Statsforvaltaren avgrensar organisert ferdsel på Hardangervidda

flokk med villrein som ligg og kvile seg på snø. Snødekt fjelllandskap.
Ser du ein villreinflokk som ligg å kvile, er det viktig at du ikkje forstyrrar dei. Vinteren er ein flaskehals for villreinen, som på denne tida er tilpassa eit låg aktivitetsnivå med tæring på oppsparte feittreservar. Foto: Statsforvaltaren i Oslo og Viken v/Even Knutsen.

Hardangervidda er eit ynda og populært turmål for mange, og det skal ho framleis vere. Av omsyn til villreinen er det trong for å avgrense og styre ferdsla i enkelte deler av vidda.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.03.2023

På Hardangervidda lever villrein som Noreg har eit spesielt ansvar for å take vare på. Nesten heile den europeiske villreinbestanden lever i norske fjellområde sør for Trondheim og Røros.  

Statsforvaltaren strammar inn på organisert ferdsel

Nasjonalparken og landskapsvernområdet har reglar for kva som er lov og ikkje, og kva det kan søkjast om løyve til. Hittil har berre organisert ferdsel av eit større omfang vært søknadspliktig. Av omsyn til villreinen må vi no skjerpe inn praksisen, og gjere det vi kan for å avgrense og styre ferdsla i villreinområdet. Dette gjeld både ferdsle til fots, på ski og med hundespann.

Villreinen på Hardangervidda slit

I dag har villreinen på Hardangervidda det veldig vanskeleg. Det skuldast mange tilhøve, mellom anna fysiske inngrep/barrierar og menneskeleg ferdsle. Regjeringa vedtok i 2020 at det skulle lagast ein kvalitetsnorm for villrein, det vil si ein vurdering av tilstanden av villreinområda i Noreg.

I Noreg har vi ti nasjonale villreinområde der Hardangervidda er eit av desse. Hardangervidda fekk farge rød, det vil si at villreinområdet er i dårleg tilstand. Dyra har dårleg kondisjon og har lav vekt, dei bruker ikkje sitt opphavlege trekkmønster frå årstid til årstid, og dei er veldig utsett for sjukdomar og parasittar.

- Mange små og store tiltak må til for å hjelpe villreinen, og vi opplever at dei som organiserer turar har forståing for at vi no strammar inn praksisen, seier Kjell Kvingedal, avdelingsdirektør for miljøavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestland.

Kontakt med aktørar som organiserer turar i nasjonalparken

Aktivitet og ferdsle kan være uproblematisk i delar av villreinområdet i ei årstid, men problematisk på ein anna tid av året. Vi har difor tatt kontakt med aktørar som har organiserte turar i nasjonalparken og landskapsvernområdet og bedt dei søkje om sine respektive turar. I høgremenyen finn du vår handsaming og vedtak for desse søknadane.

Villreinens bruk av vidda endrar seg gjennom året

Områder som det er særleg viktig å avgrense ferdsle i, av omsyn til villrein, er vinterbeita på austvidda frå starten på vinteren fram mot påskesesongen, og kalvingsområda sør for Kvenna.

For å betre kondisjonen for villreinen er det ønskjeleg at den skal kalve og ha sommarbeite nordvest på vidda, i Eidfjord og Ullensvang. Difor må ferdsel i dette området avgrensast frå etter påske, når kalvingstrekket startar, og til juli. Dette for at dyra skal få ro i samband med kalvinga, og til å beite og fylle opp reservane etter ein hard vinter.

Ta kontakt med oss!

Dersom du skal arrangere ein tur eller konkurranse e.l. på Hardangervidda ønskjer vi at du kontaktar oss. Vi mottar òg gjerne tips frå publikum om slike organiserte turar og arrangement. Sjå kontaktopplysningar i høgremenyen.

Tre barn på ski på forblåste rabber i høgfjellet.
For å unngå at organisert ferdsel blir problematisk for villreinen, skal alle organiserte turar søkjast om, slik at ein kan styre ferdsla i nasjonalparken og landskapsverneområdet. Foto: Maria Knagenhjelm.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Forvaltninga av Hardangervidda nasjonalpark

Statsforvaltaren i Vestland har forvaltningsansvar for Hardangervidda nasjonalpark og Skaupsjøen/Hardangerjøkulen landskapsvernområde saman med Statsforvalteren i Oslo og Viken Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.