Tiltak i vassdrag kan vere søknadspliktig

Gravemaskin ute i steinete elv. Fjell i bakgrunnen
Tiltak i vassdrag kan vere søknadspliktige, store som små. Om det er utbetring av fiskevandring som her i Melselva i Rosendal, eller erosjonssikring, etablering av bru, uttak av grus eller liknade, kan det krevje løyve til å setje i gong tiltaket. Lurer du på om ditt tiltak er søknadspliktig kan du ta kontakt med oss før du set i gong. Foto: Hardangerfjord villfisklag.

Vassdragstiltak kan vere søknadspliktige etter vassressurslova, og forskrift om fysiske tiltak i vassdrag. Statsforvaltaren og fylkeskommunen har laga eit søknadsskjema du kan nytte når du søkjer om å utføre tiltak i vassdrag.

Publisert 24.03.2023

Vassdragsnaturen er truga

«Elvevassmasser» er ein nært truga naturtype på norsk raudliste for naturtypar, og omfattar økosystem i rennande vatn. Naturtypen er prega av fysiske inngrep, vasskraftregulering og landbruk, og av 11.000 vassførekomstar i landet, er 18 % svært endra frå den naturlege tilstanden (definert som «svært modifiserte vassførekomstar»).

Nokre av vassdraga i Vestland er verna mot kraftutbygging, og 12 vassdrag har eit særskild vern under ordninga for nasjonale laksevassdrag, og for desse er det eigne føringar i forskrift, retningsliner eller planar for kva tiltak du kan gjennomføre i vassdraget.

Fossande elv som renn kvit mellom store steinar. Bratte fjell i bakgrunn, vestlandsmotiv.
Opo i Odda er gjennom verneplan for vassdrag varig verna mot kraftutbygging. Vernegrunnlaget er urørtheit. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Restaurering av vassdragsnatur og naturbaserte løysingar

Innan 2030 skal Noreg restaurere 15 % av vassdragsnaturen i landet. I følgje norsk strategi for restaurering for vassdrag skal vi restaurere raskare enn vi øydelegg vassdragsnaturen. Det er difor ikkje ønskeleg med tiltak som kan innsnevre elveløp eller endre vassdrag i stor grad. Vi må òg tilpasse oss klimaendringane som kan gje meir vatn i vassdraga (NVE Ekstern rapport nr. 3/2023).

Kommunar må vurdere naturbaserte løysingar for handtering av overvatn i deira planlegging. Naturbaserte løysingar for handtering av overvatn kan vere å opne av bekkar, gje meir plass til vassdrag og leggje til rette for kantvegetasjon. Om kommunane vel andre løysingar enn naturbaserte løysingar, må kommunen grunngje kvifor dei er vald bort.

For informasjon om naturbaserte løysingar, sjå Menon Economics sin rapport om naturbaserte løysningar for klimatilpassing.

Kva er eit vassdragstiltak?

Eit vassdragstiltak er alle fysiske tiltak som kan påverke vassmiljøet eller produksjon til laksefisk og andre vasslevande organismar. Døme på vassdragstiltak kan vere graving i elvekant eller botn, uttak av massar, erosjonssikring av elvekant, etablering av bruer og bekkelukking, plastring med meir.

Ulike tiltak i vassdrag kan ha utilsikta negative effektar, som erosjon oppstraums og nedstraums tiltaket, eller redusert fiskeproduksjon. Du må difor søkje om å gjennomføre tiltak i vassdrag, slik at myndigheitene kan vurdere effekt på vassmiljø, og samfunnsnytta av tiltaket.

mann ståande i bekk med bøtte med grus som han heller ut. I bakgrunnen to menn som spar grus ut av big bag.
Der kartlegging viser at produksjonen av fisk er blitt redusert som følgje av tap av gyteområde eller redusert kvalitet på gyteområda, kan utlegging av gytegrus eit aktuelt tiltak. Foto: Hardangerfjord villfisklag.

God praksis ved utføring av tiltak i vassdrag

Tiltak i vassdrag må ikkje gi konsekvensar ut over tiltaksområda, eller føre til negative konsekvensar for vassuttak, verneområde, naturtypar eller naturmangfald i vassdraget. Sjekk gjerne naturbase eller artskart for registreringar av sårbare eller truga naturverdiar.

Tiltak i vassdrag bør utførast utanom den sårbare perioden for laksefisk, når egg og yngel ligg i grusen på gyteområda. Dette for å unngå at gyteområda blir tilslamma med finsediment eller anna, som vidare kan føre til at egg og yngel ikkje får oksygen og døyr. Tilrådd periode for å gjennomføre tiltak er difor frå og med midten av juni, til og med september.

