Vi inviterer lag og organisasjonar til digitalt møte om bevaring av verdifull natur

Statsforvaltaren har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet om å gå i dialog med lag og organisasjonar om kandidatområde for vern av bevaring av verdifull natur.

Publisert 11.05.2023
På øya Kinn i Kinn kommune finn vi mange ulike naturtypar. Her er det både sør- og nordvendte kystberg, kystlynghei, naturbeitemark og kystgrotter. Foto: Tore Larsen ©.

Vi ønskjer å orientere om oppdraget vi har fått, som omfattar mogleg oppretting av tre nye nasjonalparkar og 22 mindre område i tillegg til utviding av 8 eksisterande verneområde. Vi har også hatt tilsvarande digitalt møte med kommunane.

Forslag til kartavgrensing, bilete og omtale av kandidatområda

Naturkrise også i Vestland

Globalt så vel som lokalt i Vestland står vi over for ei naturkrise like alvorleg som klimakrisa. Tap av natur til utbygging er den viktigaste enkeltårsaka. Områdevern sikrar at viktig natur ikkje blir øydelagt, og er difor eit av våre viktigaste verktøy i møte med naturkrisa.

Områda som no skal vurderast og utgreiast for vern i Vestland, skal bidra til å dekke manglane i eksisterande verneplanar. Ved å bevare desse områda som dei er, kan dei bidra til at vi når dei nasjonale måla om bevaring av eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar og om å ta vare på trua artar og naturtypar.

Områda som vert føreslått verna skal også bidra til å danne økologiske nettverk og gjere norsk natur meir motstandsdyktig mot dei negative effektane frå klimaendringane.

Dialog om kandidatområda

Vi ønskjer å ha dialog med lag og organisasjonar i endeleg utveljing av kandidatområde for vern før det vert starta formelle verneprosessar.

Målet med dette er å finne fram til kandidatområde for vern av verdifull natur som det kan vere lokal oppslutning om. Då er naturlegvis god dialog med grunneigarane og andre lokale interesser viktig. I den vidare prosessen vil vi prioritere å starte verneprosessar der det er lokal aksept for dette.

Eventuelt vern av område sikrar det mot nye utbyggingar og inngrep, og opnar opp for nye moglegheiter og forpliktelsar for forvaltinga til å støtte opp om vidare drift av kulturlandskapa. Eit eventuelt vern vil også gjere det lettare å kanalisere og styre ferdsla gjennom tilrettelegging i friluftslivsamanheng der det er trong for det. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Lag og organisasjonar er invitert til møte

For å informera om oppdraget, bakgrunnen for dette og for å starte dialogen om aktuelle område, inviterer vi aktuelle lag og organisasjonar til digitalt møte med på Teams onsdag den 24. mai frå kl 12.00-14.00.

Vi sender ut invitasjon til møte i eiga digital utsending i løpet av veke 19. Ta gjerne kontakt med oss om de ikkje har fått innkalling etter det.

Vi håpar å få førebelse synspunkt og innspel til kandidatområda, og ikkje minst om det er lokale interesser og brukarar av områda vi no så tidleg som råd i arbeidet bør gå i dialog med.

Sjå forslag til kartavgrensing, bilete og kort omtale av kandidatområda ved å opne Storymap her.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.