Vi tilrår vern av Stad som marint verneområde

Stad er truleg det mest vêrharde kystavsnittet i landet vårt, og eit marint verneområde her vil kunne omfatte vern av sjøbotnen, vassøyla og overflata. Føremålet er å ta vare på eit spesielt kystområde med truga, sjeldan og sårbar natur med eit rikt dyreliv. På biletet framfor barna ser vi Sildegapet med Kråkenes fyr i bakgrunnen.
Stad er truleg det mest vêrharde kystavsnittet i landet vårt, og eit marint verneområde her vil kunne omfatte vern av sjøbotnen, vassøyla og overflata. Føremålet er å ta vare på eit spesielt kystområde med truga, sjeldan og sårbar natur med eit rikt dyreliv. På biletet framfor barna ser vi Sildegapet med Kråkenes fyr i bakgrunnen. Foto: Maria Knagenhjelm.

Stad har store naturverdiar det er viktig å ta vare på for framtidige generasjonar, og det har vore eit unikt lokalt engasjement for å auke omfanget av vernet. Vi tilrår at kystområdet rundt Stad får status som marint verneområde. 

Publisert 30.09.2022

Statsforvaltaren i Vestland har no oppsummert høyringsinnspela til framlegget om å etablere Stad marine verneområde i kommunane Stad og Kinn. Til høgre kan du finne oversendingsbrevet og tilrådinga. Sistnemnte inneheld også framlegg til verneforskrift og kart. 

Verneforslaget omfattar eit sjøareal på ca 166,7 km². Verneplanen var på høyring våren 2022, og vi mottok 20 ulike innspel i denne fasen. Vi har ikkje gjort endringar i kartet etter høyringa, men arealet er 46 % større enn det oppstartsmeldinga la til grunn.

Det er nasjonalt viktig stortareskog i kystavsnittet rundt Stadhalvøya. Tareskogen er eit tredimensjonalt oppvekstområde for ei rekkje marine artar, og eitt av klodens mest produktive økosystem. Visste du at det kan leve opptil 10 000 organismar på ein enkelt tarestilk?
Det er nasjonalt viktig stortareskog i kystavsnittet rundt Stadhalvøya. Tareskogen er eit tredimensjonalt oppvekstområde for ei rekkje marine artar, og eitt av klodens mest produktive økosystem. Visste du at det kan leve opptil 10 000 organismar på ein enkelt tarestilk? Foto: Espen Rekdal.

Marint vern bidreg til å ta vare på norsk natur for framtidige generasjonar

Vi foreslår området verna som marint verneområde i medhald av naturmangfaldlova § 39: Det kan opprettes verneområder i sjø for å beskytte marine verneverdier. Dette omfatter også naturverdier som er økologiske betingelser for landlevende arter.

Marint vern bidreg til at vi tek vare på representative, særeigne, sårbare og truga undersjøiske naturtypar langs kysten og i territorialfarvatnet. Vern av det marine området rundt Stadhalvøya bidreg til å oppfylle nasjonale og internasjonale avtalar.

Under Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) er det eit felles mål å sikre eit effektivt og representativt vern av 10% av verda sine kyst- og havområde innan 2020. I dag er 3,6 % (per 13.09.2022) av det norske sjøarealet innanfor territorialgrensa verna.

Stad marine verneområde vil omfatte vern av sjøbotnen, vassøyla og overflata. Føremålet er å ta vare på eit spesielt kystområde med truga, sjeldan og sårbar natur med eit rikt dyreliv, og som representerer naturtypar av særskilt naturvitskapleg verdi.

Denne korallen er registrert i djupe område i Sildegapet på Stad. Den heiter glas(s)korall, augne-/auge- eller øyekorall, men er også kjent som Lophelia pertusa. Den  er nær truga  (NT) på den norske raudlista, fordi den berre veks 1 mm i året og er lett å øydeleggje om det kjem ein botntrål forbi.
Denne korallen er registrert i djupe område i Sildegapet på Stad. Den heiter glas(s)korall, augne-/auge- eller øyekorall, men er også kjent som Lophelia pertusa. Den er nær truga (NT) på den norske raudlista, fordi den berre veks 1 mm i året og er lett å øydeleggje om det kjem ein botntrål forbi. Foto: Erling Svensen.

Ei kraftig utviding av verneområdet grunna sterkt lokalt engasjement

Innspela til oppstartsmelding og høyring for Stad er i hovudsak fokusert på taretråling og i mindre grad andre tema. Vi utvida kandidatområdet med 46 % etter oppstartsmeldinga etter stort lokalt engasjement. Utvidinga inkluderer stortareskog av nasjonal verdi og korallrev i Sildegapet.

Vi tilrår forbod mot taretråling i det marine verneområdet vest for Stålet og ned mot Liset. Vi tilrår å opne for taretråling i samsvar med det marin verneplan frå 2003/04 foreslår, aust for Stålet og ned mot naturreservatet Tungevågen.

