Nye verneområde

God flyt av informasjon, dialog og kunnskapsdeling er avgjerande for å få til gode verneprosesser.
God flyt av informasjon, dialog og kunnskapsdeling er avgjerande for å få til gode verneprosesser. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Oppretting av verneområde er truleg den tryggaste måten å sikre naturmangfoldet på. Ein prosess som skal leie fram til vern skal sikre ei brei innhenting av kunnskap. Dette betyr involvering av folk og ulike organ, slik at alle kan kome med innspel. 

Når staten ønskjer å etablere eit verneområde må vi gjennomføre ein grundig verneprosess. Slik kan alle som ønskjer det, komme med innspel, slik at saka skal bli så godt opplyst som mogeleg. 

Ei verneprosess blir gjennomført i tråd med reglar i naturmangfaldlova. Det er også utarbeida eigne retningsliner frå Klima- og miljødepartementet. Sjå i fana til høgre for meir kunnskap om rammeverket i verneprosesser. 

Kunnskapen må fram i eit samarbeid

Hensikta med ein verneprosess er å få så god informasjon som mogeleg om området, også av konsekvensane som eit vern kan føre til, før eit vernevedtak blir fatta i statsråd.

I prosessen skal det bli lagt til rette for eit best mogeleg samarbeid med grunneigarar, rettshavarar, eventuelle næringsinteresser, lokalsamfunn, kommune og fylkeskommune. Lag og organisasjonar på alle nivå blir invitert til å kome med innspel. Ofte har andre påverka styresmakter innspel og kunnskap å dele. Privatpersonar kan ha viktig kunnskap å bidra med.

Dialog og involvering, slik at mest mogeleg kunnskap kjem fram, er viktig i verneprosesser.
Dialog og involvering, slik at mest mogeleg kunnskap kjem fram, er viktig i verneprosesser. Foto: Jostedalsbreen nasjonalparkstyre.

Målet er at mest mogeleg informasjon om verneføremål og verneverdiar, lokal bruk, avgrensing av området og følgjer av vernet, også andre mogelege verdiar i området, blir tilgjengeleg og utgreidd, før eit vernevedtak eventuelt blir fatta. 

Milepæler/ hovudpunkt i ein verneprosess

Under ser du ei framstilling av dei ulike stega i ein verneprosess. I tillegg til punkta under er god dialog, til dømes gjennom opne folkemøte, med kommunar eller på synfaring ute i felt med grunneigarar, ein sentral del av ein verneprosess.

Skjematisk framstilling av ein verneprosess

Statsforvaltaren avklarar først opplegg for planprosessen med kommuner og fylkeskommuner. Arbeidet med faglige utredninger starter. For frivillig skogvern er prosessen ikkje avhengig av avklaring med kommunen før oppstart fordi det er grunneigar sjølv som tilbyr areal til vern. 

Statsforvalteren sendar samtidig ut melding om igangsetting av verneplanarbeidet (oppstartsmelding). Grunneigarar, organisasjonar og andre skal så langt råd er, bli orientert om arbeidet. Alle som ønskjer det kan komme med førebelse synspunkt til Statsforvaltaren om mellom anna verneføremål, vernekategori, vernereglar, utgreiingsbehov og framdriftsplan for arbeidet. 

Statsforvaltaren innhentar eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag (faglege utgreiingar) for å kunne utforme eit verneframlegg. Dette blir då grunnlag for vedtak seinare i verneprosessen. 

Statsforvalteren utarbeidar også eit konkret verneforslag med utkast til vernekategori, avgrensing og verneforskrift ut i frå føremålet med vernet. 

Statsforvaltaren sendar verneforslaget til Miljødirektoratet for fagleg
gjennomgang og kvalitetssikring (gjeld ikkje frivillig skogvern). Etter tilbakemelding sendar Statsforvalteren forslaget ut på høyring. 

Statsforvaltaren sender forslaget på høyring til grunneigarar lokale, sentrale og regionale myndigheiter, organisasjoner lokalt og sentralt, forskningsinstitusjoner m.m.

Høyringsperioden er minimum 2 månader. Alle som ønskjer det kan komme med innspel i høyringa. 

Alle høyringsinnspela blir samla og svart ut i ei tilråding. Dokumentet vil også greie ut ei avveining mellom ulike interesser. Statsforvalteren utarbeider si faglege tilråding og sender til Miljødirektoratet, med ei vurdering av kva vi mener bør bli verna og ikkje, geografisk avgrensing, og kva vernereglar som bør gjelde for å oppnå føremålet med vernet. 

Miljødirektoratet vurderer Statsforvaltaren si tilråding og utarbeidar deretter si innstilling til Klima- og miljødepartementet med forslag til verneforskrifter og avgrensing. Klima- og miljødepartementet legg vernesaka fram for andre relevante departement og førebur saka for handsaming i regjeringa. 

Alle kan i utgangspunktet kome med innspel til Miljødirektoratet eller Klima- og miljødepartementet (der saka ligg til handsaming), heilt fram til regjeringa har sluttført saka. 

Klima- og miljødepartementet legg vernesaka fram for andre relevante departement og førebur saka for handsaming i regjeringa. 

Alle kan i utgangspunktet kome med innspel til Miljødirektoratet eller Klima- og miljødepartementet (der saka ligg til handsaming), heilt fram til regjeringa har sluttført saka. 

Endeleg vedtak blir fatta av Kongen i statsråd gjennom ein kongeleg resolusjon.

Dei pågåande verneprosessane i fylket inkluderer natur frå havbotn og opp i høgfjellet. Her er ein nakensnegl på vandring etter mat i tareskogen.
Dei pågåande verneprosessane i fylket inkluderer natur frå havbotn og opp i høgfjellet. Her er ein nakensnegl på vandring etter mat i tareskogen. Foto: Torgeir Kårbø.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.