Søknad om løyve til utslepp av reinsa anleggsvatn i samband med tunneldriving på Mongstad

Høyringsfrist:
21. juli 2023 23:59

Asset Buyout Partners AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa anleggsvatn i samband med tunneldriving på Mongstad  i Alver og Austrheim kommune

Publisert 09.06.2023

Asset Buyout Partners (ABP) og Mongstad Eiendomsselskap AS planlegg å byggje ein infrastrukturtunnel for deling av restråvarer og overskotsenergi mellom selskapa  på Mongstad.

En mindre del av tiltaket ligg heilt aust i Austrheim kommune, mens hovuddelen ligg nord i Alver kommune. Utslepp i samband med tunneldrivinga vil gå til Fensfjorden, i Alver kommune

Det er planlagt ein tunnel på maks 2 000 m med høgde på 7,7 m og bredde på 6,6 m. Inngrep i samband med bygging av energitunnelen og sjaktene vil skje innanfor dei to traseane som vist i Figur 1, og er hovudsakeleg under grunnen.

Endeleg utforming av tunnel er ikkje bestemt, og det blir presentert to alternativ som er nærmare omtalt på side 6 i søknaden.

Vatnet skal gå gjennom ulike reinseprosessar før utslepp til Fensfjorden. Alternative utsleppspunkt (figur 2) er omtalt på side 9 i søknaden. Det er i søknaden føreslått ein grenseverdi på 400 mg/l suspendert stoff og 20 mg/l olje for utslepp til Fensfjorden.

I Fensfjorden er det registrert lokalt viktige gytefelt for torsk. Det nærmaste er gytefeltet Knarsvika, som ligg ca. 2 km sør for utsleppspunktet. Det er og registrert fiskeplassar for passive reiskap. Det er òg registrert tareskogførekomster og skjellsandførekomster i nærleiken av tiltaket.

Planlagt start av tunneldrivinga er 1. januar 2024. Byggetid for tunnelen er rekna til ca. 1,5 år.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2023/7324. Frist for å gje fråsegn er 21. juli 2023.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

 

 

Høyringsfrist:
21. juli 2023 23:59