Utviding Jotunheimen

Dyrhaugstindane helsar morgonsola velkomen i grenseområdet mellom Luster og Årdal. Dersom det kjem positive signal frå kommunane vil vi setje i gang ein formell verneprosess.
Dyrhaugstindane helsar morgonsola velkomen i grenseområdet mellom Luster og Årdal. Dersom det kjem positive signal frå kommunane vil vi setje i gang ein formell verneprosess. Foto: Halvor Røssum.

Vi jobbar med ei mogleg utviding på vestsida av Jotunheimen nasjonalpark. Er det lokal aksept i kommunane Luster og Årdal, kan vi starte ein formell prosess. Her finn du informasjon om oppdraget vårt og korleis vi skal jobbe framover. 

Statsforvaltaren har fått i oppdrag å starte prosessen med ei mogleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark. Oppdraget går i fyrste omgang ut på å avklare om det er lokal aksept for å starte ein formell prosess med mål om å utvide nasjonalparken.

Vi er heilt i startfasen av prosessen. I denne fasen vil vi prioritere å ha direkte dialog med politisk og administrativ leiing i kommunane. Vi vil også ha dialog med grunneigarorganisasjonar, for så å seinare gå breiare ut til næringsliv, interesseorganisasjonar og andre.

Førebuande møte med Luster og Årdal

Vi hadde eit førebuande møte med politisk leiing i Luster kommune i september, og informerte kommunestyret om oppdraget 20. oktober. Vi hadde møte med kommuneleiinga i Årdal månaden etter, den 10. november.

Etter å ha møtt kommunane vil vi invitere til dialog med grunneigarorganisasjonar, næringsliv og andre interesseorganisasjonar. Innspela og synspunkta som kjem fram i desse møta vil vere viktige å ta med i ein eventuell vidare verneprosess.

I området mellom Tindevegen og Hurrungen-massivet går det viktige trekkruter for  villreinen i Vest-Jotunheimen. Midt i biletet ser ein nedre og øvre Dyrhaug, og Dyrhaugsryggen dekt i nysnø. Dagens vernegrense går på øvre Dyrhaug, medan utgreiingsområdet og inkluderer området rundt nedre Dyrhaug.
I området mellom Tindevegen og Hurrungen-massivet går det viktige trekkruter for villreinen i Vest-Jotunheimen. Midt i biletet ser ein nedre og øvre Dyrhaug, og Dyrhaugsryggen dekt i nysnø. Dagens vernegrense går på øvre Dyrhaug, medan utgreiingsområdet og inkluderer området rundt nedre Dyrhaug. Foto: Halvor Røssum.

Lokal aksept avgjer vidare arbeid

Dersom det er lokal aksept frå dei involverte kommunane for vidare utgreiing av vern vil vi melde oppstart av ein formell verneprosess. Då kan vi starte kunnskapsinnhenting om naturkvalitetar og brukarinteresser i området, og vekte alle konsekvensar eit vern vil kunne føre med seg på ulike tema. Dette arbeidet vil vere ope og tilgjengeleg, og vil danne grunnlaget for ein høyringsprosess der alle som ønskjer det får høve til å uttale seg. Og i denne fasen av verneprosessen vil lokal aksept vere eit premiss for å kunne gå vidare før vi eventuelt skal tilrå eit vern til overordna styresmakter.

Viktige område å ta vare på for kommande generasjonar

Stortinget har som mål å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar. På oppdrag frå Miljødirektoratet gjennomførte vi i 2019 ei naturfagleg vurdering og identifisering av område som kan bidra til å nå Stortinget sitt mål om representativt vern av norsk natur. Vårt arbeid resulterte i 99 område i fylket, deriblant areal på sør- og vestsida av Jotunheimen nasjonalpark, som aktuelle for å auke representativiteten i vern av norsk natur.

Vi fekk i oppdrag å undersøke om det er aksept lokalt for ei mogeleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark, og seinare kom tilleggsoppdraget på mogeleg endring av verneform. Dette gjeld potensielt delar av Utladalen, om det er aksept for å endre statusen frå landskapsvernområde til nasjonalpark. Særleg er sidedalar til Utladalen og området rundt Falketind, Hjelledalstinden og Stølsnostinden aktuelle å vurdere.

