Kunngjering av løyve til forureining frå slakting av oppdrettsfisk i Bømlo kommune

Hardanger Fiskeforedling AS får løyve etter forureiningslova til eit oppgradert slakteri for laks og aure i Langevågen Fiskerihamn. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2022

Hardanger Fiskeforedling AS, som til no har vore lokalisert i Strandebarm, og Espevær Laks AS har fusjonert til selskapet Hardanger Fiskeforedling AS. Det nye selskapet har oppgradert det eksisterande slakteriet på lokaliteten til Espevær Laks AS i Langevågen.

Statsforvaltaren har handsama søknaden om løyve etter forureiningslova til å produsere inntil 54 000 tonn sløgd laks og aure per år. Produksjonskapasiteten vil overstige 75 tonn/døgn og verksemda vil difor verte omfatta av EU sitt industriutsleppsdirektiv (IED). Dette fører til at produksjonen vert underlagd dei bindande utsleppsgrensene som er fastsette i dei såkalla BAT-konklusjonane som gjeld for næringsmiddelproduksjon. Desse utsleppsgrensene vert gjort gjeldande seinast 4. desember 2023.

Prosessavløpsvatnet, inkludert vaskevatn frå produksjonen, skal reinsast ved grov- og finfiltrering og desinfiserast med klor før utslepp frå eit nytt utsleppspunkt på 120 meters djupne på nordaustsida av Store Bleikjo, om lag 640 meter nord for dagens utsleppspunkt. Naturmangfaldet ved det nye utsleppspunktet er kartlagt med tilhøyrande vurdering av verdi og konsekvens. Det er også utført straummålingar ved utsleppspunktet.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.