Pelagia Hordafôr søkjer om endra utsleppsløyve

Høyringsfrist:
8. desember 2022

Pelagia Hordafôr søkjer om å få auke ramma for mottak av fiskeensilasje 

Publisert 08.11.2022

I anlegget på Salthella i Austevoll kommune produserer Pelagia Hordafôr fiskemjøl og fiskeolje frå ensilasje.

Verksemda har i dag løyve til å ta imot inntil 120 000 tonn ensilasje per år. No søkjer dei om å auke ramma for mottaket til 180 000 tonn per år. 

Pelagia Hordafôr er omfatta av EU sitt industrutsleppsdirektiv (IED).

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta ligg til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan sendast til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/7305. Frist for å gi fråsegn er 8. desember 2022.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.