn. Kommunane har òg ansvar for forvaltning av areal etter plan‐ og bygningslova, og kan gjennom dette sørge for at framande, skadelege artar blir handtert på ein forsvarleg måte i plan og i byggeløyve. Spesielt viktig er handtering av jordmassar som kan innehalde framande artar, særleg parkslirekne.

Kommunen bør ha oversikt over alle førekomstar av parkslirekne i kommunen, og før graving i slike område må ein alltid ha ein plan for forsvarleg handtering av massane, slik at planten ikkje spreier seg til nye område. Kommunane har òg ansvar for informasjon til eigne innbyggjarar.

Kva kan du gjere?

Som hageeigar bør du unngå å halde artar som har høg risiko for spreiing over hagegjerdet. Om du likevel har slike artar, er det viktig at du behandlar hageavfall på rett måte. Har du moglegheit til det, bør avfallet haldast innanfor hagegjerdet, elles må restar av framande planteartar med høg og særs høg økologisk risiko, som hovudregel, leverast til forbrenning. Sjå m.a. brosjyrene om hagerømlingar i høgremenyen.

Førekomsten av gyvel har nærast «eksplodert» dei siste ti åra. Den er enno i stor grad knytt til «skrotemark» og vegkantar, men vi er uroa for mogleg spreiing til kystlynghei. På fotoet ser ein òg parkslirekne, sitkagran og vestamerikansk hemlokk.
Førekomsten av gyvel har nærast «eksplodert» dei siste ti åra. Den er enno i stor grad knytt til «skrotemark» og vegkantar, men vi er uroa for mogleg spreiing til kystlynghei. På fotoet ser ein òg parkslirekne, sitkagran og vestamerikansk hemlokk. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 21.04.2023

Havnespy er funne nord for Sognefjorden

Havnespy er oppdaga nord for Sognefjorden for første gong, utanfor Måløy og Florø. I tillegg til dei nye funna i Måløy og Florø, vart det også for første gang funne hamnespy-DNA i Bergen hamn, på Sotra og Stord. Har du sett den? 


Publisert 26.10.2021

Havnespy kan bli eit stort økologisk og økonomisk problem

Japansk sjøpung, også kjend som havnespy, er i ferd med å etablere seg langs norskekysten.