Overvaking syner at miljøgifta DDT ligg lenge i naturmiljøet

Fruktdyrking har vi holdt på med lenge i Vestland. Det er estimert at om lag 14 tonn DDT vart nytta i fruktdyrkinga i Hardanger. Sidan 1979 har konsentrasjonane av DDT i blåskjel vore overvaka i Sørfjorden og Hardangerfjorden. I 2021 vart det òg tatt inn referansestasjonar frå Sognefjorden.
Fruktdyrking har vi holdt på med lenge i Vestland. Det er estimert at om lag 14 tonn DDT vart nytta i fruktdyrkinga i Hardanger. Sidan 1979 har konsentrasjonane av DDT i blåskjel vore overvaka i Sørfjorden og Hardangerfjorden. I 2021 vart det òg tatt inn referansestasjonar frå Sognefjorden. Foto: Toril Marie Mulen.

Ein ny rapport utarbeida av Havforskingsinstituttet viser framleis relativt høge konsentrasjonar av DDT i blåskjel i Sørfjorden, men det er ikkje fare for mattryggleiken. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.10.2022

"Vidundermiddelet" som førte til stor skade på fugl

Fruktdyrking har gått føre seg i indre Hardanger sidan 1300-talet. Skadegjerarar har nok alltid vore ei utfordring, men i 1939 vart DDT (diklor-difenyl-trikloretan) oppdaga som eit effektivt insektmiddel. Paul Muller fekk faktisk nobelprisen for denne oppfinninga i 1948.

Frå 1945 fram til 1970-talet var bruken av DDT på verdsbasis svært høg, kanskje opp til så mykje som 400 000 tonn årleg. Dessverre viste det seg at DDT gjekk inn i næringskjeda og forårsaka reproduksjonsproblem for blant anna store rovfugl, og rekrutteringa til bestandane svikta. 

Denne oppdaginga gjorde at DDT vart forbode i ei rekke land frå 1970-talet, og internasjonalt gjennom Stockholmkonvensjonen i 2004.

DDT er biomagnifiserande, dvs. konsentrasjonen aukar frå eit næringsnivå til det neste, som når eit rovdyr et eit byttedyr. Dette gjekk hardt ut over toppredatorane i økosystema, som rovfugl. DDT førte til at eggeskala vart for tynne, dei knuste under ruging, og rekrutteringa svikta. Havørnpar med kongeørn i forgrunn.
DDT er biomagnifiserande, dvs. konsentrasjonen aukar frå eit næringsnivå til det neste, som når eit rovdyr et eit byttedyr. Dette gjekk hardt ut over toppredatorane i økosystema, som rovfugl. DDT førte til at eggeskala vart for tynne, dei knuste under ruging, og rekrutteringa svikta. Havørnpar med kongeørn i forgrunn. Foto: Tore Larsen.

Overvaking av DDT syner stor variasjon lokalt

I Hardanger har det vore estimert eit forbruk av 14 tonn DDT totalt. Nedbrytinga av DDT skjer sakte, og spesielt langsamt i eit så kaldt klima som i Noreg.

Sørfjorden og Hardangerfjorden har vore overvaka relativt tett sidan 1979 gjennom forskjellege statlege program. Overvakinga har vist at nivåa av DDT har variert mykje mellom stasjonar i Sørfjorden, men òg mellom år.

Samanlikning av DDT i blåskjel i Hardanger og i Sognefjorden

Statsforvaltaren i Vestland har ønskt å gjennomføre ei tettare kartlegging av DDT, og då særskilt langs Sørfjorden. Dette for å kunne finne ut kvar det er størst avrenning, men òg om avrenninga i dag er spesielt stor og om nivåa kryssar grenseverdiar i vassforskrifta frå god til dårleg tilstand for DDT. 

I 2021 vart ei slik overvaking gjennomført av Havforskningsinstituttet på oppdrag frå oss. DDT vart undersøkt i blåskjel frå 28 lokalitetar i Sørfjorden, i tillegg til at blåskjel vart undersøkt på referansestasjonar i andre fruktdyrkingsområde i Hardangerfjorden (7) og Sognefjorden (7). Sjå kart til høgre.

Blåskjel filtrerer vatn for partiklar, og fangar såleis lett opp det som er tilgjengeleg av miljøgift som DDT. Ved å samle inn blåskjel og analysere dei, kan vi få eit godt bilete av miljøtilstanden.
Blåskjel filtrerer vatn for partiklar, og fangar såleis lett opp det som er tilgjengeleg av miljøgift som DDT. Ved å samle inn blåskjel og analysere dei, kan vi få eit godt bilete av miljøtilstanden. Foto: Torgeir Kårbø.

Høge nivå enkelte stader, men ingen fare for mattryggleiken

DDT-nivåa målt i denne undersøkinga varierte rundt det som er målt tidlegare. Dei høgaste verdiane vart målt i Sørfjorden (60,1 µg/kg våtvekt), med ein gjennomsnittskonsentrasjon på 13,1 µg/kg våtvekt. Dei høgaste verdiane blei målt ved Espe, Indre Aga og ved Trones.

I Hardangerfjorden utanfor Sørfjorden var gjennomsnittskonsentrasjonen 3,44 µg/kg våtvekt, og for Sognefjorden var den 3,06 µg/kg våtvekt. Nivåa er godt under miljøkvalitetsstandarden på 610 µg/kg våtvekt, noko som indikerer at nivåa ikkje er høge nok til å påverke økosystemet nemneverdig.

DDT ligg lenge i jorda og blir vaska ut gradvis i fjorden

Dei DDT-nivåa som er målt i blåskjela har heller inga betydning for mattryggleiken. Det er ikkje grunnlag for å konkludere med ei spesifikk kjelde ut frå desse resultata. Dei jamt forhøga nivåa tyder heller på at forureining som skuldast tidlegare DDT-bruk ligg bunde i jordsmonnet og blir transportert ut i fjorden ved avrenning. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.