Opnar for tre nye nasjonalparkar i Vestland

Regjeringa har gitt Miljødirektoratet i oppgåve å starte arbeidet med verneplanprosessar for fire heilt nye nasjonalparkar.
Publisert 08.09.2021
Tre av nasjonalparkane ligg i Vestland: Hornelen, Masfjordfjella og Øystesefjella. Ein opnar også for utviding av nasjonalparkane Jostedalsbreen og Jotunheimen.
Verneframlegget er eit resultat av oppdraget innan supplerande vern som Statsforvaltaren i Vestland leverte på i 2019.
Les meir om oppdraget på Regjeringa sine nettisider.
Kontaktpersonar
-
Magnus Johan Steinsvåg
Tlf: 55 57 23 25 -
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26 / 90 84 69 42 -
Tom Dybwad
Tlf: 57 64 31 23