27 av 32 brannøvingsplassar har brot på miljøregelverket i landsdekkande tilsynsaksjon

Hovuddelen av brota var manglar i miljørisikovurderingar, substitusjonsvurderingar og rutiner. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.01.2023

Resultat frå den landsdekkande aksjonen

Resultata frå den landsdekkande tilsynsaksjonen er samanfatta i ein eigen rapport på Miljødirektoratet sine nettsider. Sjå lenke til høgre.

Brannskum vert rekna som den største enkeltkjelda til PFAS

Perfluorerte stoff (PFAS) er syntetiske stoff som kan finnast i brannskum som vert brukt til å sløkke brann i flytande brennstoff (til dømes oljer, plast og alkohol) og gass. PFAS kan bli spreidd over store område via bekkar, elver og reinseanlegg i samband med brannsløkking. Brannskum vert rekna som den største enkeltkjelda til utslepp av PFAS til ytre miljø, grunna manglande oppsamling og reinsing av sløkkevatn.

Tidlegare undersøkingar har vist at mange aktive og nedlagde brannøvingsplassar er forureina med PFAS.

Ingen ulovleg bruk av PFAS-haldig skum ved undersøkte brannøvingsfelt i Vestland

Statsforvaltaren i Vestland gjennomførte tilsyn med fire kommunale brannvesen og ein privat aktør i den landsdekkande aksjonen.

Her er lenke til nettsaka om tilsynsaksjonen med brannøvingsplassar i haust der vi la ved inspeksjonsrapportane. 

Tilsyna viste at det i dag er generelt lite bruk av skum til brannøving ved dei undersøkte brannøvingsfelta. Ingen av brannøvingsfelta bruker PFAS-haldig skum til sløkking, verken til øving eller ved faktiske hendingar.

Ingen funn av at PFOS eller PFOA er i bruk

Eit positivt resultat frå den landsdekkande tilsynsaksjonen er at det ikkje vart avdekka bruk av brannskum med dei ulovlege stoffa PFOS eller PFOA på nokon av dei kontrollerte brannøvingsplassane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.