Det må ikkje etablerast vandringshinder som kan hindre fisken si frie vandring når ein utfører tiltak.

To gravemaskiner står mot kvarandre over ein bekk. Jobbar med å legge på plass store heller over bekken, ny bru.
Eit typisk vilkår i våre løyve til gjennomføring av tiltak i vassdrag er knytt til når på året tiltaket kan gjennomførast. Perioden etter yngelen har kome opp av grusen og før neste gyting, perioden frå midten av juni til ut september, er beste tida for anadrom fisk. Foto: Hardangerfjord villfisklag.

Er det elvemusling i vassdraget, krev det ekstra aktsemd

Elvemusling er særleg utsett for avrenning til vassdrag, då dei unge muslingane ikkje kjem opp av grusen før etter fem til åtte år. I tillegg kan ikkje dei vaksne elvemuslingane flytte på seg på ein slik måte, at dei kan flykte frå eventuell avrenning til vassdrag.

Når du skal utføre tiltak i nedbørsfelt eller i vassdrag med elvemusling, er det difor særskild viktig med ein plan for avbøtande tiltak, viss det skulle oppstå avrenning av finsediment eller anna.

Du finn ein oversikt over vassdrag med registreringar av elvemusling i Fylkesatlas

Ståande vaksne elvemuslingar tett i tett, gjellene synleg. Står å filtrere.
Vaksne elvemusling kan filtrere opp til 50 liter i døgnet, og bidreg med å rense vatnet. Heile 40 prosent av elvemuslingen i Europa lev i Noreg, og arten er difor ein norsk ansvarsart. Unge elvemuslingar er særs sårbar for tiltak i nedbørsfeltet, då dei lev i grusen i 5-8 år før dei kjem opp. Blir grusen dei ligg i tetta igjen av slam og masser, risikerer dei å døy. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Miljøvenleg erosjonssikring

Når det er naudsynt med erosjosssikring, bør den så langt som råd etablerast som tilbaketrekt sikring. Alternativt bør sikringa utformast med ru steinutlegg, framfor glatt mur og plastring, etter prinsippa for miljøvenleg erosjonssikring i tiltakshandboka for betre fysisk vassmiljø (sjå side 108-115 i NORCE LFI-rapport nr. 296).

Meir miljøvenleg erosjonssikring gjev meir plass til vassdraga, og holrom som gjev skjul til ulike aldersgrupper av fisk. Tiltakshandboka innhald òg beskriving av ulike habitattiltak, løysingar for fiskepassasjer og restaurering av elver og bekker.

Ta vare på den viktige kantvegetasjonen!

Kryssing av vassdrag i samband med utføring av tiltak, eller tiltak i elvekant kan føre til behov for fjerning av kantvegetasjon. Kantvegetasjon er ein viktig del av vassdragsnaturen, og dei økologiske funksjonane til vegetasjonen er verna i vassressurslova. Du kan lese meir om kantvegetasjon her. Der finn du òg søknadsskjema for fjerning av kantvegetasjon.

Liten bekk renn gjennom tett skog. Tre som heng over bekken, velta tre over bekk.
Langs alle vassdrag med årssikker vassføring skal det oppretthaldast eit belte av kantvegetasjon. I dei tilfella deler av kantvegetasjonen må fjernast for å kunne gjennomføre tiltak, skal dette søkjast om til Statsforvaltaren. Foto: Hardangerfjord villfisklag.

Søknadsskjema og vedlegg

Vi har laga eit søknadsskjema du kan nytte når du skal søkje om tiltak i vassdrag til oss eller fylkeskommunen. Du finn skjemaet under lenkjer. 

Søknadsskjemaet innheld blant anna spørsmål om registreringar av naturmangfald og avklaringar etter anna lovverk. Du må ikkje svare ut alt i skjemaet om du ikkje kjennar til det vi spør etter. Er det manglar i søknaden, eller vi har spørsmål om omsøkt tiltak, tar vi kontakt.

Det er viktig å leggje ved bilete av området, oversiktskart av lokalisering av tiltak, og gjerne ei planteikning av tiltak. Er habitatet i vassdraget kartlagd av personar med fiskefagleg kompetanse, eller det er utført andre fiskeundersøkingar, bør rapportane leggjast ved søknaden.

Liten fiskeunge av laks som ligg foran ein stor stein, og oppå grusen i ei elv.
Laks og aure startar livet nede i grusen som rogn, før dei klekker og kjem opp som yngel. I denne perioden er dei sårbare for avrenning og nedslamming av gytegropene. Det vil sei, at finsediment og anna tettar grusen, slik at rogna og yngelen som ligg i grusen risikerer å døy som følgje av oksygenmangel. Tiltak i vassdrag bør difor ikkje skje i perioden oktober til midten av juni. Foto: Norce LFI v/Bjørn Barlaup.

