Havnespy er funne nord for Sognefjorden

bilde av klokkedyr som lever i sjøen også kalla havnespy
Den frykta arten hamnespy er i spreiing, og det er viktig at alle er merksame på denne svartelista og framande arten. Hamnespy kan føre til enorme tap, både for biologisk mangfald og for næringsliv og rekreasjon der den spreiar seg. Meld i frå om du ser arten, og ta grep for å unngå vidare spreiing. Foto: Erling Svensen.

Havnespy er oppdaga nord for Sognefjorden for første gong, utanfor Måløy og Florø. I tillegg til dei nye funna i Måløy og Florø, vart det også for første gang funne hamnespy-DNA i Bergen hamn, på Sotra og Stord. Har du sett den? 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.04.2023

NINA har undersøkt 235 prøver frå hamner langs kysten frå svenskegrensa til Trondheimsfjorden, og konkluderer med at havnespy no er observert på endå fleire stader på Vestlandet. Ifølgje rapporten har arten no vorte oppdaga nord for Sognefjorden for første gong, utanfor Måløy og Florø.

Heile kysten frå Trondheimsfjorden i nord til Oslofjorden i sør vart gjennomgått i undersøkinga. I tillegg til dei nye funna i Måløy og Florø, vart det også for første gang funne hamnespy-DNA i Bergen hamn, på Sotra og Stord. Førebels er arten berre funne i Vestland og Rogaland.

Rapporten er tilgjengeleg på nettsidene til NINA: 

Kart med oversikt over funn av havnespy

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.