Meldeskjema for produksjon av fabrikkbetong, betongvarer og betongelement

Ved etablering eller endring av anlegg for betongproduksjon skal ein i god tid før oppstart eller endring sende melding til Statsforvaltaren.

Publisert 25.01.2023

Forureining frå produksjon fabrikkbetong, betongvarer og betongelement av er regulert av forureiningsforskrifta kap. 33.

Meldeplikt for betongprodusentar

Alle som etablerer eller utvidar anlegg for produksjon av fabrikkbetong, betongvarer og betongelement skal i god tid før dei kan starte opp, sende skriftleg melding til Statsforvaltaren. Vi ber om at meldinga vert sendt inn på standardskjema.

På skjemaet skal ein informere om verksemda, produksjonsdata, utslepp til vatn, støy frå aktiviteten, handtering av støv og produksjonsavfall, og om plasseringa er samsvar med endelege planar etter plan- og bygningslova.

Verksemda kan starte opp, endre eller utvide som det går fram av eiga melding når det er gått 6 veker etter at meldinga er stadfesta motteken av Statsforvaltaren, med mindre Statsforvaltaren avgjer noko anna.

Gjeld ikkje ferdigbetong på byggeplass 

Skjemaet gjeld ikkje utslepp frå produksjon av ferdigbetong på byggeplass og liknande, og heller ikkje for mottak av betongavfall. 

Nokre anlegg må ha utsleppsløyve

Statsforvaltaren kan på bakgrunn av meldinga, eller andre tilhøve på staden, avgjere at verksemda må ha utsleppsløyve etter forureiningslova. Verksemda kan då ikkje starte før eit eventuelt løyve er gitt.

Eksisterande betongprodusentar må òg sende inn meldeskjema

Eksisterande verksemder som er omfatta av kapittelet hadde frist til 1. januar 2024 for å sende inn meldeskjema for si verksemd. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.