Nytt folkemøte i Årdal om ei mogeleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark

to menneskje på fjellrygg i høgfjellslandskap
Vi inviterer til nytt folkemøte i Årdal for å følgje opp tema som vart teke opp i første møte. Vi håpar på godt oppmøte og mange innspel. Foto: Ivar Marthinusen.

Tirsdag 2. mai inviterer vi til eit nytt folkemøte i Årdal om ei mogeleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark. Møtet er ei oppfølging av tema som vart teke opp på første folkemøte. Velkomen!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.04.2023

Statsforvaltaren i Vestland har fått i oppdrag å starte prosessen med ei mogleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark. Oppdraget omfattar og å undersøke om det er lokal aksept for å gjere om delar av Utladalen landskapsvernområde til nasjonalpark. Utan lokal aksept vil vi ikkje starte opp ein verneplanprosess. Du kan lese meir om oppdraget vi har fått ved å følgje lenkja til høgre.

Den 18. januar 2023 vart det arrangert eit ope møte om ei mogeleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark. I dette møtet var det semje om å halde eit nytt møte der vi går meir i detalj på kva ei utviding av nasjonalparken og omgjering av verneform for deler av Utladalen landskapsvernområde kan bety i praksis. Vi har no sett nærare på denne tematikken og vil presentere dette i møtet.

Vi inviterer difor alle interesserte til eit nytt folkemøte i Årdal kulturhus den 2. mai 2023 kl. 18.00.

Årdal kommune vil ønskje velkomen før vi orienterer om praktiske konsekvensar av eit eventuelt vern, med særleg vekt på skilnadane mellom landskapsvernområde og nasjonalpark. Etterpå vil det vere god tid til spørsmål og innspel. Innspela som kjem her vil vere viktige for oss i den vidare prosessen.

Vel møtt!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.