Vi ser at det er eit stort lokalt engasjement mot taretråling også aust for Stålet. Stad kommune og fleire (sjå alle innspela i dokumentet til høgre) er tydelege i sine innspel om å også beskytte tareskogen mot tråling aust for Stålet fordi det er eit viktig oppvekstområde for fisk og fordi lokalbefolkninga erfarer negative effektar av taretrålingsaktiviteten.

Marint vern grip ikkje inn i eigedomsrett, busetjingsmønster, næringsverksemd eller samfunnsutvikling på land, men aktivitet i tilgrensande område kan gje indirekte effektar på marine område ved t.d. utslepp. 

I framlegget til verneforskrift opnar vi for at pågåande aktivetar i hovudsak kan førast vidare i kandidatområdet. Unntaket er bruk av taretråling og bruk av botntrål som kan skade livet på og over sjøbotnen. Det same vil ankring kunne gjere, særleg der botn er fast og hard og er påvekstmedium for korallar og andre fastsitjande organismar.

Hoddevik ligg inne i utvalte kulturlandskap (UKL), mellom anna fordi området er rikt på landskapsverdiar og kulturminne. Det er eit populært rekreasjonsområde og langs strandlinja er det i kommuneplanen avsatt areal til spesialområde friluftsliv. Grensa for det marine verneområdet vil gå på to meter under sjøkartnull (sjøkartnull er gjennomsnittleg lågvatn/fjøre)
Hoddevik ligg inne i utvalte kulturlandskap (UKL), mellom anna fordi området er rikt på landskapsverdiar og kulturminne. Det er eit populært rekreasjonsområde og langs strandlinja er det i kommuneplanen avsatt areal til spesialområde friluftsliv. Grensa for det marine verneområdet vil gå på to meter under sjøkartnull (sjøkartnull er gjennomsnittleg lågvatn/fjøre) Foto: Maria Knagenhjelm.

Eit unikt dilemma, etter vår erfaring

Statsforvaltaren ser verdien av å ha eit marint verneområde heilt utan taretråling og vern av naturmangfaldet på sjøbotnen. Kandidatområdet er likevel utvida kraftig sidan oppstarten, og vi har såleis bandlagt store areal frå tarehausting. Dilemmaet er også at andre taretrålingsfelt kanskje vil bli hardare hausta, jf. innspel frå Fiskeridirektoratet, dersom store areal blir bandlagt. Med eit haustingsområde innanfor det marine verneområdet kan vi overvake og skaffe meir kunnskap om korleis haustinga påverkar botnen og økosystemet. Med ein vernestatus vil vi lettare kunne framskaffe slike overvakingsdata.

Vi prioriterer å verne områda i sør grunna nasjonale verneverdiar med stortareskog og korallrev.

Det er sjeldan lokale stemmer ønskjer større og sterkare vern. Dersom Miljødirektoratet vurderer det best med ei ny, avgrensa høyring av eventuelle restriksjonar mot taretråling aust for Stålet, vil vi kunne leggje til rette for det. 

Store naturverdiar under overflata

Farvatnet er delvis grunt, og har særeigne bølgjetilhøve på noko av den mest vêrharde kysten i Noreg. Det er nokre skjer i området, elles er  farvatnet reint med ein sjøbotn som skrånar langsamt utover frå land. Kandidatområdet utgjer den inste delen av kontinentalsokkelen kring Stad,  der dei mest landnære areala har ei djupne < 50 meter, og ytst mot storhavet er djupna kring 200 meter. Sør for Stadlandet inkluderer området ei aust-vestleg djupvassrenne frå Djupeskallen og inn på nordsida av Sildegapet. Dei sentrale delane av renna er ned mot 300 meter djup. Langs nordsida av renna er det ei bratt skråning og på sørsida av renna er det mange små rygger og åsar. På temasida vår om Stad kandidatområde for marint vern ligg dei biologiske kartleggingane for vidare lesing. 

I kandidatområdet er det fleire hamner, bryggjer og moloar i bruk, med naust og båtstøer i tilgrensande område. Drift og vedlikehald er lov for eksisterande anlegg og innretningar, jamfør framlegget til verneforskrift.  Biletet er frå Honningsvågen, der vernegrensa går langs utsida av moloen.
I kandidatområdet er det fleire hamner, bryggjer og moloar i bruk, med naust og båtstøer i tilgrensande område. Drift og vedlikehald er lov for eksisterande anlegg og innretningar, jamfør framlegget til verneforskrift. Biletet er frå Honningsvågen, der vernegrensa går langs utsida av moloen. Foto: Maria Knagenhjelm.

Området kring Stad inneheld også førekomstar av sokne torvmyrar. Dette er eit element som er spesielt og sjeldsynt i Noreg, sidan dette er eit av dei få kystavsnitta der havet har trengt inn over land etter den siste istida.

Stad kandidatområde for marint vern har naturkvalitetar som er å rekne som verdfulle i nasjonal og dels internasjonal samanheng. Området dekkjer viktige element i den nasjonale marine verneplanen som har hovudfokus på representativitet.

Det er ingen tvil om at norskekysten har store internasjonale naturfaglege kvalitetar, og Stad medverkar i høg grad til å understreke dette.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.