Sju nye skogområde verna i Vestland

Mann i skogen.
Lars Djønne viser stolt fram naturkvalitetar i skogen sin. Han var grunneigar ved vern av Åkre og Vikane naturreservat i desember 2016, og no også ved utviding av same naturreservat. Skogen er blandt dei eldste, mest intakte og naturprega i Vestland. Foto: Magnus Johan Steinsvåg / Statsforvaltaren i Vestland ©.

Den 16. desember 2022 vart sju skogområde i Vestland verna av Kongen i statsråd. Totalt utgjer nytt verneareal om lag 10 300 dekar, og sikrar eit mangfald av artar og viktige naturtypar i skog som vi har eit særleg ansvar for å ta vare på.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.12.2022

Som eit ledd i å redusere tapet av naturmangfald har Stortinget som mål å verne ti prosent av skogen i Norge. Til no er om lag fem prosent av skogen verna nasjonalt, og i Vestland fylke er talet om lag tre prosent. Områda er oppretta gjennom ordninga med frivillig skogvern.

Viktig vestlandsnatur verna

Med dette vernevedtaket er det oppretta tre nye skogreservat og fire utvidingar av eksisterande naturreservat hjå oss. Areala inneheld fleire skogtypar som har dårleg vernedekning og som derfor har ein særleg prioritert i vernearbeidet.

Sjå bilete frå områda og kart i Storymaps her.

Buggastrondi, Luster kommune (4 054 dekar). Området dekkjer heile gradienten frå fjord til fjell langs Lustrafjorden og ligg i nærleiken av andre verneområde. Floraen er artsrik, og det er registrert kravfulle marklevande sopp. Raudlista og truga artar er registrert, og det er potensial for å finne fleire.   

Gulbergnotten, Ullensvang kommune (utviding med 614 dekar til 6 471 dekar). Etter nyleg vernevedtak om utviding av Gulbergnotten 19. mars 2021 er dette andre utviding av dette naturreservatet. Området består av gamal kystfuruskog med blant anna innslag av grove ospeholt i eit ganske så intakt og stort skogområde.

Loftesnes, Sogndal kommune (623 dekar) Arealet dekkjer ein gradient frå lågareliggjande område med rik edellauvskog til høgareliggjande areal med furuskog langs eit vestvendt berg i indre Sogn. Det er registrert både levande og døde store, gamle lindetre med grove dimensjonar. Dei gamle trea har gode førekomstar av sopp-, mose- og lav, og det er stort potensiale for funn av truga, sjeldne og sårbare artar.

Setråsen og Femanger, Bjørnafjorden kommune (utviding med 2 596 dekar til 6 371 dekar). Vernet omfattar ei utviding av Setråsen naturreservat nordover til også å omfatta areal kring Femanger. Føremålet med naturreservatet er å ta vare på trua, sjeldan og sårbar natur i form av vestnorsk regnskog, gamal kystfuruskog, rik edellauvskog og bekkekløftmiljø. Naturreservatet har særlege naturverdiar knytt til rike, fuktige skogar og er ein sentral del av kjerneområdet for rik, boreonemoral regnskog i Norge.

Regnskogmosen Nebbmose Colura calyptrifolia er klassifisert som sterkt trua og er berre funne i Femanger og ingen andre stader i Skandinavia. Utviding av Setråsen og Femanger naturreservat vil såleis sikra einaste kjente levestaden til arten hjå oss.
Regnskogmosen Nebbmose Colura calyptrifolia er klassifisert som sterkt trua og er berre funne i Femanger og ingen andre stader i Skandinavia. Utviding av Setråsen og Femanger naturreservat vil såleis sikra einaste kjente levestaden til arten hjå oss. Foto: Kristian Hassel, NTNU Vitenskapsmuseet ©.

Skolten, Gulen kommune (1 431 dekar). Store delar av området utgjer den vestlege lia langs Brosvikvatnet og har god topografisk variasjon og fleire naturtyperegistreringar. Vernet sikrar viktige naturkvalitetar som bekkekløfter, kystfuruskog, boreonemoral blandingsskog og vestnorsk regnskog. Det er også registrert fleire kravfulle lav- og moseartar knytt til desse naturtypane.

Steinen, Bjørnafjorden kommune (utviding med om lag 649 dekar til 1 889 dekar). Utvidingsområdet omfattar areal som vil binde saman dei to separate areala som vart verna i 2019. Skogen er gamal og naturprega, og består av vestnorsk regnskog, gamal furuskog og rik edellauvskog.

Åkre og Vikane, Voss herad (utviding med 364 dekar til 2 219 dekar). Utvidinga omfattar skog i både vest, sør og aust. Skogen er blant dei eldste, mest intakte og naturprega i Hordaland. Dette utvidingsområdet har også naturprega skog, men også granplantasjar som Statsforvaltaren nyleg har fjerna. Det er ønskjeleg å få reetablera naturskog i desse felta og såleis styrka dei viktige naturkvalitetane i reservatet.

 

Lind er eit edellauvtre, og trivst i varme lommer langs  Lustrafjorden. Edellauvskog er mangelfullt dekt i skogvernet i Vestland, og Buggestrondi vil gje eit verdifullt bidrag til å ta vare på naturmangfaldet i fylket. Lind kan ha tyding "skjold" skildra i Snorre-Edda.
Lind er eit edellauvtre, og trivst i varme lommer langs Lustrafjorden. Edellauvskog er mangelfullt dekt i skogvernet i Vestland, og Buggestrondi vil gje eit verdifullt bidrag til å ta vare på naturmangfaldet i fylket. Lind kan ha tyding "skjold" skildra i Snorre-Edda. Foto: Maria Knagenhjelm / Statsforvaltaren i Vestland©.

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Arealendringar er den faktoren som påverkar norske artar mest, og ein reknar med at 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

Eiketre kan bli over 1000 år gamle, og med alderen vert eika hol inni, barken oppsprukken og delar av treet kan døy. Det gjev eit variert mikroklima og levestader for svært mange artar. Dei fleste skogområda som no er verna har slike gamle eiketre. Foto: Magnus Johan Steinsvåg / Statsforvaltaren i Vestland ©.


Frivillig skogvern

Dei siste åra har frivillig skogvern vore den aktuelle framgangsmåten for å verne om viktig naturmangfald i skog. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

I ein slik prosess er det grunneigar som tilbyr staten område for vern. For staten er det viktig at området inneheld viktige miljøverdiar. Dersom dette er tilfelle, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert.

Vernevedtaka som no er godkjente i statsråd er begge resultat av at grunneigarane har tilbode staten frivillig vern av skogen. Les meir om frivillig skogvern på heimesidene våre.

Kva betyr det at eit område er verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne skogområda som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby tiltak og aktivitetar som kan skade verneverdiane i naturreservatet.

Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fiske, og ålmenta vil framleis kunne plukke sopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. Eksisterande installasjonar på vernetidspunktet skal kunne driftast og vedlikehaldast.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.