Sogndal kommune vert pålagt å gjere tiltak ved Kvernhushaugen

Det er synleg forureina avrenning frå den gamle avfallsplassen på Kvernhushaugen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland

Kommunen har fått pålegg om å utarbeide ein tiltaksplan mot grunnforureining på og ved Kvernhushaugen avfallsplass.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2023, Sist endra 23.03.2023

Målet er at forureininga frå den gamle avfallsplassen ikkje skal utgjere en fare for menneskeleg helse og/eller miljø på kort eller lang sikt. Brevet med pålegg til kommunen ligger vedlagt.

Tiltaksplanen vil konkretisere kva for tiltak som bør gjennomførast for å oppnå akseptabel miljøtilstand. Planen må utarbeidast av firma med god kompetanse for denne typen problemstillingar. På bakgrunn av tilrådingar i tiltaksplanen har Statsforvaltaren varsla at det vil kome krav til tiltak. Statsforvaltaren vil leggje tiltaksplanen til grunn for vedtak om tiltak, men kan også krevje andre eller færre tiltak etter nærare vurdering.

Særleg berørte kan klage innan tre veker

Kommunen og andre som pålegget særleg kan ha følgjer for kan klage på pålegget om å få utarbeidd tiltaksplan innan tre veker frå denne kunngjeringa.

Kvernhushaugen var tidlegare avfallsplass for Sogndal og Lærdal

Kvernhushaugen avfallsplass var i drift fram til 1990 og avfall ble levert frå Sogndal og Lærdal. Det er anslått at det ble deponert 130 000m3 med avfall. 

Flyfoto fra 1987 viser deponiet i drift.
Flyfoto frå www.norgeibilder.no. Bilete til venstre er frå 1987 då deponiet var i drift. Bilete til høgre er frå 2019.

 

Deponiet er i seinare tid dekt til og tilrettelagt med fotballbaner og pumptrack. Klubbhuset til Kaupanger idrettslag (nord for kunstgrasbana) er idag brukt som barnehage.

Tiltak er nødvendig for å redusere forureining

Sogndal kommune fekk i 2021 krav om å utarbeide ei gransking av miljøtilstanden på og ved avfallsdeponiet (sjå brev på høgre side). Ein miljøteknisk rapport frå Norconsult (sjå lenke på høgre side) har konkludert med at det er spreiing av forureining frå det nedlagte deponiet. Rapporten omtalar mellom anna at følgjande tiltak kan vere nødvendige:

  • Etablere avskjerande grøfter ovanfor deponiet.
  • Kontroll og eventuell utbetring av eksisterande overvassystem for å påvise eventuelle manglar (t.d. tette rør, lekkasjar osb.).
  • Etablere eit reinsesystem ved eksisterande «sigevassdam» ved fyllingsfoten i søraust.
  • Etablere eit lufte- og sedimentasjonsbasseng ved eksisterande dam, der hovuddelen av sigevatnet frå deponiet vert samla opp.
  • Etablere eit overvakingsprogram som fangar opp miljøtilstanden i sigevatn og resipient før og etter ferdigstilte reisetiltak, samt sigevassmengder som vert tilført resipienten.
  • Etablere ein ny brønn for å kontrollere djupare grunnvatn i deponiet.
  • Fylle på tildekkingsmassar i nordre del av deponioverflaten for å oppnå jamt toppdekke på minimum 1 meter. Dette gjeld området der det er registrert tunnast lag toppdekke (0,5-0,7 m).
  • Dekke til eller annan fysisk avsperring av sigevassdam ved fyllingsfoten i søraust.
  • Sanere og oppgradere bekken søraust for deponiet. Bekken er i dag tydeleg påverka av botnslam og jarnutfelling, og er visuelt skjemmande i eit område som er i dagleg bruk for idrett og friluftsliv.

 

Dette er ein del av Statsforvaltarens arbeid med FNs berekraftsmål

GOAL_6_TARGET_6.3_0.png

Delmål 6.3: Innan 2030 sørgje for betre vasskvalitet ved å redusere forureining, avskaffe avfallsdumping og mest mogleg avgrense utslepp av farlege kjemikaliar og materiale, halvere prosenten ubehandla spillvatn og i vesentleg grad auke gjenvinning og trygg ombruk på verdsbasis

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.