Dei grøne prikkane illustrerer utgreiingsområdet for ei eventuell utviding av Jotunheimen nasjonalpark. Mørkegrøn skravering markerer Jotunheimen nasjonalpark. Lysegrøn skravering markerer Utladalen landskapsvernområde. Merk at utgreiingsområdet ikkje er eit forslag til vernegrense. Å avklare kvar det er aktuelt at vernegrensene skal gå vil vere ein viktig del av ein eventuell verneprosess.
Dei grøne prikkane illustrerer utgreiingsområdet for ei eventuell utviding av Jotunheimen nasjonalpark. Mørkegrøn skravering markerer Jotunheimen nasjonalpark. Lysegrøn skravering markerer Utladalen landskapsvernområde. Merk at utgreiingsområdet ikkje er eit forslag til vernegrense. Å avklare kvar det er aktuelt at vernegrensene skal gå vil vere ein viktig del av ein eventuell verneprosess. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Rik flora og inngrepsfri natur med verdi for villreinstammen

I utgreiingsområdet er det viktige beiteområde og trekkvegar for villreinstamma i Vest-Jotunheimen. Det er registrert kalkrike område som gjev grunnlag for ein rik flora. At naturen i stor grad er inngrepsfri er i seg sjølv ein viktig kvalitet ved området. Eit varig vern vil kunne sikre at naturen held seg fri for tyngre tekniske inngrep også i framtida. Ein viktig del av ein eventuell verneprosess blir å skaffe meir kunnskap om naturkvalitetane i området.

Større samanhengjande område er viktig når klimaet endrar seg

Mange av dagens nasjonalparkar ber preg av å vere «høgfjells-nasjonalparkar», der berre dei mest alpine og høgareliggjande areala ligg innanfor vernegrensene. Å trekke vernegrensene nedover i terrenget er aktuelt å gjere i Vest-Jotunheimen, om det er lokal aksept.

Med eit klima i endring er det viktig å verne natur i samanhengande høgdegradientar. Dette vil kunne bidra til å sikre eit meir heilskapleg og samanhengande økosystem innanfor vernegrensene, mellom anna fordi dette sikrar korridorar der artar fritt kan trekke høgare opp i terrenget når  temperaturen stig.

Dagens bruk av området vil i stor grad kunne fortsetje

Ved vern av område som nasjonalpark eller landskapsvernområde, vil ein i hovudsak kunne bruke områda som før til beiting, jakt, friluftsliv og elles vedlikehald av eksisterande bygningar og anlegg.

Grunnregelen om erstatning ved eit eventuelt vern er at dei tapte rettane skal bli erstatta dersom pårekneleg bruk vert forbode eller gjort vanskelegare som følgje av eit vernevedtak. 

Lokal forvaltning av verneområde sikrer også betre finansiering av tiltak

Ved eit utvida vern vil det kunne opne seg opp fleire inngangar for finansiering av ulike tiltak. Slike tiltak kan til dømes vere betre og meir styrt tilrettelegging av turstiar, skilting, parkering, restaurering av bygningar og skjøtsel.

Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde blir i dag forvalta lokalt av eit verneområdestyre med representantar frå kommunane og fylkeskommunen. Eit eventuelt utvida areal av Jotunheimen nasjonalpark vil bli lagt til dagens nasjonalparkstyre, sjå lenkje for å lese meir om dagens nasjonalparkstyre i høgrefana.

Vi er no inne i fase to av totalt ni fasar i ein verneprosess (sjå illustrasjon ovanfor). Dette er ein informasjonsfase der dialog med kommunane, grunneigarar, næringsinteresser og interesseorganisasjonar er i fokus. Statsforvaltaren anbefaler at kommunane ventar med å gje endeleg klarsignal om «lokal aksept» for vern eller ikkje, til eit verneforslag er utgreidd og konsekvensar av eit eventuelt vern vurdert.

Statsforvaltaren sender ikkje ut oppstartsmelding før det er gjort vedtak i dei lokale kommunestyra om at det er lokal aksept for å gå vidare med verneprosessen. Etter eit eventuelt ja til vidare prosess kan vi  starte utgreiingar av naturkvalitetane og moglege konsekvensar for vernet, som skal ligge til grunn for offisiell høyring og verneforslag.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.