Ved sending av søknad

Sidan søknad om tiltak i vassdrag skal avklarast etter konsesjonsplikt i vassressurslova av NVE, og forskrift om fysiske tiltak i vassdrag av Statsforvaltaren eller fylkeskommunen, bør du sende søknad til både NVE og Statsforvaltaren/fylkeskommunen.

For ei rask avklaring etter aktuelt regelverk, kan det vere lurt å sende søknaden via kommunen. Då vil du òg kunne få avklaring på eventuelle forhold til kulturminne og plan- og bygningslova, i same høve.

Lurer du på noko om tiltak i vassdrag? Ta kontakt med oss

Ved spørsmål om søknad eller tiltak i vassdrag, ta kontakt med Statsforvaltaren for tiltak på anadrom strekning eller fylkeskommunen for tiltak på ikkje-anadrom strekning.

Aktuelt regelverk

Søknad om vassdragstiltak skal avklarast etter konsesjonsplikta i vassressurslova, og forskrift om fysiske tiltak i vassdrag. I tillegg er òg ei rekke andre lovar og forskrifter som kan vere aktuelle:

Vassressurslova

Langs bredda av vassdrag med årssikker vassføring skal det oppretthaldast eit avgrensa naturleg vegetasjonsbelte som motverker avrenning, og gjev levestad for planter og dyr. Kantvegetasjon er viktig natur med mange funksjonar, og har difor eit særskild vern. Statsforvaltaren kan gi dispensasjon frå vernet i § 11 i vassressurslova, i særlege tilfelle.  

Vassforskrifta

Krava til vassmiljø i vassforskrifta seier at du skal unngå å endre tilstanden til ein vassførekomst på ein slik måte at tilstanden til vassførekomsten vert dårlegare, og at du skal ta omsyn til beskytta område. Nye inngrep eller ny aktivitet skal i utgangspunktet ikkje føre til negativ endring av vassførekomstar (endring av klassifisering), eller at miljømåla i vassforskrifta ikkje nås.

Plan- og bygningslova

Alle tiltak må avklarast etter kommunale planar og reguleringsplanar. Tiltak i vassdrag kan krevje byggjesøknad. Tiltak som har fått konsesjon etter vassressurslova er unnateke frå handsaming etter plan- og bygningslova.

Naturmangfaldlova

Forvaltningsmåla i §§ 4 og 5 i naturmangfaldlova gjev føringar til korleis statsforvaltaren utøver sin myndigheit. I tillegg skal prinsippa i §§ 8 til 12 om kunnskapsgrunnlag, føre-var-tilnærming og samla belastning, vere retningsliner når statsforvaltaren tar avgjersler som kan få konsekvensar for naturmangfaldet.

Lakse- og innlandsfiskelova

Føremålet med lova er å sikre at bestandar av laksefisk og deira leveområde blir forvalta i samsvar med naturmangfaldlova.

Forskrift om fysiske tiltak i vassdrag

Det er forbode å setje i verk tiltak i vassdrag som kan føre til fare for reduksjon av produksjonsmogelegheita for fisk eller andre ferskvassorganismar, eller tiltak som kan auke fangst av fisk på staden, eller forskyve fangst av fisk i vassdraget. Statsforvaltaren har ansvar for å handsame søknader om tiltak på anadrom strekning (laks og sjøaure), og fylkeskommunen har ansvar for tiltak oppstraums anadrom strekning (innlandsfisk). Dersom det utførast tiltak i strid med forskrifta, kan statsforvaltaren krevje gjenoppretting av den naturlege tilstanden i vassdraget.

Forureiningslova

Ingen kan iverksette tiltak som kan medføre fare for forureining, jf. § 7 i forureiningslova. Når det er fare for forureining skal den ansvarlege sørge for tiltak som hindrar skade. Oppstår det forureining skal tiltakshavar sørge for tiltak for å stanse, fjerne eller avgrense verknaden.

Anna aktuelt regelverk

I tillegg er det reglar om drift av jordbruksareal og skjøtsel av natur- og kulturlandskap som kan vere aktuelle ved utføring av vassdragstiltak. Sjå nettsak: nydyrking nær elver og bekkar. Eldre bruer, demningar eller liknande, kan vere kulturminne. Du bør difor ta ein utsjekk med kommunen og fylkeskommunen, om tiltaka kan råka kulturminne, og om det kan vere konstruksjonar som er freda i kulturminnelova.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.